Den norske historiske foreining (HIFO) har tildelt Sverre Steen-prisen 2025 til historikaren Harald Dag Jølle for hans framifrå formidling av historie gjennom mange år.
Sverre Steen-prisen vert rekna som den mest prestisjetunge prisen for historikarar i Noreg, og vert delt ut til personar som har utmerkt seg særleg innan historisk formidling.
Jølle seier at det var svært gledeleg å få denne prisen.fgvfffgfv
– Eg har prioritert formidling i mitt arbeid som historikar – og då er det sjølvsagt stor stas med ei slik anerkjenning frå fagmiljøet.

EIT MODERNE POLAREVENTYR Harald Dag Jølle rapporterer frå felt under ekspedisjonen i Nordvestpassasjen saman med Vegard Ulvang og Jan Fasting. Dei følgde spora etter nokre av polarhistoria sine største namn ved hjelp av skisegl, eller kite, frå Cambridge Bay til Gjøahamn, via Victoria Land. Foto: Jan Fasting
Historikar med polar som spesialfelt
Harald Dag Jølle arbeider som historikar ved Norsk Polarinstitutt, med polarhistorie som sitt fagfelt. Han har skrive fleire bøker, og har i tillegg nådd eit breitt publikum gjennom ulike satsingar, mellom anna gjennom NRK-dokumentarar.

SANKAR HISTORIER Harald Dag Jølle intervjua læraren og historikaren Louie Kamookak i Gjøahamn på ferda i Nordvestpassasjen. Kamookak hadde gjort det til livsprosjektet sitt å kartleggje kva den munnlege inuitt-tradisjonen fortalde om Franklin-mysteriet. Foto: Vegard Ulvang
Juryen skiv i si grunngjeving at Jølle meistrar fleire sjangrar og « bidrar til en større forståelse av Norges rolle som polarnasjon og norsk aktivitet i Arktis og Antarktis».
Sidan 2004 har han publisert viktige bidrag til norsk historie generelt, og polarhistorie spesielt. Han var medredaktør for storverket Norsk polarhistorie (tre bind, 2004), og har seinare skrive to sentrale bøker om Fridtjof Nansen: Nansen. Oppdageren (2011) og Nansen. Utfordreren (2020). I år ga han ut boka Ytterst i verda – på jakt etter ein polarkultur, kor han teiknar eit bilete av ei polarnatur i endring og drøftar om det framleis er rett å snakke om ein norsk polarkultur.

POLAR BOKKAFÉ Jølle har i mange år leia Polar bokkafe i biblioteket ved Polarinstituttet. Tidlegare rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Anne Husebekk, er ein av mange som har presentert bøker på bokkafeen. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt
Ein formidlar med breidde
Jølle har òg markert seg som ein framifrå populærvitskapleg formidlar. Han har skrive artiklar i tidsskrift, aviser og magasin, og har i fleire år vore fast spaltist i avisa Dag og Tid om polarhistorie og friluftsliv. Han bidreg til nettstaden polarhistorie.no, og i 2024 skreiv han manuset til teaterstykket Porten til ishavet, saman med Ketil Høegh, som var satt opp på Hålogaland Teater.

FYRER LØYS Jølle fekk hyre som feltassistent for marinbiologane Christian Lydersen og Kit Kovacs då dei merkte og tok prøvar av kval i Framstredet. Foto: Harald Dag Jølle / Norsk Polarinstitutt
Vidare har han i mange år leia «Polar bokkafé», der bøker frå Polarinstituttet sitt bibliotek blir presenterte for publikum.
Gjennom sitt store engasjement, breie register og formidling på mange ulike plattformer har Harald Dag Jølle nådd ut til eit breitt publikum og lyfta fram viktige sider av norsk historie. Han vert av HIFO omtala som ein særs verdig vinnar av Sverre Steen-prisen 2025.
Les meir om prisen og grunngjevinga på hifo.no.
BOKLANSERING Anders Bache, fagkonsulent ved Roald Amundsens heim Uranienborg, stod for bokbadinga av Jølle under lanseringa av «Ytterst i verda – på jakt etter ein polarkultur».
Foto: Berit Munkeby
Tidlegare vinnarar av Sverre Steen-prisen
2023: Tore Linné Eriksen
2022: Synne Corell
2021: Kjetil Braut Simonsen.
2020: Erling Sandmo
2019: Tore Skeie
2018: Ragnhild Hutchinson
2017: Einar Niemi
2016: May-Brith Ohman Nielsen
2015: Einhart Lorenz og Håkon Harket
2014: Norsk Teknisk Museum og NRK P2s programserie “Museum”
2013: Hilde Henriksen Waage
2012: Bjørn Bandlien
2011: Gudleiv Forr
2010: Olav Njølstad
2009: Guri Hjeltnes
2008: Knut Helle
2007: Hans Fredrik Dahl
2006: Elisabeth Aasen
2005: Francis Sejersted
2004: Knut Kjeldstadli
2003: Knut Mykland
2002: Dag Skogheim
2001: Karsten Alnæs
2000: Ida Blom og Sølvi Sogner
1999: Magasinet Historie
1998: Finn Erhard Johannesen og Lars Thue
1997: Øystein Rian
1995: Kåre Tønnesson og Ole Kristian Grimnes