– Brit Hofseth bør få ei gate kalla opp etter seg i Tromsø, seier varaordførar Sigrid Bjørnhaug Hammer.
I dag tok varaordføraren i Tromsø turen innom biblioteket ved Norsk Polarinstitutt for å høyra meir om dei få kvinnene i arkivet, dei som for mange er ukjende, men som likevel har sett spor i polarhistoria.
I gulna konvoluttar finst det forteljingar om desse kvinnene, i form av notat og skriftar, bilete, avisutklipp. Ei papirmappe for kvar kvinne. Dei siste åra har ein etter ein av dei teke steget ut i offentlegheita.
Gravlagt i Tromsø
Ei av desse kvinnene er geologen og finnmarkingen Brit Hofseth. Ho døydde brått berre 24 år gammal i 1941, under ein forskingsekspedisjon i Troms.
Hofseth skal ha segna om på skipsdekket. Rett før ho døde var ho sprudlande og glad, vart det fortalt, og ho viste ingen teikn til smerter. Dødsfallet kom brått på, og omstenda førte til at ho blei gravlagd ved Tromsø gravlund. Landet var i krig, foreldra og søster budde sørpå. Det kan ha vore praktiske grunnar til at ho vart stedd til kvile i Tromsø, langt frå sin næraste familie.
– Kunne ha vorte ein kvinnepioner i polarforsking
Brit Hofseth rakk sjølv aldri å skaffa eigen familie, og med åra døydde også foreldra og søster hennar. Ho vart heller aldri tante.
Gravminnet, ein naturstein av raud granitt, med den sparsame teksten: Geolog Brit Hofseth (1917-1941), stod ustelt i mange år på gravlunden, inntil steinen blei «oppdaga» av ein polar eldsjel i Tromsø.
Då byrja ballen å rulla. Stadig fleire vart merksam på den ustelte grava, og at den tilhøyrde polarforskaren Hofseth. Litteraturviter Anka Ryall innlemma eit kapittel om geologen i boka si Polare kvinner som kom ut i 2022.
– Viss Brit ikkje hadde gått ut av tida så ung, kunne ho ha vorte ein kvinnepioner i norsk polarforsking. Som geologistudent ved Universitetet i Oslo var ho einaste kvinne på kolet sitt. Ho braut med datidas normative kvinnelighet og var openbert sjølvstendig, ambisiøs, eigenrådig og eventyrlysten, sa Ryall i samband med bokutgivinga.
Det vart skrivne artiklar om Hofseth i nasjonale og lokale avisar og blad, og snakka om henne på radio og i foredrag. I 2022 vart gravsteinen hennar verna av Tromsø kommune, og i dag er gravminnet stelt og godt vareteke.
Til teateret
Etter kvart som Hofseth vart meir kjende utanfor polararkivet, vart også polarinstituttet kontakta av engasjerte som ville høyra meir om geologen, mellom anna Hålogaland teater. Og slik enda Brit Hofseth som ein av figurane i suksess-framsyninga «Takk for alt», som gjekk føre seg i haustmørket i 2021 0g 2022 mellom gravsteinane på gravlunden.
Bjørnhaug Hammar såg sjølv teaterframsyninga, og blei begeistra.
– Eg synest Brit verkar sterk. Og så er det trist, ho døydde så ung, og vart urettferdig behandla etter sin død, seier ho.
Ville stoppe boka
Bjørnhaug Hammer siktar til boka «Drivende grensar», som vart skrive etter ein forskingsekspedisjon til Aust-Grønland som Hofseth deltok på, som einaste kvinnelege forskar. Ekspedisjonen var i regi Noregs Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NSIU), forløparen til Norsk Polarinstitutt. Hofseth var med for å gjera geologiske undersøkingar på Claveringøya. Ombord i skipet som frakta deltakarane var også forfattaren av boka, journalist Nils Johan Rud.
Rud førte i penna ein heftig kjærleiksroman basert på turen, der fleire i reisefølgjet kunne kjennast igjen, blant dei Brit Hofseth.
I boka blir Hofseth omtalt som botanikaren Norunn, men i romanen er denne skikkelsen meir oppteke av å forføra mannlege ekspedisjonsdeltakarar enn å forska. Forskinga blir vigd lite merksemd. Forfattaren byr også på ei rekkje intime og seksualiserte skildringar av Norunn saman med hennar «utvalde».
Romanen blir gitt ut hausten etter Brits død, men boka møter motbør. Fleire av Hofseths støttespelarar prøver å stoppa utgivinga, utan hell.
I eit minneskrift frå kollegaer blir Hofseth hylla av dei mannlege kollegaene sine, blant dei den kjende svenske glasiologen Hans W. Ahlmann som var med på ekspedisjonen til Grønland. Hofseth blir fremja som ein kvinneleg pioner i geologien, ein talentfull ung forskar, ein kjær venn, til og med som eit førebilete. Minneskriftet kan ha hatt som formål å retta opp igjen Hofseths gode namn og rykte etter det som kollegaene nok meinte var Ruds infame karaktermord.
I mindretal
I ishavsbyen Tromsø er fleire gater oppkalla etter menn, i tillegg til at statuar og minnesteinar heidrar menn som på ulike vis har markert seg i byens historie. Kvinnene er i mindretal.
Av dei rundt 400 gatene i kommunen, er berre seks av dei er oppkalla etter kvinner, medan langt fleire har mannsnamn.
Bjørnhaug Hammer meiner at tida er overmoden for at kvinner kan få vise veg, bokstaveleg talt.
– Eg skal gjera mitt for at me skal få ei gate kalla opp etter Brit Hofseth.
Brit Hofseth (1917 - 1941)
- Fødd i Finnmark, flytta som femåring med familien til Oslo.
- Artium frå katedralskulen i Oslo i 1935.
- Tok matematisk-naturvitenskaplige studium ved Universitetet i Oslo, geologi utgjorde hovudfeltet.
- Tok embetseksamen fire år seinare med hovudkarakter svært godt.
- Som student gjorde ho geologiske undersøkingar på Svalbard og Grønland.
- Sommaren 1937 arbeidde ho på Svalbard. To år
- I 1939 var ho med skipet ”Polarbjørn” til Aust-Grønland for å gjera geologiske undersøkingar på Claveringsøya.
- Etter Grønlandsturen fekk ho tilbod om studium i Lund, for deretter eit mogleg stipend til USA.
- Gjorde kartleggingsarbeid for Noregs Geologiske Undersøkelser (NGU) medan ho studerte.
- Hofseth døydde berre 24 år gammal under ei reise i Troms der ho skulle samla inn materiale for NGU.