// Get post type (debug)
echo get_post_type( get_the_ID() ); ?>
Antarktistraktaten
I 1959 utarbeida og vedtok dei 12 landa som hadde vært aktivt med i Antarktisforskinga i forbindelse med det internasjonale geofysiske året i 1957–58 (Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Japan, New Zealand, Noreg, Sør-Afrika, Sovjetunionen, Storbritannia og USA) ein Antarktistraktat som eit overordna internasjonalt rammeverk for forvaltinga av Antarktis.Traktaten trådde i kraft 23. juni 1961, og alle land som er medlem av FN kan tiltre. Samarbeidet innafor rammene av traktaten har vore vellukka. Det har skjerma Antarktis frå endringer i ein periode då det internasjonale politiske klimaet til tider har vore ustabilt, det har bana vegen for eit eineståande internasjonalt vitskapeleg samarbeid, og det har lagt grunnlaget for eit globalt samarbeid for å verje eit sårbart miljø.Les meir om Antarktistraktaten