Den nye tida har for lengst inntatt det russiske gruvesamfunnet Barentsburg på Svalbard. No blir det også her satsa på forsking, i lys av klimaendringane som set spor i Høy-Arktis.
– Utviklinga i Barentsburg er at det blir satsa meir på forsking og mindre på gruvedrift, seier direktør Ole Arve Misund ved Norsk Polarinstitutt.
I helga drog Misund og kollegaer ved polarinstituttet på besøk til den russiske busetjinga i Grønfjorden, om lag 60 km vest for Longyearbyen. Her fekk dei orientering og omvisning på det russiske forskingssenteret.
Satsar på forsking
I løpet av dei siste åra har forskinga fått ein stadig viktigare rolle i Barentsburg-samfunnet. Staden har framleis ei aktiv kullgruve, som mellom anna forsyner kraftstasjonen i byen, men med åra har gruvedrifta vorte mindre lønnsam, og til liks med i Longyearbyen blir det satsa på turisme, i tillegg til forsking.
Nye forskingslaboratorium i Barentsburg vitne om at satsinga på forsking er godt i gang. Desse blir også stilt til disposisjon for forskarar frå mange land som kjem hit.
Forskarar frå fleire norske universitet og institusjonar utfører forsking herfrå, mellom anna Universitetssenteret i Longyearbyen og Norsk Polarinstitutt. Over ti russiske forskingsinstitusjonar har base for arktiske undersøkingar i Barentsburg.
Det er det russiske polarforskningsinstituttet AARI som organiserer forskingsaktiviteten i Barentsburg. AARI er òg medlem i Svalbard Science Forum.
– Barentsburg har ei liknande utvikling som Svalbard forskingspark har fått for Longyearbyen og Ny-Ålesund forskingsstasjon, seier Misund.
Havis og dyreliv under lupen
Frå Barentsburg blir det forska på hav og havis, mose, tungmetall, bunndyr, plankton, sjøpattedyr og sjøfugl, for å nemna noko. På høgda over byen ruvar tre store antenner som lastar ned data frå satellittar og som inngår i klimaforskingsstudiar.
– Det er spesielt innanfor feltet havisfysikk at polarinstituttet har eit pågåande samarbeid med forskarar, opplyser Misund.
Kulturhistorisk vandring
Det er det statseide russisk gruveselskapet Trust Arcticugol som driftar aktivitetar i Barentsburg. I tillegg til forskingsaktivitet blir gjester tilboden turar i naturen rundt Barentsburg, som kan kombinerast med historie, russiske kultur, sovjet arkitektur, gruvebesøk, tradisjonsrik mat og underhaldning. Inntektene som kjem frå forskarar og turistar bidrar til å skape aktivitet i samfunnet.
Den sovjetiske betongarkitekturen frå 70- og 80-talet dominerer, og gjer Barentsburg svært ulikt nabosamfunnet i Longyearbyen. Det finst fleire overnattingsmoglegheiter i Barentsburg, hundegard med polarhunder, fargerike veggmåleri laga av skulebarna og ei ortodoks kyrkje.
Gruvedrift i nedgang
Til vanleg husar Barentsburg omlag 450 innbyggarar, no var det cirka 300 her som følgje av koronapandemien og vanskelegare å reise til og frå. Men rett før 1990, i den sovjetiske gullalderen for gruvedrift på Svalbard, låg innbyggartalet i Barentsburg og Pyramiden på omkring 2500 menn, kvinner og barn. I løpet av 1990-åra vart folketalet sterkt redusert, vesentleg som følgje av dårlegare økonomi i Russland.
Men også andre faktorar har påverka aktiviteten i dei russiske busetjingane på Svalbard. I 1996 skjedde den største flyulykka på norsk jord då eit russisk fly styrta i Operafjellet under innflyving til Svalbard lufthamn i Longyearbyen, og 141 russiske og ukrainske gruvearbeidarar og familiemedlemmer omkom. Dette bidrog òg i ein periode til ei viss nedbygging av familiesamfunnet i Barentsburg. Pyramiden vart nedlagt i 1998, og hausten 2019 budde det 537 menneske i Barentsburg og Pyramiden tilsaman, dei aller fleste i Barentsburg.
Fakta om Barentsburg
- Russisk gruveby ved Grønfjorden på Svalbard.
- Normalt omlag 450 innbyggarar.
- Har framleis ei aktiv kullgruve som blir driven av selskapet Trust Arktikugol (Arctic kull).
- Til liks med i Longyearbyen blir det no satsa meir på turisme og forsking.
- Ein russisk generalkonsul er lokal myndigheit.
- Det finst sjukehus, barnehage, skule, kultur- og idrettsbygg, hotell og museum i byen.
- I 2016 opna forskingssenteret Kola Research Center «Barentsburg».
Kilde: Store norske leksikon