Sjølv om det er jul og dei fleste av våre tilsette har teke velfortent juleferie, er nokre av oss i full sving med å drifte Noregs forskingsstasjonar – både i Antarktis og på Svalbard.

Våre folk på Troll i jula. Foto: Norsk Polarinstitutt

Våre folk i Ny-Ålesund i jula, frå venstre: Dagmara Wojtanowicz (feltteknikar), Arnt Rennan (vikarleiar Sverdrup), Kristian Alme (driftsingeniør) og Rune Jensen (vikarleiar Sverdrup). Bak frå venstre: Fieke Rader (forskingskoordinator), Jan Ivar Pettersen (logistikleiar), Gulli Aarnes (driftsingeniør) og Lars Erik Sørgård (driftsingeniør). Foto: Matteo-Mariano Chirico
Også ved den nordlegaste stasjonen vår er det julestemning. Her er det mørketid med polarnatt, og vêrhardt, men inne er det lyst, varmt og julestemning!

