Formalisert samarbeid mellom Kartverket og Norsk Polarinstitutt skal framme meirverdi av kunnskaps- og kartproduksjonen til etatane.
Kartverket og Norsk Polarinstitutt er begge statlege forvaltingsorgan som er underlagt høvesvis Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.
Institusjonane har samarbeidd i ei årrekkje, men først no formaliserar dei dette. Målet er at ein samarbeidsavtale skal bidra til at oppgåver blir løyste på ein mest mogleg effektiv måte.
I avtalen blir det lagd til rette for utveksling av metodar, instrument og data. Heilt sentralt står fagleg prosjektsamarbeid med rådgiving, dataforvaltning, forsking, logistikk og formidling innanfor kompetanse- og ansvarsområda til etatane.
Partnarane skal òg danna eit samarbeidsutval. Som ei forlenging av samarbeidet skal det lagast underavtalar om utvalde delar av etatsverksemda, f. eks.:
- Samarbeid i tilknyting til forskings- og kartleggingsprosjekt i dei norske polarområda
- Samarbeid med omsyn til logistikk og bruk av instrument og utstyr
- Samarbeid og arbeidsdeling vedrørande rådgivingsfunksjonen
Om institusjonane
Kartverket:
- Leverar landsdekkande geografisk informasjon og tenester for private og offentlege brukarar
- Bistår departementet med fagleg kunnskap innanfor kart og geodata.
- Hovudmålet: Sørga for at «Effektiv tilgang til oppdatert kart og eigedomsinformasjon skal gi grunnlag for verdiskaping og utvikling».
- Nasjonal geodata- koordinator som inneber samordning av den nasjonale geografiske infrastrukturen gjennom Noreg digitalt-samarbeidet.
- Kartverket er òg kart-, tinglysing-, stadnamn-, sentral matrikkel- og sjøkartmynde og ansvarleg for det nasjonale geodetiske stadsfestingsgrunnlaget.
Norsk Polarinstitutt:
- Verksemd i polarområda.
- Den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsrettet forsking i Arktis og Antarktis.
- Noregs hovudprodusent av topografiske og geologiske kart som dekker Svalbards landområde, Jan Mayen, Antarktis og Bouvetøya.
- Polarinstituttet driv forskingsbasar, gjennomfører ekspedisjonar og er eigar av forskingsfartøyet «Kronprins Haakon».