Ein monaleg del av samlinga består av polarhistorisk litteratur om ekspedisjonar og utforsking i Arktis og Antarktis, frå pionertida og opp til i dag. Vitskapeleg litteratur, knytt til både dei polare områda og meir generelt, utgjer det andre hovudfokuset i samlinga.
Lån
Du kan låne dei fleste bøkene våre anten ved å besøke biblioteket i Tromsø eller du kan bestille fjernlån gjennom eit anna fagbibliotek eller folkebibliotek.
Vi låner ikkje ut:
- bøker som er utgjevne før år 1900
- småskrifter, dagbøker, arkivmateriale eller sjeldne, sårbare dokument, men du kan kjøpe kopiar.
Polar bokkafe
Vi inviterer til litterært påfyll frå kalde strøk! Med jamne mellomrom utfordrar vi ulike gjestar til å fortelje om ei utvald bok frå vår store polarsamling.
Opningstider
15. mai–15. september
måndag–fredag: 9–15
16. september–14. mai
måndag–torsdag: 9–15.45
fredag: 9–15
Kontakt
E-post: bibliotek@npolar.no
Telefon: 941 41 426
Ivar Stokkeland
Bibliotekleder | personvernombud