Norsk Polarinstitutt deltar i arbeidet under China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED). Dette er eit internasjonalt råd som gjennomfører studiar og rådgir kinesiske styresmakter på høgaste nivå om miljø- og utviklingsspørsmål.
Fagdirektør Jan-Gunnar Winther ved Norsk Polarinstitutt er medlem av rådet.
På initiativ frå Noreg er det etablert ei eiga arbeidsgruppe på globale havspørsmål under China Council. Norsk Polarinstitutt deltar sentralt i leiing og koordinering av dette arbeidet, mellom anna med ein tanke om at dette vil bidra til meir merksemd om dei store, globale havutfordringane og til å oppnå mål for marine økosystem og økosystemtenester. Erfaringane frå den norske havforvaltninga blir brukt som ein byggestein i dette arbeidet.
– Arbeidsgruppa har jobba med spørsmål knytt til heilskapleg og økosystembasert havforvaltning, marine levande ressursar og biodiversitet, marin forsøpling inkludert plast, grøne maritime operasjonar, energiforsyning og mineralutvinning, opplyser programleiar Birgit Njåstad ved Polarinstituttet.
Berekraftig utvikling
Inneverande år har gruppa jobba med å ferdigstilla både delrapportar og den endelege rapporten frå arbeidet. Endeleg rapport er nyleg overlevert sekretariatet i CCICED.
Arbeidet knytt til denne arbeidsgruppa er planlagt avslutta i den noverande forma si i 2020, men det vil òg gjennomførast prosess i løpet av hausten for å identifisera tema og innretning for ein mogleg neste fasa i havarbeidet under CCICED.
– Merksemda om tydinga av hav for å sikra ei berekraftig utvikling, eller økologisk sivilisasjon som ein seier i Kina, har auka mykje dei siste åra. Det gjeld både i eigne havområde og utover landegrensene, spesielt langs den nye silkevegen «One Belt, One Road» der «Belt» er landvegen medan «Road» er hav, seier Jan-Gunnar Winther.
Balanse mellom bevaring og bruk
Han fortel at arbeidet på havrelaterte problemstillingar (akvakultur, fiskeri, biologisk mangfald, mineral, fornybar energi, grøne maritime operasjonar og plast) blir dekt av det arbeidet som er utført dei siste tre åra i ramma av China Council.
– Sluttrapporten legg spesielt vekt på å finna balansen mellom bevaring og bruk og understrekar at ei heilskapleg forvaltning er nøkkelen til suksess. Den norske modellen for havforvaltning er brukt som inspirasjon for tilrådingane vi har gitt til den kinesiske regjeringa, seier Winther.