Torfinn Strømme held fyrene i orden – og ryddar opp etter isbjørnbesøk. Slik sørgjer Noregs nordlegaste fyrvaktar for lys langs Svalbard-kysten.

SPARRENESET FYR Sparreneset ligg på sørvestkysten av Nordaustlandet på Svalbard, i Hinlopenstredet. Foto: Torfinn Strømme / Norsk Polarinstitutt

Torfinn Strømme er Noregs nordlegaste fyrvaktar. Frå kontoret til Norsk Polarinstitutt i Longyearbyen har han ansvar for drift og vedlikehald av fyr og seglingsmerke langs kysten av Svalbard.

Strømme byrja i jobben hausten 2024, etter å ha teke over for Jarl Pedersen, som gjekk av med pensjon etter om lag 30 år i teneste ved instituttet.

Det er ein spennande jobb med varierte oppgåver, som òg inneber at eg er mykje ute, noko eg stortrivst med, seier Strømme.

sds

FYRVAKTAR Fyrtenesten på Svalbard blir utført av Norsk Polarinstitutt på oppdrag frå Kystverket, og inngår i den arktiske logistikken for trygg ferdsel. Torfinn Strømme er fyrvaktar for heile 46 fyr langs Svalbard-kysten. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

46 fyr på Svalbard

Totalt finst det 46 fyr på Svalbard, inkludert ved Hopen. Fyrtårna er plasserte langs seglingsleia og er viktige for trygg ferdsel i arktiske farvatn.

Dei fleste fyrtårna som har kome til dei siste åra, er 3 – 6 meter høge og laga av glasfiber. Men nokre fyrtårn er både eldre, større og laga av treverk og stål – som det verneverdige fyrtårnet på Isfjord Radio, ytterst på Kapp Linné.

s

GROTTEN Arbeid ved fyret Grotten i Kongsfjorden. Foto: Arve Johnsen / Norsk Polarinstitutt 

Reiser med båt, helikopter og snøskuter

For å nå fram til fyra nyttar Strømme og kollegaene ulike transportmiddel. Om sommaren blir dei fleste fyra besøkte ved hjelp av Kystvakta eller Airlift under polarinstituttet sitt årlege «statstokt» rundt øygruppa. Nokre av fyra i nærområdet blir besøkte med Polarcirkel-båtar. Om vinteren er snøskuter ofte den einaste moglegheita.

NYSGJERRIG Isbjørn blir rekna som eit nysgjerrig dyr. Det hender at Torfinn Strømme oppdagar at isbjørn har vore på ferde i fyrtårna, og då må det til ei ryddeøkt, nokre gonger reparasjonar og utskifting av utstyr. På biletet har ein bjørn stoppa opp ved nokre skulpturar i Ny-Ålesund i Kongsfjorden. Foto: Geir Gotaas / Norsk Polarinstitutt

Når dei dreg ut utanom statstoktet, reiser dei som regel to saman. Då sjekkar dei at alt fungerer som det skal, og at lampene blir tende når dei blir «vekte».

Nokre gonger oppdagar dei at isbjørn har vore på ferde. 

Vi finn både klore- og bitemerke, og nokre gonger utstyr som er blitt øydelagt og må reparerast eller bytast ut, fortel Strømme.

Har du møtt på isbjørn medan du har undersøkt fyrtårn?

Nei, men det er normalt ikkje vanskeleg å sjå spor etter dei, humrar han. 

SUNDODDEN Fyret på Sundodden i Van Mijenfjorden. Foto: Torfinn Strømme / Norsk Polarinstitutt 

Mindre vedlikehald – framleis viktige

Fyrtenesta har endra seg mykje dei siste tiåra, fortel Strømme. 

– Tidlegare var fyrtårna gassdrivne, medan dei i dag nyttar solceller og batteri. Det har ført til mindre vedlikehald, men behovet for fyr langs kysten er framleis stort – for skip, fly og helikopter.

Fyrtårna på Svalbard lyser berre i mørketida, frå haust til vår. Dei blir styrte av fotoceller og er ikkje avhengige av mobil- eller datanett.

– Sjølv om mange i dag brukar GPS, er fyra framleis viktige, seier Strømme. 

FESTNINGEN FYR Festningen fyr eller «Festningen fyrlampe» er eit historisk sjømerke på Svalbard etablert i 1934. Namnet kjem frå eit forslag frå ornitolog og kartograf Anders Orvin, og ligg i eit område i Isfjorden kjend for geologiske studiar. Fyret er verna. Foto: Torfinn Strømme / Norsk Polarinstitutt 

Mørketid og førebuingar

No er det mørketid på Svalbard, men når lyset kjem tilbake startar feltarbeidet for forskarane, ofte med sjøfuglforskarar allereie i februar og mars. Deretter følgjer ein travel vår og sommar med forsking på alt frå reinsdyr, rype og rev til plantar og havis, for å nemne noko. Dei tilsette ved Longyearbyen-kontoret bistår forskarane med logistikk, utstyr og transport, og ofte blir det lange dagar i felt.

Men no i mørketida går mykje av arbeidet føre seg innandørs. Dagane blir i stor grad brukte til vedlikehald, sortering, teljing og bestilling av utstyr og klede.

Og langs kysten – der sørgjer fyrvaktaren for at lysa viser veg. 

DANSKØYA Danskøya fyr ligg sør på øya, like utanfor nordvesthjørnet av Spitsbergen. Øya er særleg kjend for den polarhistorisk viktige Virgohamna på nordsida. Namnet er kjent frå kart frå 1650 og kjem av at danskarar starta hvalfangst i Kobbefjorden på vestsida av øya i 1625. Foto: Torfinn Strømme / Norsk Polarinstitutt 

Scroll to top