Plakatutstilling om Arven etter Nansen-prosjektet blir vist i Lysgården på Framsenteret.
Det fleirårige klimaforskingsprosjektet Arven etter Nansen er i sluttspurten. Høgdepunkt frå forskinga blei presentert under ein konferanse i Tromsø i haust. Samstundes vart det vist fram plakatar som beskreiv ulike resultat frå prosjektet. No kan alle ta plakatane i augnesyn i Lysgården på Framsenteret.
Plakatane er laga av Frida Anneke Cnossen frå UiT Noregs arktiske universitet.
Vil du vita meir om Arven etter Nansen ? Då kan du lese nettsaka som vart laga etter sluttkonferansen.
Arven etter Nansen (2017-2024)
- Studerar klimaet i fortid, notida og framtid, og økosystem i det nordlege Barentshavet.
- Samlar om lag 280 forskarar, studentar og teknikarar frå ti norske forskingsinstitusjonar.
- Inkluderar tverrfagleg arktisk marin ekspertise innanfor fysisk, kjemisk og biologisk oseanografi, så vel som geologar, modellørar og ingeniørar.
- Det norske forskingsskipet og isbrytaren “Kronprins Haakon” er hovudplattform for forskinga.
- Skipsbasert datainnsamling er supplert med observasjonar frå undervassrobotar, observasjonar via bøyer i vatnet, og frå satellittar i verdsrommet. I tillegg blir ulike modellverktøy brukt.
- Arven etter Nansen har meir enn 70 unge forskarar som er tidleg i karrieren, som bidreg til ein ny generasjon av arktiske forskingsleiarar med ein heilskapleg måte å tenkje på.
- Finansiert femti prosent av Norges forskingsråd og Kunnskapsdepartementet. Deltakande institusjonar dekkjer femti prosent som eigeninnsats.
- Totalbudsjettet er på 740 millionar norske kroner.