Frå papirrull til verdstoppen.

HEIDERLEG OMTALE Arktis-kartet “The Arctic and beyond” oppnådde «Honourable Mention» frå fagjuryen under den internasjonale kartkonferansen, og som i praksis betyr at dei meinte det var nest best. Kart: Anders Skoglund / Norsk Polarinstitutt 

– Det er hyggeleg at andre aktørar i kartbransen synest kartet vårt er bra, seier topograf Anders Skoglund ved Norsk Polarinstitutt.

Han er mannen bak Arktis-kartet «The Arctic and beyond» som nyleg markerte seg heilt i toppsjiktet under den internasjonale kartkonferansen som blir halde annakvart år. I år var millionbyen Vancouver i Canada vertskap.

Skoglund tok ikkje sjølv turen over Atlanterhavet for å delta i konferansen, men fekk den gode nyheita straks etter kåringa.

Når fagjuryen gjer oss heiderleg omtale av kartet, er det ein ekstra stadfesting på at vi har gjort dei rette kartografiske vala då vi laga det, seier han.

ÅTTE NORSKE KART Arktis-kartet  føyer seg inn i rekkja av topografiske, regionale og store oversiktskart som polarinstituttet har laga i nord og i Antarktis. Her er det utstilt sammen med syv andre norske kart under den internasjonale kartkonferansen. Foto: Terje Midtbø / NTNU

Detaljrikdom og relevans 

Det er ei stor ære å få ei slik heiderstittel, seier direktør Evy Jørgensen ved Miljø- og kartavdelinga ved polarinstituttet.

– Kartet har utmerkt seg med detaljrikdom, nøyakt, relevans, og det er vel ingen overdriving å seie at det òg er eit syn for auga. At kartet vekkjer merksemd internasjonalt, er difor forståeleg.  

Arktis-kartet blei lansert tidlegare i år og er eit topografisk oversiktskart i målestokk 1:10 000 000 som viser land og hav nord for 52. breiddegrad. I papirversjon er kartet nesten ein meter breitt og høgt. Det inneheld òg temakart i tre av fire hjørne, med oversikt over mellom anna vanlege definisjonar av Arktis, havis og havstraumar. 

UTSNITT I Arktis-kartet er det berre brukt dei offisielle stadnamna til enkeltnasjonane. Kart: Anders Skoglund / Norsk Polarinstitutt 

Fagjury og folkejury 

Kartfolk frå mange land og nasjonar deltok i den internasjonale kartkonferansen, som òg romma ei kartutstilling. Ulike kart frå heile verda synte korleis kartografisk informasjon kan formidlast med kreativitet og presisjon.

Det blei stilt ut både atlas og digitale kart, i tillegg til vanlege papirkart, og det blei delt ut prisar frå både fagjury og folkejury. Arktis-kartet var eitt av i alt åtte norske bidrag i konkurransen.

På konferansen sin siste dag blei det avslørt kva kart som nådde heilt til topps.

I klassane for papirkart og digitale produkt – den aller største klassen med i alt 165 internasjonale bidrag – deltok polarinstituttet med to kart: Arktis-kartet og «Kongsfjorden i 3D».

Arktis-kartet oppnådde «Honourable Mention» frå fagjuryen, som i praksis betyr at dei meinte det var nest best.

Tidlegare i år gjekk det same kartet heilt til topps i den nasjonale kartkonkurransen under Geomatikkdagane, noko som gjorde at det blei direktekvalifisert til den internasjonale kartografikonferansen.

Skoglund er òg topografen bak kartet «Kongsfjorden i 3D», som for øvrig vann publikumsprisen under Geomatikkdagane i 2024.

Fleire topp-plasseringar 

Noreg har fleire gonger tidlegare markert seg under den internasjonale kartutstillinga. Herunder har polarinstituttet to gonger tidlegare fått høgt hengande prisar. Antarktis-karta «Fimbulheimen – Satellite 1:250 000» og «3D-kart Longyearbyen og omland» gjekk heilt til topps i høvesvis 2019 og 2015 – begge med Anders Skoglunds signatur.

Den internasjonale kartografikonferansen blei halde for 32. gong i år, og det er organisasjonen ICA – International Cartographic Association – som er arrangør.

Les meir om polarkart 

Les mer om Arktis-kartet