Den norske historiske foreining (HIFO) har tildelt Sverre Steen-prisen 2025 til historikaren Harald Dag Jølle for hans framifrå formidling av historie gjennom mange år.

Sverre Steen-prisen vert rekna som den mest prestisjetunge prisen for historikarar i Noreg, og vert delt ut til personar som har utmerkt seg særleg innan historisk formidling.

Jølle seier at det var svært gledeleg å få denne prisen.

– Eg har prioritert formidling i mitt arbeid som historikar – og då er det sjølvsagt stor stas med ei slik anerkjenning frå fagmiljøet.

EIT MODERNE POLAREVENTYR Harald Dag Jølle rapporterer frå felt under ekspedisjonen i Nordvestpassasjen saman med Vegard Ulvang og Jan Fasting. Dei følgde spora etter nokre av polarhistoria sine største namn ved hjelp av skisegl, eller kite, frå Cambridge Bay til Gjøahamn, via Victoria Land. Foto: Jan Fasting 

Historikar med polar som spesialfelt

Harald Dag Jølle arbeider som historikar ved Norsk Polarinstitutt, med polarhistorie som sitt fagfelt. Han har skrive fleire bøker, og har i tillegg nådd eit breitt publikum gjennom ulike satsingar, mellom anna gjennom NRK-dokumentarar.

SANKAR HISTORIER Harald Dag Jølle intervjua læraren og historikaren Louie Kamookak i Gjøahamn på ferda i Nordvestpassasjen. Kamookak hadde gjort det til livsprosjektet sitt å kartleggje kva den munnlege inuitt-tradisjonen fortalde om Franklin-mysteriet. Foto: Vegard Ulvang 

Juryen skiv i si grunngjeving at Jølle meistrar fleire sjangrar og « bidrar til en større forståelse av Norges rolle som polarnasjon og norsk aktivitet i Arktis og Antarktis».

Sidan 2004 har han publisert viktige bidrag til norsk historie generelt, og polarhistorie spesielt. Han var medredaktør for storverket Norsk polarhistorie (tre bind, 2004), og har seinare skrive to sentrale bøker om Fridtjof Nansen: Nansen. Oppdageren (2011) og Nansen. Utfordreren (2020). I år ga han ut boka Ytterst i verda – på jakt etter ein polarkultur, kor han teiknar eit bilete av ei polarnatur i endring og drøftar om det framleis er rett å snakke om ein norsk polarkultur.

POLAR BOKKAFÉ Jølle har i mange år leia Polar bokkafe i biblioteket ved Polarinstituttet. Tidlegare rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Anne Husebekk, er ein av mange som har presentert bøker på bokkafeen. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Ein formidlar med breidde

Jølle har òg markert seg som ein framifrå populærvitskapleg formidlar. Han har skrive artiklar i tidsskrift, aviser og magasin, og har i fleire år vore fast spaltist i avisa Dag og Tid om polarhistorie og friluftsliv. Han bidreg til nettstaden polarhistorie.no, og i 2024 skreiv han manuset til teaterstykket Porten til ishavet, saman med Ketil Høegh, som var satt opp på Hålogaland Teater.

FYRER LØYS Jølle fekk hyre som feltassistent for marinbiologane Christian Lydersen og Kit Kovacs då dei merkte og tok prøvar av kval i Framstredet. Foto: Harald Dag Jølle / Norsk Polarinstitutt 

Vidare har han i mange år leia  «Polar bokkafé», der bøker frå Polarinstituttet sitt bibliotek blir presenterte for publikum.

Gjennom sitt store engasjement, breie register og formidling på mange ulike plattformer har Harald Dag Jølle nådd ut til eit breitt publikum og lyfta fram viktige sider av norsk historie. Han vert av HIFO omtala som ein særs verdig vinnar av Sverre Steen-prisen 2025.

Les meir om prisen og grunngjevinga på hifo.no.

BOKLANSERING Anders Bache, fagkonsulent ved Roald Amundsens heim Uranienborg, stod for bokbadinga av Jølle under lanseringa av «Ytterst i verda – på jakt etter ein polarkultur».
Foto: Berit Munkeby