Prosjektet BOUVECO skal nøste opp i samanhengar mellom land, kyst og hav ved Bouvetøya – det mest isolerte marine økosystemet i Sørishavet.

Snedekt øy i hav

Den vêrharde Bouvetøya ligg ofte innhylld i tåke, men dette biletet er teke på ein solskinsdag. Foto: Marius Bratrein / Norsk Polarinstitutt  

I dag kom den gledelege nyheita frå Noregs forskingsråd: Norsk Polarinstitutt får heile 25 millionar kroner til prosjektet «Disentangling land-coast-ocean connections at Bouvetøya, the most remote marine ecosystem hotspot in the Southern Ocean«. Forskinga skal retta blikket mot Bouvetøya i Sørishavet og økosystema i dei omkringliggjande havområda.

Norsk Polarinstitutt har fleire roller i å ta vare på norske interesser knytte til den subantarktiske øya. Her står forsking, samt innsamling av klima- og miljødata, heilt sentralt.

Direktør Camilla Brekke, Norsk Polarinstitutt. Foto: Siri Uldal / Norsk Polarinstitutt

Vi planlegg eit nytt tokt med forskingsskipet Kronprins Haakon til Sørishavet. Bouvetøya har ei krevjande plassering og natur, og det blir svært spennande å følgje resultata frå dette tverrfaglege arbeidet, seier direktør Camilla Brekke frå Norsk Polarinstitutt.

Bouvetøya vert rekna som ei nøkkeløy for heile Sørishavet. Som andre landområde i sør er ho påverka både av klimaendringar og mogleg framtidig ressursutnytting.

Gjennom å kombinere moderne observasjonar og modellar frå fleire fagfelt skal BOUVECO gje ei heilskapleg forståing av øya og rolla hennar i Sørishavet:

– kva rolle havstraumar, varme kjelder på havbotnen, isbrear og isfjell spelar for tilførsel av næring.

– korleis dette påverkar biologisk produksjon og transport av karbon til djupare havområde.

– korleis topp-predatorar som sjøfugl og sel nyttar området.

Forskaren Audun Narvestad frå Polarinstituttet i møte med ein gulltopp-pingvin under feltarbeid på Bouvetøya i 2017. Foto: Tor Ivar Karlsen / Norsk Polarinstitutt 

Tverrfagleg 

I tillegg vil prosjektet vurdere risikoen ved å setje opp forskingsutstyr i dette ekstreme naturmiljøet – og kva det har å seie for framtidig forsking og forvaltning.

Ein rekkje institusjonar er involverte i BOUVECO: Norsk Polarinstitutt, NORCE, UiT Noregs arktiske universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Havforskingsinstituttet, NTNU, Department of Forestry, Fisheries and the Environment (Sør-Afrika), Federal University of Minas Gerais (Brasil), KTH Royal Institute of Technology (Sverige) og British Antarctic Survey (England). 

Prosjektleiaren er forskar Heidi Ahonen frå Norsk Polarinstitutt, ho har i tillegg med seg fleire kollegar frå instituttet inn i prosjektet.