Nytt prosjekt gjer tilgang til unik infrastruktur i polarområda.

På eit av nabofjella til den norske Troll-stasjonen ligg Norsk institutt for luftforsking (NILU) sin luftmålestasjon som overvaker mellom anna kvikksølv, organiske miljøgiftar, hydrokarbon og CO2. Foto: Eystein Sæther / Norsk Polarinstitutt

Forsking og overvaking i polar natur er logistisk krevjande – og kostbart. Det nyetablerte nettverket POLARIN skal gjera det lettare for forskarane å drive forsking i polarområda ved å tilby infrastruktur på tvers av landegrensar, institusjonar og fagprofesjonar.  Prosjektet er EU-finansiert og består av 50 partnarinstitutt.

Målet med POLARIN er å auka kunnskap om polarområda og dei pågåande klimaendringane som slår ned med aukande styrke i Arktis og Antarktis. 

POLARIN  starta opp i mars i år og vil vara til februar 2029, og inkluderar tilgang til arktiske og antarktiske forskingsstasjonar, forskingsfartøy, isbrytarar ved begge polane og dataregistre.

No opnar POLARIN for si første utlysing og inviterar forskingsmiljø til å sende inn søknadar for å få tilgang til dei 49 forskingsinfrastrukturane i nettverket.  

Forskarar oppfordrast til å søke. Detaljar om tilgjengelege forskingsinfrastrukturar, kvalifikasjonar og søknadsretningslinjar, er tilgjengeleg på plattforma til POLARIN.

Frist for innsending av forslag er 28. november 2024

Norsk Polarinstitutt er den største norske aktøren i POLARIN-nettverket og deltek med alle dei nasjonale forskingsinfrastrukturane i Ny-Ålesund i Arktis, på Troll i Antarktis, og med forskingsskipet Kronprins Haakon. Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt 

Det er tyske Alfred Wegener-instituttet som koordinerer POLARIN. I Noreg er partnarane NILU (Norsk institutt for luftforsking), Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS), UiT Noregs arktiske universitet og Norsk Polarinstitutt.

Norsk Polarinstitutt er den største norske aktøren i POLARIN-nettverket og deltek med alle dei nasjonale forskingsinfrastrukturane i Ny-Ålesund i Arktis, på Troll i Antarktis, og med forskingsskipet Kronprins Haakon. 

– Tilgang til et slikt mangfold av polare forskningsinfrastrukturar vil gi heilt nye moglegheiter for å auka kunnskapen om klimaendringar og konsekvensar, seier seniorrådgivar Christina Alsvik Pedersen ved polarinstituttet.

Lenkje til sjølve utlysinga: