Sommaren 2024 kryssa eit småfly himmelen over Longyearbyen og Barentsburg. Flyet var innleid av Norsk Polarinstitutt og målet var å fotografere kvar einaste meter av dei to busetnadene.

Det er Polarinstituttet som har utvikla TopoSvalbard. Tenesta blir brukt både av forvalting, forsking og anna publikum. På bilete ser vi Longyearbyen og omland frå lufta. Det var Field Geospatial AS som stod for sjølve fotograferinga og som leiar inn fly og pilotar (i dette tilfellet Zeusch).
No er resultata tilgjengelege i karttenesta TopoSvalbard, som har vorte oppdatert med flybilete av Longyearbyen og Barentsburg.
Fleire bilete er på veg inn i karttenesta. Utover hausten vil kartfolka ved Polarinstituttet halde fram med å bearbeide flybileta som er tekne i denne nyaste runden av flyfotografering av Svalbard.
– No jobbar vi med bilete nord for Isfjorden og vest for Wijdefjorden, og vil publisere førebelse ortofoto frå 2024 fortløpande gjennom vinteren, seier topograf Harald Faste Aas ved Polarinstituttet.
Eit førebels ortofoto er biletdata som ikkje har gjennomgått ei fullverdig bearbeiding med omsyn til stadfestingsnøyaktigheit, men som er tilstrekkeleg gode for dei fleste brukarane. Desse vil sidan bli erstatta av endeleg bearbeidde ortofoto.

Topograf Harald Faste Aas. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt
Fleire bruksområde
TopoSvalbard er ei gratis, nettbasert kartteneste som gjer det mogleg å utforske Svalbards landskap digitalt. Tenesta gjev tilgang til detaljerte topografiske kart, fly- og satellittbilete, landskapsbilete, 3D-visualiseringar og stadnamninformasjon for heile øygruppa.
TopoSvalbard gjev mellom anna viktige data til overvaking av bre-rørsler og til utarbeiding av digitale terrengmodellar. Bileta blir òg nytta til oppdatering av tekniske kart i Longyearbyen, og har hatt ei sentral rolle i oppryddinga av Sveagruva i regi av Store Norske. I tillegg blir dei brukte av Sysselmesteren til å overvake slitasje rundt kulturminne og turisme, og til teljing av sel langs vestkysten.

Sommaren 1936 var første gongen Svalbard vart fotografert frå lufta. Kartleggjarane flaug i eit ope propellfly medan dei fotograferte øygruppa frå ulike vinklar.
Foto: Norsk Polarinstitutt
Natur i endring
Førre gong Svalbard vart systematisk flyfotografert var perioden mellom 2008 og 2012. Men behovet for oppdaterte bilete er stort, mellom anna fordi naturen i Arktis endrar seg raskt – særleg isbreane og kystlina.
Flyfoto frå bemanna fly blir rekna for å gje den fagleg beste kvaliteten for topografisk kartlegging, og er difor framleis den viktigaste metoden for systematisk kartlegging.
– Flya som vert nytta har trykkabin og kan fly høgt for å dekkja store område på kort tid. Dei kan gå ned i lågare flyhøgd og dekkja mindre område med høg bakkeoppløysing når vêrtilhøva ikkje tillet fotografering i stor høgd. Også her er rekkjevidd av vesentleg tyding då avstandane mellom ulike interesseområde kan vera store, og dei kan nåast på rimeleg kort tid, fortel Faste Aas.

Topograf Bernard Luncke (t.v.) var fast fotograf under flykartlegginga på Svalbard på 1930-talet. Her er Luncke i båt saman med piloten Sigurd Sivertsen. Foto: Norsk Polarinstitutt
Ein lang tradisjon
Flykartlegging på Svalbard har blitt utført sidan 1936, og har vore avgjerande for kartproduksjon. Overgangen til digitale arbeidsstasjonar har dei siste tiåra betra nøyaktigheita betydeleg.
I 1990 var bortimot heile Svalbard dekt av flybilete i biletmålestokk 1 : 50000. I tillegg er nokre område dekt i skala 1 : 15000. Ein digital fotogrammetrisk arbeidsstasjon vart kjøpt inn i 1993.
Neste steg i prosjektet med å flyfotografere Svalbard blir å dekkje resten av øygruppa med nye bilete.

Longyearbyen sentrum frå lufta.
Relevante saker:
Kartlegging på Svalbard
- Den detaljerte kartlegginga av Svalbard starta kring 1900, utført av svenske og russiske vitskapsmenn.
- Den norske kartlegginga starta i 1906/07, under leiing av major Gunnar Isachsen.
- Fleire ekspedisjonar vart gjennomførte i åra etter.
- Sommaren 1936 vart store delar av Svalbard fotograferte frå fly for første gong.
- I 1990 var bortimot heile Svalbard dekt av flyfoto i målestokk 1 : 50 000.
Kjelde: Norsk Polarinstitutt