Pelslussmitte hos fjellrev er redusert med 32 prosent på eitt år.
I fjor var over 76 prosent av alle undersøkte fjellrev på Svalbard smitta av pelslusparasitten. No viser ferske tal at smitten er nede på 44 prosent, etter undersøkingane i vinter.
Det kan vera fleire grunnar til nedgangen, seier fjellrevforskar Eva Fuglei frå Norsk Polarinstitutt.
– Smitte av pelslus skjer ved kontakt mellom revar og ei årsak til reduksjon kan vera at tettleik av rev var låg sist vinter. Ei anna forklaring kan vera at revane toler pelslusa betre, fordi dei har opparbeidd seg betre motstand mot den blodsugande parasitten.
Kan fryse i hel
Pelslusa siktar seg spesielt inn mot hovud, nakke og rygg hos fjellrev. Der bit han seg gjennom huda for å suga blod. Ein rev som er hardt angripen, kan ha lus over heile kroppen. Parasitten er så plagsam for reven at han klør seg intenst på dei angripne områda, med det resultatet at pels fell av. Det kan få fatale følgjer.
– Viss pelsen forsvinn, flekkvis eller heilt, gir det dårlegare isolasjon og varmetap, og reven risikerar å frysa i hel, fortalde Fuglei sist vinter, i eit intervju om pelslusparasitten.
Dei siste åra har fjellrevforskarar i fleire arktiske land følgt tett den negative utviklinga av luseparasitten, som så langt toppa seg på Svalbard vinteren 2021-2022 med heile 76 prosent smitte blant dei 200 undersøkte revane.
Pelsen vernar mot arktisk sprengkulde
Det var på Svalbard i 2019 at pelslusparasitten vart oppdaga for første gong. Om lag 10–12 prosent av alle fangsta og undersøkte revar viste seg å vera smitta av lusa. Året etter var talet omtrent like høgt. I same periode vart smitta rev også oppdaga i Canada.
Smitteeksplosjon vart brukt som begreip for å beskriva utviklinga. Forskarane kjende ikkje til det reelle omfanget av lusa, kvifor ho oppstod og konsekvensen av han. Men dei var bekymra. Den tjukke og isolerande vinterpelsen er det viktigaste våpenet til fjellreven mot den arktiske sprengkulda.
Ukjent langtidseffekt
Årets tal var derfor svært gledeleg, for forskarstanden. I tillegg viser overvakingsdata at det ikkje er noko dramatisk eller brå nedgang i fjellrevbestanden på Svalbard, og reven er ikkje utryddingstrua i motsetning til artsfrenden på fastlandet.
Talet etter overvaking av fjellrevhi i år er også oppmuntrande.
–Ynglebestanden ser ikkje ut til å ha gått ned, fordi det var kvalpar i over halvparten av hia me undersøkte. Det er over gjennomsnittet av ynglefrekvensen så lenge polarinstituttet har drive overvaking av fjellrevhi, fortel Fuglei.
Forskarane veit derimot ikkje noko om tettleiken av ungrevane, som ikkje har fått kvalpar endå. Men det er ingen grunn til å sakta ned på overvakinga av bestanden.
– Me veit framleis lite om langtidseffekten av lusene på bestanden, så det er viktig å halda fram overvakinga av yngle-hi, og dessutan å registrera kor stor del av dei fangsta revane som har pelslus.
På Svalbard er det i dag lovleg med fangst frå november til mars. Fangsten er regulert gjennom Svalbard-miljølova. Sidan 1997, då rapporteringa av fangst vart innført og fram til i dag, er det fangsta i gjennomsnitt 110 fjellrev per sesong. Nytt frå hausten 2022 er at revane som blir tekne på Svalbard, skal undersøkjast av forskarar om dei har lus, før dei blir flådde.
– Vi treng denne innsikta i arbeidet med å kartleggja utbreiing og førekomst av pelslus, seier Fuglei.
Fjellrev / polarrev
- Fjellrev, også kalla polarrev, er ein nær slektning av raudreven og finst over heile den arktiske tundraen.
- Fjellrev har mindre kroppsstorleik enn raudreven, men er betre tilpassa eit arktisk liv i kulde.
- Fjellreven er utbreidd i alle arktiske tundrahabitat.
- På Svalbard finst fjellreven spreidd over nesten heile øygruppa.
- Fjellrev er både predator og åtseleter.
- På Svalbard er fjellreven ikkje utryddingstrua, i motsetning til fjellreven på fastlands-Noreg.
Kilde: Norsk Polarinstitutt