I seks månader drifta skipet med isen nord for Svalbard, medan forskarar og teknikarar jobba på spreng med eitt mål for auge: Undersøkja effektane av klimaendringane i Polhavet.
Innfrysinga av forskingsskipet Lance blei kalla for N-ICE2015-ekspedisjonen, og er rekna som ein av dei største ekspedisjonane som Norsk Polarinstitutt nokosinne har gjennomført.
Boka om ekspedisjonen, Going with the floe, blei gitt ut i bokform i 2022, og er no tilgjengeleg i digitalfil (PDF), gratis for alle interesserte.
Forskarar frå mange land og fagfelt deltok på ekspedisjonen, i tillegg til eit omfattande logistikkapparat knytt til tryggleik, drift, støtte og ingeniørarbeid. Store mengder forskingsdata vart samla inn, som så langt har resultert i over 70 fagfellevurderte artiklar og fleire titals datasett.
Målet med N-ICE2015 var å samle data som skulle bringe ny kunnskap om den krympande havisen, undersøkja kva som forårsakar smeltinga og korleis det påverkar vêr, klima og artane som lever tett på havisen.
Eit av teikna på dei store endringane som finn stad i delar av Arktis er auken av snø på havis. Nesten ein halv meter snø på isen vart eit vanleg syn under store delar av den seks månader lange ekspedisjonen med forskingsskipet Lance.
– No i ettertid veit me at det var store mengder fuktig luft som vart transportert frå lengre sør som la seg som snø på havisen. Dette viser at observasjonar som er gjorde til dømes på pakkisen lengre vest i Polhavet ikkje alltid er representativt for kva som skjer i andre delar av Arktis. Me manglar ganske enkelt gode observasjonar i Atlanterhavs-sektoren, sa ekspedisjonsleiar og no forskingsdirektør, Harald Steen, då boka vart lansert.
Hovudfunn N-ICE2015
- Det var mykje meir snø på isen enn det forskarane forventa.
- Det tjukke teppet av snø hemma havisveksten, men bidrog også positivt til ismassebalansen fordi noko av snøen vart til is.
- Stormar prega Polhavet, spesielt om vinteren. Desse førte med seg varm og fuktig luft, sjølv midt i polarnatta, og bidrog til å bremsa isveksten.
- Ny is vart hovudsakleg danna i råker etter vinterstormar.
Stormane påverka også samansetninga til havvatnet. - Varmen, næringsstoff og CO2 vart blanda i den øvre vassøyla under stormar, og auka transport av varme til havet.
- Den tynnare isen var meir skjør enn tjukkare is, og han vart lettare skadd og svakare etter kraftige vinterstormar.
- Sprekkar (råker) i havisen forårsaka av stormar tillét lys å trenga ned i vassøyla og starta ei tidleg planteplankton-oppblomstring, som elles ville ha vorte hemma av det tjukke dekkja av snø og is.
- På grunn av den store tyngda av snø seiv havvatn inn mellom snøen og isen. Det resulterte i rikeleg algevekst, som likna forhold kjent frå havisen rundt Antarktis.