FORLØPARNE Desse tre var pionerar for moderne polarforsking som vi i dag er vitne til på Svalbard. Botanikar Hanna Dieset (Resvoll-Holmsen), ingeniør Karl J. Haavimb og geolog Adolf Hoel deltok på vitskaplege ekspedisjonar til Svalbard på starten av 1900-talet. Etter kvart vart desse ekspedisjonane statlege, men Norsk Polarinstitutt vart ikkje etablert før i 1948. Dette bildet er frå feltarbeid på Svalbard sommaren 1907. Sidan den gong er mykje forandra. I dag forskar, kartlegg og overvaker polarinstituttet naturen i både Arktis og Antarktis. Foto: Norsk Polarinstitutt