For første gong på over ti år er den topografiske kartserien Svalbard 1:250 000 fornya. Dei nya karta viser detaljert terreng, isbrear, elvar, bygningar og verneområde over heile øygruppa.

HEILE SVALBARD Topograf Roger Hagerup har leia arbeide med dei nye karta. Karta finns berre i bretta utgåver. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Den nye utgåva består av fem kartblad som dekkjer heile Svalbard, og er no klare for sal – ferske rett frå trykkeriet. Kartserien viser terreng og landskap med detaljar som kystliner, isbrear, elvar, vegar, bygningar og stadnamn.

Karta er trykte på papir og kan kjøpast i bokhandlarar, på Svalbard museum og i Norsk Polarinstitutt sin nettbutikk

Dette er dei nyaste og mest komplette kartdata vi har for heile Svalbard, seier kartograf Roger Hagerup. 

FEM KARTBLAD Kartserien Svalbard (S250) består av fem kartblad som viser terrenget på jordoverflata. Naturlege og menneskeskapte former er viste, til dømes kystliner, isbrear, vegar og bygningar. Karta viser òg stadnamn og ulike typar grenser. Kart: Norsk Polarinstitutt 

Speglar klimaendringane

Dei nye karta byggjer på flyfotografering på Svalbard frå perioden 2008–2012, kombinert med ferske satellittdata frå 2024 for brefrontane. Dei sistnemnde data viser tydelege endringar i brefrontar – som er markerte med stipla linjer i karta.

Slik sett kan òg kart vere tidsvitne til klimaendringar.

Isbreane på Svalbard smeltar, og brefrontane trekkjer seg tilbake med større fart no enn for få tiår sidan, hovudsakleg på grunn av global oppvarming. Tilbaketrekkinga går raskare for brear som kalvar ut i sjøen, fordi varmare havvatn akselererer smeltinga ved brefronten. Tidlegare i år har vi mellom anna kunna lese om smelterekord for Svalbards største isbre, Austfonna. 

SMELTAR Dei nye Svalbard-karta byggjer på flyfotografering frå perioden 2008–2012, kombinert med ferske satellittdata frå 2024 for brefrontane. Dei sistnemnde data viser tydelege endringar i brefrontar – som er markerte med stipla linjer i karta. Bilete er frå Sonklarbreen på Olav V Land på Svalbard. Foto: Samuel Martínez Llobet / Norsk Polarinstitutt 

Handverk og presisjon

Kartografi er tidkrevjande arbeid, kvart kart er resultatet av mange timar med kartproduksjon.

Hagerup fortel at den største utfordringa denne gongen har vore å forenkle vassdata for å gjere karta godt lesbare. Særleg elvar som Sassenelva og Reindalselva i Nordenskiöld Land kravde omfattande arbeid for å vise elveforløpa pent i denne målestokken.

Det handlar om å gjere store mengder data om til noko som gir meining for brukarane, forklarar Hagerup.

Karta er nøye korrekturleste av kollegaer og har i tillegg fått oppdatert informasjon på baksida frå Sysselmesteren på Svalbard. 

OMFATTANDE  Den største utfordringa har vore å forenkle vassdata for å gjere karta godt lesbare. På bilete ser vi Reindalselva og Stormyrvatna i Nordenskiöld Land. Foto: Hallvard Strøm / Norsk Polarinstitutt 

Nye namn og endra grenser

Sidan førre utgåva av karta i 2010, som den gongen brukte 20 år gamle data, har òg nokre av namna endra seg. Eit døme er at Nordenskiöld Land nasjonalpark no heiter Van Mijenfjorden nasjonalpark, samstundes som verneområdet har fått utvida grenser.

Det har òg kome til fleire nye stadnamn sidan sist etter at publikum har sendt inn framlegg til namnekomiteen for polare stadnamn. Komiteen har mellom anna vedteke at øygruppa Ryke Yseøyane no skal få namn på kvar av dei tre øyane – Ytterøya, Steinøya og Heimøya – etter framlegg frå innbyggjar Eva Therese Jenssen i Longyearbyen.

TRE NYE NAMN  Ryke Yseøyane har sidan sist det blei laga kart frå området fått namn på kvar av dei tre øyane: Ytterøya, Steinøya og Heimøya. Foto: Harald Faste Aas / Norsk Polarinstitutt 

Verktøy for alle som ferdast ute

Kartserien gir oversikt over heile øygruppa og er eit viktig hjelpemiddel for alle som planlegg ferdsel over større avstandar. Dei blir mykje brukt av både turistar, forskarar, lokale operatørar og fastbuande, fortel Hagerup.

–  Kartene passar for dei som ferdast ute i terrenget. Dei gir eit godt bilete av landskapet slik det faktisk ser ut.