I 2019 produserte Norsk Polarinstitutt ei mengde nye kartdata for Svalbard som no er omskapt til kart.
Nordvest på Spitsbergen vart det kartlagt og konstruert i områda frå Magdalenefjorden og sørover til Krossfjorden, og vidare austover til Liefdefjorden og Woodfjorden.
– Resultatet av dette er nye utgåver av kartblada A5 Magdalenefjorden, A6 Krossfjorden og B5 Woodfjorden, område som vart fotograferte i perioden 2009 til 2011, opplyser kartograf Roger Willy Hagerup ved kartseksjonen til Norsk Polarinstitutt.
På Nordaustlandet vart dei nordre områda av denne store øya nykartlagt.
– Her er det kartblada E1 Sjuøyane, E2 Nordenskiöldbukta og E3 Rijpfjorden som er heilt ferske. Flyfotoa som er brukte er frå år 2010 og 2011.
Det er verd å merka seg at alle desse karta i S100-serien òg har fått ein del nye stadnamn, her er nokon av dei:
A5: Stortingsbreane
A6: Laksebu
B5: Lavatoppen
E1: Isflaksletta
E2: Smørbukkvatnet
E3: Strandbukta
Vidare er oversiktskart Svalbard 1:1 000 000 og Turistkartet i same målestokk oppdatert og nyutgitt.
Norsk Polarinstitutt er Noregs hovudprodusent av topografiske og geologiske kart i norske polarområder og er hovudansvarleg for den topografiske kartlegginga av Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda og territorialkrav i Antarktis. Vi publiserer både digitale og trykte kart. Les meir om karta våre.