Antarktisforskrifta gjeld for all norsk aktivitet i Antarktis. Alle som kjem inn under denne forskrifta må så tidleg som mogleg, og seinast eit år før oppstart, sende melding til Norsk Polarinstitutt om den planlagde aktiviteten.

Miljøprotokollen til Antarktistraktaten er tatt inn i norsk rett i forskrift om miljøvern og sikkerhet i Antarktis og skal sikre at norsk aktivitet i Antarktis er i overensstemmelse med Miljøprotokollen.

Norsk Polarinstitutt er gitt myndighet til å følgje opp forskrifta.

Brot på Antarktisforskrifta kan straffast med bøter, fengsel inntil eit år eller begge delar.

Formalitetar

Kven skal levere melding?

Både private ekspedisjonar, forskningsprosjekter og aktivitet arrangert av turoperatørar er omfatta av forskrifta og skal levere melding.

Det er ikkje krav om melding om du

  • deltar i ein ekspedisjon som er organisert ut frå eit anna land, og som har fått nødvendige løyve frå dette landet
  • deltar i organisert cruise eller anna arrangement der turoperatøren melder inn aktiviteten på vegner av deltakarane og opptrer som aktivitetsansvarleg

Deltakaren er ansvarleg for å sjekke at dei nødvendige løyva for aktiviteten ligg føre, og for å sjekke at han/ho er dekt av desse løyva.

Kvar og når må du sende melding?

Tidsfrist for innsending: seinast eit år før oppstart av aktivitet.

Du kan bruke skjema frå Norsk Polarinstitutt eller lage ei eiga melding som fyller krava. Melding og sluttrapport kan sendast pr. post eller e-post.

postmottak@npolar.no

eller

Norsk Polarinstitutt
Framsenteret
Postboks 6606 Stakkevollan
9296 Tromsø

Krav om sluttrapport

Eit av vilkåra for å drive aktivitet i Antarktis er at det blir levert ein sluttrapport. Dette kravet er nedfelt i Antarktisforskrifta. Sluttrapporten skal bidra til at Norsk Polarinstitutt får kunnskap om eventuelle avvik eller hendingar og erfaringar frå dei ulike ekspedisjonane. Sluttrapporten er òg med på å bidra til at Noreg gjer pliktene sine etter Antarktistraktaten ved å halde oversikt over all norsk aktivitet i Antarktis.

Skjema: melding, forsikring og sluttrapport

Meldingsskjemaet kan brukast til å sende inn melding uansett kva type aktivitet det er snakk om. Dersom skjemaet blir for lite til å beskrive ekspedisjonen, kan det brukast som rettleiing for innhaldet i meldinga.

For aktivitetar som ikkje passar til å meldast inn med skjemaet, må ein lage ei eiga melding og ei konsekvensvurdering. I slike tilfelle bør dei ansvarlege kontakte Norsk Polarinstitutt på førehand for å få nærmare rettleiing.

Last ned skjema (bokmål)

Personvernerklæring

Norsk Polarinstitutt er myndighetsutøver etter forskrift om miljøvern og sikkerhet i Antarktis og etter verneforskriftene som gjelder for Bouvetøya naturreservat. I forbindelse med saksbehandlingen etter disse forskriftene behandler vi personopplysninger.

Krav til innhald i meldinga

Alle meldingar – både meldingar som gjeld forskingsaktivitet, og meldingar som gjeld private aktivitetar – skal innehalde

Miljøkonsekvensvurdering

Alle meldingar må innehalde ei foreløpig vurdering av konsekvensane for miljøet (foreløpig konsekvensvurdering) for å sikre at aktiviteten blir planlagd og gjennomført med minst mogleg påverknad på miljøet i Antarktis.

  • Ved mindre omfattande aktivitetar som ski-, klatre- og segleekspedisjonar må ein normalt berre fylle ut meldingsskjemaet for å oppfylle krava om foreløpig konsekvensvurdering.
  • Større/tyngre aktivitetar krev ei meir utfyllande foreløpig konsekvensvurdering. I slike tilfelle kan Norsk Polarinstitutt rettleie.
  • Aktivitetar som kan gi meir enn svært liten eller kortvarig verknad på miljøet, krev ei meir fullstendig vurdering (fullstendig konsekvensvurdering).

Ta kontakt med Polarinstituttet dersom du ønskjer utfyllande informasjon.

Beredskapsplanar og forsikring for liv og helse

Den som planlegg aktivitet i eller besøk til Antarktis, må kunne dokumentere at det finst gode nok beredskapsplanar og ‑ordningar. Planane må dekkje desse områda:

  • Helse og tryggleik. Planane bør basere seg på ein risikoanalyse av moglege scenario.
  • Søk og redning (SAR), inkludert evakuering ut av Antarktis. SAR-planen må beskrivast i detalj i aktivitetsmeldinga.
  • Medisinsk behandling og evakuering, inkludert evakuering ut av Antarktis. Planane bør basere seg på ein risikoanalyse av moglege scenario.

Dersom slike planar på nokon måte krev støtte frå andre, skal det visast fram signerte avtalar om det.

Når det gjeld aktivitet på sjøen, er det ikkje nok å basere seg på annan tilfeldig trafikk i området. Aktuelle tiltak kan vere varsling av hovudredningssentralen for området ein ferdast i og regelmessig oppdatering av posisjonar til aktuell hovudredningssentral. Det kan også vera på si plass å gjera avtalar med andre fartøy ein veit om i same området. International Maritime Organization (IMO) har laga ei rettleiing for passasjerskip som opererer langt frå offisielle søk- og redningstenester.

Forsikring eller garanti

Den som er ansvarleg for aktiviteten, må sørgje for å ha god nok forsikring eller stille likeverdig garanti for alle typar utgifter som andre får i samband med søk, redningsaksjonar eller sjuketransportar som må gjennomførast i tilknyting til aktiviteten. Norsk Polarinstitutt fastset forsikringssummen ut frå informasjon og detaljar om den enkelte aktiviteten.

Ved aktivitetar som berre går for seg i sjø, seier avtalar og regelverk som gjeld til havs (sjøloven § 135 og konvensjon om ettersøking og redning til sjøs) at alle skip har plikt til å yte nødvendig hjelp til den som er i havsnød eller er trua av fare til sjøs, og at det derfor ikkje er normalt å skrive ut søk- og redningsforsikring for sjøbasert aktivitet.

Forsikringa som krevst for søk, redning og sjuketransport, skal i desse tilfella dekkje utgifter til søk og redning som blir sett i verk i samband med opphald/aktivitet på land, og eventuelle utgifter som andre blir påført i samband med sjuketransport som kan utløysast både under seglturar og ved landbasert aktivitet.

Norsk Polarinstitutt har utarbeidd ein eigen rettleiar knytt til forsikringsplikta for søk, redning og sjuketransport. Denne rår vi alle til å bruke når aktiviteten skal planleggjast.

Forsikringa skal vere bekrefta og dokumentert før ein gjennomfører aktiviteten.

Dokumentasjon av erfaring og utstyr

Dei som planlegg aktivitet i eller besøk til Antarktis, må òg kunne dokumentere følgjande, gjerne som del av meldinga:

  • Deltakarane skal kunne vise til god nok erfaring med operasjonar i polare område (eller tilsvarande). Erfaringa må vere relevant for den aktuelle aktiviteten og kan t.d. vere
    • overlevingskurs for kalde/fjerne område
    • flyging
    • segling
    • bruk av andre framkomstmiddel over tilsvarande avstandar
  • Alt utstyr, inklusive klede, kommunikasjonsutstyr, navigasjonsutstyr, førstehjelpsutstyr og logistikkutstyr, skal vere i god stand. Ekspedisjonen skal ha nok reservedelar. Utstyret må fungere effektivt under forhold som i Antarktis.
  • Alle deltakarane skal kunne bruke utstyret.
  • Alle deltakarane skal vere medisinsk, fysisk og psykisk i stand til å gjennomføre aktiviteten i Antarktis.
  • Minst éin deltakar må kunne avansert førstehjelp. Så lenge aktiviteten varer, skal det alltid vere nok førstehjelpsutstyr tilgjengeleg.

For sjøbasert aktivitet

Landa under Antarktistraktaten har saman utarbeidd ei sjekkliste for dei som planlegg ekspedisjonar med fritidsfartøy.

For fartøy som kjem inn under IMOs Polar Code, vil relevant sertifisering etter denne normalt vere tilstrekkeleg.

For meir omfattande aktivitetar som involverer fartøy, køyretøy, transport eller lagring av drivstoff o.a., eller som på andre måtar kan føre til akutt forureining, gjeld visse tilleggskrav. For slike aktivitetar må meldinga også innehalde

Beredskapsplanar og forsikring for akutt forureining

Dersom aktiviteten som blir planlagd, er av eit slikt omfang eller ein slik art at han, dersom det oppstår ei ulykke, kan føre til betydeleg og skadeleg innverknad på miljøet i Antarktis (akutt forureining), må ein ha nødvendig utstyr, kompetanse og beredskapsplanar for å handtere det. I tillegg må ein ha forsikring som dekkjer kostnadene i samband med tiltak ved akutt forureining.

Beredskapsplanane skal leggjast ved meldinga og skal mellom anna innehalde

  • rutinar for varsling av akutt forureining
  • rutinar for å vurdere omfanget av akutt forureining og planar for mottiltak
  • oversikt over tilgjengelege ressursar og korleis desse kan mobiliserast
  • rutinar for dokumentasjon og opplæring

I mange tilfelle har den aktivitetsansvarlege, til dømes ein cruiseoperatør, beredskapsplanar allereie. Då er det nok å leggje fram dei eksisterande planane og dokumenta.

Forsikring eller garanti

Den aktivitetsansvarlige må ha forsikring, eller så må han stille ein annan garanti for det erstatningsansvaret ein kan dra på seg dersom aktiviteten har forårsaka akutt forureining og det ikkje blei sett inn tiltak for å motverke forureininga.

Kapittel 7 i forskrifta regulerer ansvar ved akutt forureining og krev ei tiltaksplikt for å motverke akutt miljøskade når dette, eller fare for dette, har oppstått i samanheng med aktiviteten. Dersom det ikkje blir sett inn tiltak, vil ein kunne bli økonomisk ansvarleg.

Forsikringsdekninga/erstatningsbeløpet har eit øvre tak som er nedfelt i forskrifta § 31, og som varierer etter kva kategori aktiviteten høyrer til.

Mange operatørar har alt ei ansvarsforsikring knytt til verksemda si som tilfredsstiller dette forsikringskravet. Særleg gjeld det skipsbaserte operatørar. Då er det nok å vise fram dokumentasjon på eksisterande forsikringsordningar.

Vi tilrår å ta kontakt med Norsk Polarinstitutt for å få meir rettleiing dersom aktiviteten er av ein slik art at han kan medføre akutt forureining.

Spesielle krav og omsyn

For somme typar aktivitetar eller stader gjeld særskilde krav,  det kan då bli naudsynt med eigen søknad.

Verneområde og retningslinjer for spesifikke stader

Reisande til Antarktis pliktar å gjere seg kjende med spesielt verna område, kulturminne eller historiske stader og følgje reglane som gjeld for det enkelte området.

Dersom ein skal gå inn i eller engasjere seg i aktivitet innanfor spesielle verneområde (Antarctic Specially Protected Areas – ASPA), må ein ha særskilt løyve frå Norsk Polarinstitutt. Løyvet vil innehalde vilkåra for opphaldet. Innehavaren av løyvet pliktar å alltid ha med seg ein kopi av dette under opphaldet i verneområdet.

Den som skal inn i eit spesielt forvaltingsområde (Antarctic Specially Managed Areas – ASMA), må rette seg etter dei vedtekne reglane for området. Desse finst i eigne forvaltingsplanar, som Norsk Polarinstitutt kan skaffe.

Det er forbode å skade, fjerne eller øydeleggje historiske stader og kulturminne (Historic Sites and Monuments – HSM) som er registrerte i samsvar med Antarktistraktaten.

Partane til Antarktistraktaten har vedteke eit sett med retningslinjer for besøk til utvalde lokalitetar i Antarktis. Den som planlegg å besøkje ein slik lokalitet, må gjere seg kjend med retningslinjene for lokaliteten og følgje dei.

Oversikter over områder og stader:

Vern av flora og fauna

Floraen og faunaen i Antarktis er svært sårbar og er derfor freda. Det vil seie at det er forbode å samle inn eller på annan måte forårsake skadeleg påverknad på plantar og dyr.

Skadeleg påverknad på plantar og dyr kan mellom anna omfatte

  • helikopter, dronar eller andre luftfartøy som flyg eller landar på ein måte som forstyrrar konsentrasjonar av fugl og sel
  • bruk av køyretøy eller skip, inkludert luftputefartøy og mindre båtar, på ein slik måte at det forstyrrar konsentrasjonar av fugl og sel
  • bruk av sprengstoff eller våpen på ein slik måte at det forstyrrar fugl og sel
  • bevisst forstyrring av hekkande eller fjørfellande fuglar eller konsentrasjonar av fugl og sel som følgje av personar som ferdast til fots
  • vesentleg skade på konsentrasjonar av naturleg førekommande landplantar som følgje av landing med luftfartøy, køyring med køyretøy eller trakking, eller på annan måte
  • all verksemd som resulterer i ei vesentleg skadeleg endring av habitata til alle artar eller bestandar av naturleg førekommande sjøpattedyr, fuglar, plantar eller virvellause dyr

Forbod mot innførsel av framande arter

Forskrifta forbyr innførsel av planter og dyr. Forbodet omfattar òg hundar.

Merk at innførsel av framande arter kan skje utilsikta, til dømes via klede, sko eller anna utrusting/materiell. Utrustingar som er brukt andre stader må derfor desinfiserast før ein tek det med til  Antarktis. Faren for utilsikta innførsel av framande arter er særleg stor dersom ein nyttar utrustning som tidlegare er brukt i arktiske strøk. Dette fordi her finst organismar som lettare vil kunna etablere seg i Antarktis. Meir om framande arter og tiltak for å avgrense utilsikta innførsel:

Forbod mot utvinning av mineralressurser

All aktivitet med mineralressurser er forbode.

Forbod mot å etterlate avfall

Antarktisforskrifta krev at alle fraktar avfall ut av Antarktis etter at aktiviteten er avslutta. Det er totalforbod mot å etterlate avfall i Antarktis.

Norsk Polarinstitutt kan likevel gi dispensasjon dersom det dreier seg om svært små mengder avfall med avgrensa miljøpåverknad, til dømes kloakkavfall på mindre skiekspedisjonar. Det krev særskilt løyve.

Ein kan brenne avfall dersom ein gjer det i ein spesielt tilpassa forbrenningsomn utan miljøskadelege utslepp, men det må dokumenterast særskilt. Dersom avfall skal lagrast og hentast seinare, stiller det særleg strenge krav til oppbevaringa, slik at all spreiing  eller utslipp blir hindra.

For avfall frå fritidsfartøy og skip gjeld forskrift 30. mai 2012 nr. 488 om miljømessig sikkerhet for skip og flyttbare innretninger.