Gjennom boka «Kva er berekraft? 17 vegar til framtida» vil forskar Åshild Ønvik Pedersen og forfattar Kirsti Blom inspirere unge til å tenkje kritisk – og til å ta del i kampen for ei meir berekraftig verd.
– Det hastar med handling, for verda har så kort tid att til å snu utviklinga, seier forskar Åshild Ønvik Pedersen ved Norsk Polarinstitutt. Ho er medforfattar av boka saman med forfattar Kirsti Blom.
Den ferske boka er særleg laga for unge lesarar og har som mål å gjere FNs berekraftsmål forståelege og relevante. Gjennom bilete, faktaboksar og forklarande tekstar gir boka både innsikt og inspirasjon til handling.
– Vi ønskjer å vise korleis alt heng saman – frå klima og miljø til sosial rettferd og teknologi. Berekraft handlar ikkje berre om natur og miljø, men òg om økonomi og sosiale forhold, held Ønvik Pedersen fram.

FORMIDLAR OM BEREKRAFTSMÅLA I 2025 er det ti år sidan FN vedtok berekraftsmåla som skal gjennomførast innan 2030. Boka «Kva er berekraft? 17 vegar til framtida» har som mål å gjere FNs berekraftsmål forståelege og relevante. Forskar og medforfattar Åshild Ønvik Pedersen er til dagleg reinsdyrforskar ved Polarinstituttet. Dette biletet er teke under feltarbeid og viser prøver frå pelsen til svalbardrein. Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt
Inviterer til kritisk tenking
Boka presenterer dei 17 berekraftsmåla på ein systematisk og lettfatteleg måte, og ho belyser samanhengane mellom globale utfordringar som klimaendringar, ulikskap og uro. Samstundes viser ho korleis små, daglege val – som digital bruk og miljømedvit – kan bidra til ei meir berekraftig framtid.
– Boka inviterer unge lesarar til å tenkje kritisk om politikk, etikk og personleg ansvar for å ta vare på kloden vår i dag og i overskodeleg framtid – og til å finne moglegheiter i handling, seier Ønvik Pedersen.
Boka, som er i sal hos bokhandlarane, er gjeven ut med støtte frå Framsenterets formidlingsfond og Det faglitterære fond.




