Samlar ny forsking og aktuelle historier frå polarområda.

REDAKTØRAR Helge Markusson og Janet Holmén med rykande ferske utgåver av Fram Forum 2026. Magasinet kjem i både digital- og papirversjon. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Framsenteret lanserer no den 15. utgåva av det årlege magasinet Fram Forum.

Denne utgåva set særleg søkjelys på polarforsking og heilårleg liv i Arktis, samtidig som det internasjonale politiske klimaet, både historisk og i dag, blir drøfta.

– Førebu deg på ein kuldeperiode i Arktis

Redaktør Janet Holmén fortel at Leiaren som ho har skrive for Fram Forum 2026 er prega av aukande global uro og politiske spenningar, fordi dette også får konsekvensar for forskinga i Arktis.

Ho peikar på at den stabile og føreseielege verdsordenen etter andre verdskrigen er i ferd med å endre seg.

I mange år har Arktis vore bemerkelsesverdig fritt for geopolitiske spenningar. Arktisk forsking, miljøvern og beredskap har vore koordinert mellom dei sirkumpolare landa, i stor grad takka vere Arktisk råd. No ser vi at to sentrale etterkrigsideal, territoriell suverenitet og fredeleg konfliktløysing gjennom forhandlingar, blir utfordra til fordel for maktbruk

LANSERING Fram Forum 2026 vart lansert i Lysgården på Framsenteret. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Frykt for tap av data  

Grønland ligg midt i dette spenningsfeltet. Når USAs president hevdar at landet «treng Grønland for nasjonal og internasjonal tryggleik» og er villig til å gå langt for å få det, skapar det uro, skriv ho. 

Dette er heller ikkje den einaste utfordringa, meinar redaktøren. Miljøforskinga vart svekt då Russland invaderte Ukraina, noko som i praksis gjorde at vestlege forskarar mista tilgang til data frå store delar av Arktis. No er fleire viktige datakjelder truga fordi miljøforsking i USA blir bygd ned, fortsetter redaktøren. 

Den noverande politiske retninga i Washington fører til kutt i finansiering, kansellering av prosjekt og oppseiingar av forskarar. Fleire amerikanske nettsider som gjorde forskingsresultat lett tilgjengelege, er stengde, og det er aukande frykt for at store datamengder kan gå tapt, seier ho.

Samtidig understrekar Holmén at samarbeidet ved Framsenteret framleis står sterkt – noko som ho meine kjem tydeleg fram i årets utgåve av Fram Forum.

KONGSFJORDEN Forskar Allison Bailey frå Norsk Polarinstitutt er ein av fleire bidragsytarar som saman med internasjonale samarbeidspartnarar overvaker det marine økosystemet i Kongsfjorden på Svalbard heile året. Forskinga viser at livet i havet held fram under polarnatta, og at viktige biologiske prosessar skjer året rundt. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Heilårleg overvaking 

Totalt har 137 personar frå 39 institusjonar og 11 land bidrege med fagartiklar til årets utgåve av Fram Forum. Med fotografar, illustratørar og grafikarar inkluderte har nærare 200 personar vore involverte i produksjonen.

Norsk Polarinstitutt har fleire bidragsytarar. Éin av dei er forskar Allison Bailey, som saman med forfattarar frå femten institutt i sju land presenterer ny forsking på heilårleg overvaking av det marine økosystemet i Kongsfjorden på Svalbard. Forskinga utfordrar tidlegare oppfatningar om at Arktis er nærmast inaktivt om vinteren. Nye funn viser at livet i havet held fram også under polarnatta, og at viktige biologiske prosessar skjer året rundt.

Dersom vi berre forskar om sommaren, risikerer vi å oversjå avgjerande delar av økosystemet, særleg prosessar som er særleg følsame for klimaendringar, peikar forskarane på.

Studien frå Kongsfjorden byggjer på kontinuerlege målingar gjennom alle årstider, noko som har vore krevjande å gjennomføre i Arktis, mellom anna på grunn av avgrensa tilgang til forskingsfartøy og utfordrande vêrforhold. Resultatet er likevel eit unikt datasett som gir ny innsikt i korleis arktiske havområde fungerer og korleis dei blir påverka av global oppvarming.

Foto av forskere som fjerner snø fra en drone

NY METODE Forskarar har teke i bruk dronar og kunstig intelligens i studiar av ringsel. Her reinskast ein drone for snø før flytur. Foto: Christian Lydersen / Norsk Polarinstitutt 

Dronar og kunstig intelligens overvakar ringsel

Ein annan artikkel der Norsk Polarinstitutt bidreg, tar for seg korleis dronar og kunstig intelligens blir nytta til å overvake bestanden av ringsel på Svalbard. Tradisjonelt har dette vore eit tidkrevjande arbeid basert på manuell telling frå flyfoto, men ny teknologi gjer prosessen langt meir effektiv.

Ved hjelp av over 32 000 bilete og avanserte biletanalyseteknikkar har forskarane utvikla ein metode som kan oppdage heile 96 % av selene og redusere behovet for manuelt etterarbeid med nesten 100 %. Samstundes viser studien ein kraftig nedgang på om lag 50 % i ringselbestanden i fleire fjordar dei siste 20 åra. Metoden gir både raskare og meir påliteleg overvaking, og kan også nyttast for andre artar som steinkobbe og kvalross.

Eksempel på polypropylen-partikkel

PLAST Døme på ein polypropylen-partikkel. Foto: Carolin Philipp-Sørensen / Norsk Polarinstitutt

Lokal forureining 

Instituttet deltek òg i ein artikkel som tek for seg spreiing av menneskeskapte partiklar i Adventfjorden på Svalbard. Avløpsvatnet frå Longyearbyen, Svalbards største busetnad, sleppast urensa ut i Adventfjorden via ein røyrleidning. Tyngre partiklar synk nær utsleppet, medan lettare partiklar spreier seg ut av Adventfjorden og inn i Isfjorden. Konsentrasjonen varierer med sirkulasjon, tidevatn, elveutløp og tid på døgnet, og mange partiklar synk òg under ferskvatnslaget.

For å overvake lokal forureining effektivt er det viktig å forstå korleis vatnet sirkulerer gjennom året, og skilje mellom lokale og fjerntliggande kjelder, skriv forfattarane. Dei konkluderer med at Longyearbyen er ein lokal kjelde til menneskeskapte partiklar, men at mengda varierer med tid og sesong.

Oversikt over alle artiklane i Fram Forum 2026 der Norsk Polarinstitutt deltek:

Gone with the fjord? Dispersal of anthropogenic particles in Adventfjorden 

Use of drones and AI for monitoring ringed seal abundance in Svalbard

Year-round monitoring of the marine ecosystem in Kongsfjorden 

Norway and China collaborate on remote sensing in a changing Arctic Ocean

TrollTransect: No free ride, but much to be gained

Politics and science in Greenland

Why is it important to use Sami place names?

Female polar aviator

Tending the hidden gardens of the frozen Arctic Ocean

What will happen when the Arctic Ocean has no ice?

 

Scroll to top