Forskrift av 17. desember 1971 nr. 9 om fredning av Bouvetøya og tilliggende territorialfarvann som naturreservat fastslår at landskapet skal vere freda mot alle tekniske inngrep som vegbygging, oppføring av alle typar bygningar og anlegg eller anna verksemd som medfører terrenginngrep og forstyrringar av naturmiljøet. Husvære som er nødvendig for oppsyn, skal likevel kunne oppførast. Dyrelivet, inkludert fuglereir og egg, er freda heile året, og det er forbode å føre i land hundar. Plantelivet er freda mot alle skadar som ikkje skriv seg frå vanleg ferdsel. Bruk av terrenggåande køyretøy og landing med luftfartøy er forbode utan særskilt løyve.
Ilandstiging
I utgangspunktet er det ingen krav til ilandstigingsløyve eller opphald på Bouvetøya. Men i praksis vil det vere nødvendig med helikoptertransport for å komme i land. Ilandstiging med båt er svært vanskeleg på grunn av dei bratte fjellveggene. Det er få stader som er eigna til å gå i land, og på grunn av dønningar vil det som regel vere risikabelt å gå i land med båt. Den mest forsvarlege måten å setje personar og materiell i land på er derfor å bruke helikopter frå båt.
På grunn av forbodet mot landing med luftfartøy må ein då søkje Norsk Polarinstitutt om løyve for å kunne bruke helikopter for å ta seg i land. Det er òg fastsett ei eiga ferdselsregulering for Nyrøysaområdet, der CCAMLR-overvakinga finn stad. I dette området skal ein unngå direkte menneskeleg påverknad for å få best mogleg overvakingsresultat.
Søknad om landing med helikopter (online)
Søknad om landing med helikopter (e-post/brev)
Last ned skjema (bokmål)
- Søknad om landing med helikopter på Bouvetøya (Word)
- Søknad om landing med helikopter på Bouvetøya (ODT)
Last ned skjema (nynorsk)
Personvernerklæring
Norsk Polarinstitutt er myndighetsutøver etter forskrift om miljøvern og sikkerhet i Antarktis og etter verneforskriftene som gjelder for Bouvetøya naturreservat. I forbindelse med saksbehandlingen etter disse forskriftene behandler vi personopplysninger.
Framande artar
Bouvetøya har ein unik og stort sett urørt natur. Øya er éin av svært få stader i verda der det ikkje er registrert introduserte framande artar[1]. Framande artar er ein trussel mot miljøet. Desse kan vera svært hardføre, og kan i verste fall utkonkurrera dyr og planter som har etablert seg naturleg. Det biologiske mangfaldet vil då bli redusert. Etablerte framande artar kan ofte vera umoglege å bli kvitt.
Artar frå andre subantarktiske øyer eller frå polare område har størst sjanse til å kunna etablera seg på Bouvetøya. Dei er alt tilpassa denne typen miljø. Det er såleis særleg stor fare for introduksjon av framande artar når ein tek med utstyr som er brukt i slike område. Men den globale oppvarminga kan gje levedyktige forhold for fleire artar.
[1] Sjå til dømes Stortingsmelding 33 (2014-2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya.
Rettleiing for å unngå innføring av framande artar på Bouvetøya
Denne rettleiinga frå Norsk Polarinstitutt gir råd om korleis besøkende kan unngå innføring av framande artar til Bouvetøya. Rettleiinga fokuserer på miljøet på land, men vi oppfordrar besøkande til også å vera aktsame mot å innføra framande arter til det marine miljøet.
Før ilandstiging/landing:
- Transportmidla til landinga skal vera reine inni og utanpå. Dette gjeld for eksempel:
- lettbåtar
- helikopter
- utstyr i lettbåt og helikopter (overlevingsdrakter, årer, anker osv.)
- Alt utstyr og personleg bagasje skal gjerast reint før ilandstiging. Klede og utstyr som ikkje let seg reingjerast, skal ikkje takast med i land. Pakking skal gjerast i eit reint område. Pakk tett.
Ver spesielt merksam på frø eller usteril jord som kan hefta ved for eksempel:
- fottøy og gamasjar
- borrelåsar, teip osv.
- buksebrettar
- kamerabaggar og -stativ
- sekkar, baggar osv.
- telt, pluggar og stenger
- vitskapeleg utstyr, inklusive dronar
- Utstyr som vil få kontakt med bakken, som for eksempel fottøy, teltbotn, teltpluggar, teltstenger og kamerastativ, skal desinfiserast før ilandstiging.
- Vær spesielt nøye med reingjering og desinfisering av utstyr som tidlegare har vore i bruk på andre subantarktiske øyer eller i polare strøk.
- Levande planter og dyr, jord og liknande skal ikkje takast med i land. Ver merksam på eventuelle gnagarar eller andre smådyr, gjer tiltak som forhindrar ilandføring.
- Ferske matvarer kan innehalda mikroorganismar som kan spreie seg. Slike mikroorganismar kan også vera sjukdomsberande og bli ein risiko for det lokale dyrelivet. Vidare er det ein risiko for at enkelte matvareplanter i seg sjølve kan etablera seg. For å unngå slik spreiing skal f.eks. fersk frukt og grønt, frø, kylling og egg ikkje takast med i land.
- Ubehandla trevirke kan ofte innehalda andre organismar og skal ikkje takast med i land.
Opphald på land
- Avfall må sikrast mot vind slik at det ikkje bles av garde. Alt avfall skal takast med tilbake.
- Ver nøye med handtering, lagring og fjerning av matvarer og matsøppel. Dette skal lagrast i tette behaldarar for å unngå at dyr og fuglar kjem til, og for at det ikkje skal koma på avvegar.
- Latrineavfall og gråvatn skal samlast i lukka behaldar og takast med ved retur – eventuelt deponerast i sjøen på ein slik måte at avfallet ikkje blir skylt på land eller forstyrrar fuglar eller dyr. Det må vurderast konkret om staden høver til slik deponering.
Etter opphaldet
Rapporter til Norsk Polarinstitutt ved funn eller mistanke om framande artar på Bouvetøya.
Ferdselsbegrensning i Nyrøysaområdet
Forskrift av 24. juni 2005 nr. 687 om ferdselsbegrensning i Nyrøysaområdet på Bouvetøya fastset at i perioden 1. november til 15. mars kan opphald og ferdsel berre finne stad i samband med miljøovervakingsverksemd som Norsk Polarinstitutt har godkjent. Det er òg særskilde reglar for luftfartøy i perioden 1. november til 1. mai. Norsk Polarinstitutt kan gi dispensasjon frå føresegnene i forskrifta for forskingsaktivitet som ikkje kan utførast andre stader, og som ikkje kjem i konflikt med miljøovervakingsverksemda. Besøk for andre formål er ikkje lov i Nyrøysaområdet i den perioden ferdselsforbodet varer.Norsk Polarinstitutt kan gi nærmare opplysningar om forskriftene og om korleis ein søkjer om dispensasjon frå dei.
Sikkerheit
Bortsett frå feltstasjonen i Nyrøysaområdet er det ingen infrastruktur på øya og heller inga stadleg redningsteneste. Alle som vil reise til Bouvetøya, må derfor vere sjølvforsynte med logistikk og ha beredskap for å kunne vareta sin eigen tryggleik. Det ligg som regel tåke over Bouvetøya, og ein må derfor rekne med ventetid når helikopteret skal lande. Det er få stader på øya som er eigna for opphald, og det kan vere farleg å opphalde seg på øya. Fjellsidene er ustabile, og rasfaren er stor. Iskappa som dekkjer det aller meste av øya, er ikkje kartlagd for sprekkar.
Relevante sider
Eksterne lenker
Forskrift av 17. desember 1971 nr. 9 om fredning av Bouvetøya og tilliggende territorialfarvann som naturreservat fastslår at landskapet skal vere freda mot alle tekniske inngrep som vegbygging, oppføring av alle typar bygningar og anlegg eller anna verksemd som medfører terrenginngrep og forstyrringar av naturmiljøet. Husvære som er nødvendig for oppsyn, skal likevel kunne oppførast. Dyrelivet, inkludert fuglereir og egg, er freda heile året, og det er forbode å føre i land hundar. Plantelivet er freda mot alle skadar som ikkje skriv seg frå vanleg ferdsel. Bruk av terrenggåande køyretøy og landing med luftfartøy er forbode utan særskilt løyve.
Ilandstiging
I utgangspunktet er det ingen krav til ilandstigingsløyve eller opphald på Bouvetøya. Men i praksis vil det vere nødvendig med helikoptertransport for å komme i land. Ilandstiging med båt er svært vanskeleg på grunn av dei bratte fjellveggene. Det er få stader som er eigna til å gå i land, og på grunn av dønningar vil det som regel vere risikabelt å gå i land med båt. Den mest forsvarlege måten å setje personar og materiell i land på er derfor å bruke helikopter frå båt. På grunn av forbodet mot landing med luftfartøy må ein då søkje Norsk Polarinstitutt om løyve for å kunne bruke helikopter for å ta seg i land. Det er òg fastsett ei eiga ferdselsregulering for Nyrøysaområdet, der CCAMLR-overvakinga finn stad. I dette området skal ein unngå direkte menneskeleg påverknad for å få best mogleg overvakingsresultat.