Av over 1000 innspel til styremedlemmer er Arild Sundfjord ein av 115 som no tek på seg det viktige forskingsvervet.
Forskningsrådet sat nyleg saman nye porteføljestyre innanfor ti ulike område som skal verka frå 1. januar 2024. Dei 115 medlemmene som inngår i styra representerer ei stor breidd av fagleg og strategisk kompetanse, institusjonar, sektorar og erfaring frå alle delar av forskings- og innovasjonssystemet.
Havforskar og programleigar for Polhavet, Arild Sundfjord frå Norsk Polarinstitutt, er utnemnd som styremedlem av portefølje for klima og miljø.
Tildelar midlar
Direktør ved polarinstituttet, Camilla Brekke, understrekar at porteføljestyra har ei svært viktig rolle, der dei mellom anna skal ta avgjerder om Forskningsrådets tildeling av midlar innan ansvarsområdet sitt.
– Eg vil på det varmaste gratulera Arild Sundfjord med personleg utnemning som medlem av porteføljestyret for klima og miljø. Arild er ein dyktig fagperson, som eg kjenner meg tygg på at vil gjera ein solid innsats også i denne samanhengen, seier Brekke.
Brekke takkar samtidig dei avtroppande porteføljestyremedlemmene for innsatsen, der iblant assisterande direktør/avdelingsdirektør Ellen Øseth ved Norsk Polarinstitutt.
Tverrfagleg forsking på klima- og miljø
Sundfjord ser fram til å få bidra i porteføljestyret. Han fortel at han vil jobba for å fremja heilskapleg tverrfagleg forsking på klima- og miljøområdet, og gi råd om framtidige satsingar og avgjerder om tildelingar. Under dette vil også polare tema vektast.
– Eg vil jobba for at dei polare problemstillingane blir godt varetekne – og samtidig få høve til å læra meir om andre sentrale felt innanfor det breie klima- og miljøfeltet.
Porteføljestyra har ansvaret for å følgja med på trendar og status innanfor porteføljeområda sine. Dei har i tillegg ansvaret for utviklinga av portefølja «si». Dei skal gi faglege råd til Forskingsrådets styre og administrasjon og bidra til å setje i gang forskings- og innovasjonspolitikken innanfor ansvarsområda sine.
Med dei midla dei har til rådvelde, skal porteføljestyra lysa ut og investera i dei beste prosjekta innanfor sitt porteføljeområde. Dei skal også bidra til internasjonalisering i portefølja si, mellom anna gjennom å ta del i internasjonale utlysingar og mobilisera til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
Porteføljestyra har vanlegvis ti–tolv medlemmar som blir oppnemnde for fire år av gongen.
Porteføljestyra til Forskningsrådet
- 16 porteføljestyre som kvar for seg og saman skal bidra til å nå måla i strategien.
- Porteføljestyra har ansvaret for å følgje med på trendar og status innanfor porteføljeområda sine.
- Dei har i tillegg ansvaret for utviklinga av portefølja «si».
- Dei skal gi faglege råd til Forskningsrådets styre og administrasjon og bidra til å setje i gang forskings- og innovasjonspolitikken innanfor ansvarsområda sine.
- Med dei midla dei har til rådighet, skal porteføljestyra lyse ut og investere i dei beste prosjekta innanfor sitt porteføljeområde. Dei skal også bidra til internasjonalisering i portefølja si, mellom anna gjennom å ta del i internasjonale utlysingar og mobilisere til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
Kjelde: Forskningsrådets nettside