Paleontolog, forskar og formidlar Natascha Heintz etterlet seg eit betydeleg ettermæle innan norsk natur- og polarvitskap.

POLARPIONERAR Det pensjonerte polarforskarekteparet Natascha Heintz og Thor Siggerud fekk besøk frå den gamle arbeidsplassen sin i 2007 i samband med at polarinstituttet samla inn forskingsbilete og historier. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Natascha Heintz, Norsk Polarinstitutt sin første kvinnelege forskar og ein pioner innan norsk paleontologi, er død. Med bortgangen hennar har norsk naturvitskap mist ein markant fagperson og ein utrettande formidlar som gjennom fleire tiår sette djupe spor, særleg knytte til forsking på Svalbard og i Nord-Noreg.

Heintz vil bli hugsa både for si banebrytande forsking og for den sentrale rolla ho hadde i den tidlege historia til polarinstituttet i etterkrigstida. Ho var utdanna paleontolog og biolog, og stod i spissen for eitt av dei mest spektakulære funna i norsk geologisk historie: oppdaginga av dinosaurspor på Svalbard.

SPOR ETTER DINOSAUR Det vart laga avstøypingar av fossile fotspor etter landøgla Iguanodon året etter at dei vart funne på Festningen, ved innløpet til Isfjorden på Svalbard, i 1960. På biletet: Frå venstre: Lilly Monsen, Arne Martinsen, Natascha Heintz og Erik Ståhl. Foto: Norsk Polarinstitutt 

– Eg var så heldig å få kome på besøk til Natascha Heintz og mannen hennar på Blommenholm i 2007, fortel fotoarkivar Ann Kristin Balto ved Norsk Polarinstitutt.

Besøket skjedde i samband med eit fotoprosjekt under Det internasjonale polaråret (2007–2008), der polarinstituttet samla inn fotohistorisk forskingsmateriale etter flyttinga frå Oslo til Tromsø.

Saman med historikar Stian Bones ved UiT Noregs arktiske universitet vart Balto teken varmt imot av ekteparet Natascha Heintz og Thor Siggerud, begge med forskarbakgrunn frå polarinstituttet.

Vi fekk høyre mange historier frå prosjekt og ekspedisjonar på 1960- og 70-talet på Svalbard. Timane flaug, det vart både middag og kveldsmat, og vi drog seint heim med både bilete og forteljingar som gjorde sterkt inntrykk, minnest Balto.

FELTNOTAT Natascha Heintz på feltarbeid på Svalbard. Her sit ho ved hytta og noterer i ei dagbok. Foto: Natascha Heintz

Verdsensasjon på Svalbard

Natascha Heintz vart fødd 25. februar 1930 i New York som dotter av Mary Solnørdal og professor/ paleontolog Anatol Heintz. Familien flytta seinare til Noreg, og ho voks opp i Bærum i eit akademisk og internasjonalt orientert heim. Ho meistra russisk flytande i tillegg til norsk – ein kompetanse ho hadde nytte av gjennom heile livet.

Ho følgde i stor grad i fotspora til faren og tok cand.mag.-grad ved Universitetet i Oslo i 1953 i paleontologi, zoologi og kjemi. I 1956 fullførte ho cand.real.-grad i zoologi ved Universitetet i Bergen, med hovudoppgåve om bruskfisk, før ho arbeidde som forskingsstipendiat ved Paleontologisk museum.

I 1960 gifta ho seg med geolog Thor Siggerud og byrja same året å arbeide som konsulent ved Norsk Polarinstitutt, der ho var tilsett fram til 1966. Det var også i denne perioden ho vart del av eit funn som skulle vekkja internasjonal merksemd.

TREFFANDE DETALJ Då dødsannonsa til Natascha Heintz stod på trykk i Budstikka før jul, var ein dinosaur plassert øvst i annonsa. 

Under ein ekskursjon til Svalbard i samband med den internasjonale geologikongressen i 1960, leia av Natascha Heintz saman med  Anatol Heintz og Tore Winsnes, vart det gjort eit epokegjerande funn på Festningen i Isfjorden: 13 fotavtrykk etter dinosaurar, oppdaga av Albert Felix de Lapparent. Dette var ei verdssensasjon. Funnet var eit tidleg sikkert prov på at dinosaurar hadde levd i nordlege område, noko som endra forståinga av dinosaurane sin biologi.

PÅ FELTARBEID Natascha Heintz ved feltleiren på Kapp Kjeldsen, Bockfjorden på Svalbard i 1984. Foto: Tore Gjelsvik / Norsk Polarinstitutt

I 1962 leidde Heintz ein eigen ekspedisjon på oppdrag for Naturhistorisk museum i Oslo for å sikra avtrykka. Desse er i dag bevarte ved fleire museum og institusjonar, mellom anna Tromsø Museum. Dinosaurfunna vart eit vendepunkt i den vidare forskinga hennar, som òg omfatta studiar av marine reptil frå Svalbard og Andøya.

FOT I BAKKEN  Etter ein lang dag i felt var det nok godt med eit fotbad. Heintz fotografert ved felthytta i Bockfjorden, sommaren 1984. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Lang karriere og sterk formidlar

Frå 1967 til 2000 var Natascha Heintz fast tilsett ved Paleontologisk museum i Oslo, dei siste åra som førstekonservator. Ho hadde fleire faglege opphald ved naturhistoriske museum i utlandet og spela ei sentral rolle i utviklinga av museet sine samlingar og utstillingar. I perioden 1984–1986 var ho prodekanus ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Oslo.

Ved sida av forskinga var ho ein sterkt engasjert formidlar. Heintz hadde ei rekkje verv i faglege foreiningar og var ein ettertrakta føredragshaldar. Gjennom folkeuniversitet, eldreuniversitet, radio og fjernsyn nådde ho ut til eit breitt publikum, alltid med mål om å gjera naturvitskap tilgjengeleg og levande.

Ann Kristin Balto meiner at Natascha Heintz etterlet seg eit varig avtrykk som pioner innan norsk polarforsking, og som ein sentral bidragsytar til forståinga av Noreg sitt forhistoriske liv på Svalbard.

– Arbeidet hennar lever vidare i musea sine samlingar, i forskinga og i kunnskapen ho delte med generasjonar av studentar og publikum.

SOMMAREN 1984 Heintz fotografert under vedhenting ved Kræmerlagunen under feltarbeid i Bockfjorden. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Kjelder: 

polarhistorie.no

Aftenposten 

 

Scroll to top