Ei fersk rangering frå forskingsportalen Research.com plasserar norske forskarar i det internasjonale toppsjiktet. Norsk Polarinstitutt markerer seg med namn i fleire kategoriar.

Det er eit breitt fagfelt som forskarar frå Polarinstituttet representerer på lista, mellom anna studiar av pattedyr som fjellrev på Svalbard. Foto: Vegard Stürzinger/ Norsk Polarinstitutt
Brei deltaking
I kategorien geovitskap er 119 norske forskarar med på lista, åtte av dei frå Polarinstituttet. Innan økologi og evolusjon er 130 norske forskarar oppførte, og instituttet har òg åtte namn her. I tillegg er ein forskar frå Polarinstituttet rangert i klima- og miljøvitskap og ein i biologi/biokjemi.
– Det er svært gledeleg at forskarane våre er godt representerte og hevder seg i rangeringa. Det viser at vi publiserer godt, og at artiklane blir lesne og siterte, seier forskingsdirektør Harald Steen ved Norsk Polarinstitutt.
Han understrekar samstundes at slike rangeringar ikkje åleine kan måle kvalitet.
– Dei vektlegg ulike sider ved forskinga og kan ikkje brukast som einaste målestokk.

Forskningsdirektør Harald Steen er glad for at mange tilsette hamnar på topplista over verdas beste forskarar, men understrekar at slike rangeringar ikkje åleine måler kvalitet. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt
Stadfesting av posisjon
Seksjonsleiar og seniorforskar Hallvard Strøm, som sjølv er med på ein av listane, meiner rangeringa viser at Noreg står sterkt internasjonalt.
– Særleg innan forsking på natur, klima og økosystem har vi ei sentral rolle. For oss her ved instituttet er dette ei stadfesting på at polarforsking bidreg til å setje landet på kartet.
Han peikar òg på at resultata kjem av eit breitt lagarbeid.
– Dette er eit resultat av målretta innsats frå den einskilde, men minst like viktig er bidraget frå studentar, teknikarar, ingeniørar – og eit heilt institutt som legg grunnlaget for forskingsproduksjonen.

Topplisteplasseringa er resultat av både den einskildes arbeid og innsatsen frå studentar, teknikarar, ingeniørar og heile instituttet, understrekar seniorforskar og seksjonsleiar Hallvard Strøm. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt
Nøktern tilnærming
Sjøfuglforskar Sébastien Descamps, som er rangert innan økologi og evolusjon, tek plasseringa med ro.
– For å vere ærleg er eg glad for å sjå dette – det er alltid godt for egoet. Men vi bør ikkje leggje for mykje vekt på det. Dette er éin måte å klassifisere forsking på, og det seier ikkje alt om kvalitet.
– Men dersom det bidreg til å synleggjere arbeidet vårt, er det positivt.
Descamps forskar særleg på korleis klimaendringar påverkar sjøfuglbestandane på Svalbard.
– Atlantifiseringa av Arktis og endringane i sjøfuglsamfunnet er eit hovudfokus. Eg prøver å forstå kvifor artar, populasjonar og individ ikkje reagerer likt på miljøendringane, forklarar han.
Han trekkjer spesielt fram oppstarten av sjøfuglovervakinga i Aust-Svalbard:
– I år hadde vi den tiande sesongen ved Alkefjellet. Dette har gjeve ny kunnskap om utviklinga til sjøfuglane på Svalbard, og er viktig for forvaltinga.

Seniorforskar Sébastien Descamps er glad for å hamne på Research.com-lista, men meiner òg at rangeringane ikkje skal vektast for mykje. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt
Stolt over synleggjering
Isbreforskar Jack Kohler er høgt rangerte i geovitskap-kategorien. Han seier det er hyggeleg å få utteljing, men legg til.
– Spørsmålet er alltid: Kor gode er artiklane? Eg har i alle fall eit par eg er svært stolt av, uavhengig av rangering.
Det er i hovudsak studiar som måler verknaden av klimaet på isbreane, særleg på Svalbard, som forskarveteranen har vore mest oppteken av.

Seniorforskar Jack Kohler orienterer tidlegare miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og hans følge om aukande issmelting på Svalbard under eit offisielt besøk i Ny-Ålesund og omland i 2008. Foto: Kim Holmén/ Norsk Polarinstitutt
Kollega og isbreforskar Elisabeth Isaksson, òg på lista innan geovitskap, ser rangeringa som viktig for å synleggjere kvinner i forskinga.
– Eg er stolt av å bli synleggjort som kvinneleg forskar i eit fagfelt som tidlegare var svært mannsdominert. Eg trur det kan vere viktig for yngre kvinnelege forskarar å sjå at det er mogleg å byggje ein forskarkarriere trass ulike hinder.
Ho legg til at ho no, mot slutten av karrieren, er oppteken av å bruke erfaringa si best mogleg:
– Eg tenkjer mykje på korleis eg kan bidra til å møte utfordringane med klimaendringane. Det er ikkje lett å vite, men ein må halde håpet levande.

Seniorforskar og glasiolog Elisbeth Isaksson ser rangeringa som viktig for å synleggje kvinner i ei forskingsdisiplin som tradisjonelt har vore svært mannsdominert. Her deltar ho på eit brekurs i samband med feltarbeid på isbremmen Fimbulisen i Antarktis. Foto: Lars Smedsrud / Universitetet i Bergen
Global analyse
Research.com har tilsaman analysert 166 880 forskarar frå ulike land i 2025-rangeringen. For å bli rangert må ein ha ein D-indeks (Disiplin H-indeks) på minst 30, basert på talet på publikasjonar og siteringar. Berre den éin prosenten høgast rangerte internasjonalt er tekne med.
Forskarar frå Norsk Polarinstitutt på Research.com-lista anno 2025
- Økologi og evolusjon: Geir Wing Gabrielsen, Kit M. Kovacs, Christian Lydersen, Haakon Hop, Jon Aars, Sébastien Descamps, Eva Fuglei, Hallvard Strøm
- Geovitskap: Jack Kohler, Mats Granskog, Elisabeth Isaksson, Nalân Koç, Jan-Gunnar Winther, Katrine Husum, Arild Sundfjord, Kenichi Matsuoka
- Miljø- og klimavitskap: Sebastian Gerland
- Biologi/biokjemi: Christian Lydersen