Forelesinga forklarte dei store endringane i naturen på Svalbard, i lys av varmare klima og auka forureining.

NANSENFORELESING Professor Geir Wing Gabrielsen, sjøfugl- og miljøgiftforskar ved Norsk Polarinstitutt, heldt minneforelesing ved Det Norske Videnskaps-Akademi på Nansens fødselsdag den 10. oktober. Foto: Det Norske Videnskaps-Akademi / Thomas B. Eckhoff

Kong Harald og dronning Sonja var til stades då nestor i polarforsking, Geir Wing Gabrielsen frå Norsk Polarinstitutt, heldt årets Nansens minneforelesing.

Forelesinga hadde tittelen «Miljøutfordringar i Arktis» og skildra dei store naturutfordringane verda står ovanfor, med raske klimaendringar, tap av leveområde og forureining, og med eit særleg blikk retta mot naturen på Svalbard.

Sidan 1961 har forelesinga blitt halden årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi på vitenskapsmannen, oppdagaren, polfararen og diplomaten Fridtjof Nansens fødselsdag, den 10. oktober.

TRADISJON Sidan 1961 har forelesinga blitt halden årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi på Nansens fødselsdag, den 10. oktober. Foto: Jorid Anderssen  

Store naturendringar 

Geir Wing Gabrielsen har over 40 års erfaring med forsking- og overvakingsarbeid frå Svalbard. I løpet av desse åra har han registrert store endringar av klima, naturmangfald og forureining på øyriket i nord.

På Svalbard aukar temperaturen fire gonger raskare enn i resten av verda. Oppvarminga har resultert i auka smelting av havis og isbrear, som i neste runde fører til endringar i økosystemet. I dag ser vi at stadig fleire arktiske artar blir erstatta av atlantiske artar.

Desse endringane blir kalla «atlantifisering», som skildrar ein tilstand med høgare varme i nord som gjer at sørlege artar trekkjer nordover og konkurrerar med dei polare artane om maten og leveområda. I nokre tilfelle kan lokale artar dø eller bli pressa ut av sine leveområde.

Atlantifiseringa får konsekvensar for dyrelivet, mellom anna sjøfuglar og sjøpattedyr. Fleire sjøfuglartar på Svalbard er i sterk tilbakegang, og sjølv om årsakene er komplekse, så blir dei knytt til endringar i næringskjeda som følgje av klimaendringane.

NY-ÅLESUND Geir Wing Gabrielsen har i førti år hatt årlege feltopphald i Ny-Ålesund på Svalbard. Eg har vore vitne til dei til dels store endringane i naturen her, seier han. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Avdekkjer miljøgiftar hos sjøfugl

 Saman med forskarkollegaer har Gabrielsen dokumentert gamle og nye miljøgiftar, utviklinga av desse over tid og effektane dei har på sjøfuglar og marine pattedyr i Arktis. Resultata har til slutt enda opp hos Stockholmkonvensjonen og Minamatakonvensjonen.

Sidan 1990-talet har han viet spesielt mykje arbeid til å undersøkje korleis miljøgiftar påverkar sjøfuglane. 

– Gjennom dette arbeidet har vi bidrege til at cirka 30 miljøfarlege kjemikaliar er stoppa for produksjon og bruk. 

Nokre kjemikaliar er verre å gjøre noko med. Gabrielsen trekte fram kvikksølv som eit eksempel på ein miljøgift som aukar i Arktis, og truar helsa til både menneske og dyr.

– Vi ser ein auke av kvikksølv hos både isbjørn og krykkje på Svalbard.

Klimaendringane og det at isbreane og permafrosten tiner kan vere årsak til at kvikksølvnivåa i naturen på Svalbard aukar, fortalde Gabrielsen. 

FORUREININGA AUKAR Plastforureining i havet er eit aukande problem. På biletet blir Gabrielsen intervjuet  på Kapp Mitra på Svalbard om plastproblemet, i samband med funn av ein død reinsdyrbukk fanga i restar av fiskegarn. Foto: Helge T. Markussen / Norsk Polarinstitutt 

Dyr døyr av plast i havet 

Gabrielsen fortalde til tilhøyrarane på forelesinga om auken av plastforureining i havet i Arktis. På Svalbard stammar mykje av forsøplinga frå lokale, regionale og globale kjelder. Fiskeri og skipsfart er anslått å vere dei største sjøbaserte kjeldene.

Sjøfugl og pattedyr blir påverka av havsøpla ved at dei anten går seg fast i plasten eller at dei et plasten. Nokon av dei døyr. Men enno manglar det mykje kunnskap om konsekvensane som plastforureininga har på dyrelivet.

– Vi vil i åra som kjem trenge meir informasjon om omfanget av marin forsøpling og mikroplast i nordområda for å kunne setje inn målretta tiltak. Vidare innhenting av kunnskap og overvaking vil kunne sikre ein god miljøstatus i Svalbard-område i framtida, seier Gabrielsen

STOR NATUR MYKJE ALVOR Dyrelivet er rikt i Kongsfjorden der Ny-Ålesund ligg, men fleire av artane som held til her lever under press frå klimaendringar og forureining. På bilete er tre av artane samla; isbjørn, polarmåse og ærfugl. Foto: Geir Wing Gabrielsen / Norsk Polarinstitutt 

Trer av, men vil ikkje kvile 

Dei siste tjue åra har Gabrielsen vore seksjonsleiar og seniorforskar ved polarinstituttet, med årlege feltopphald i Ny-Ålesund på Svalbard.

– Det å kunne vere på feltarbeid har gitt meg store naturopplevingar i ein fantastisk natur og i nærkontakt med mange dyreartar.

Men det har altså ikkje berre vore idyll å fortelja om frå naturen i nord.

– Eg har vore vitne til endringar som skjer med aukande styrke i naturen på Svalbard dei siste tiåra, og som skuldast auka ferdsel, klimaendringar og forureining. Men dette er problemstillingar som det er mogleg å gjera noko med, dersom det er politisk vilje til det. 

I 2023 gjekk Gabrielsen over i ei rein forskarstilling ved polarinstituttet. Til neste år går han av med pensjon etter eit langt liv i tenesta for forskinga og naturen. Men han har ingen planar om å kvile på laurbæra.

– Eg vil bruke tid framover på å dykke endå meir ned i kunnskap om naturen i Arktis og særleg på Svalbard, det er både spennande og viktig i høve til miljøproblema vi står ovanfor. 

 

I FELT Geir Wing Gabrielsen med ein fanga ærfugl under feltarbeid i Kongsfjorden ved Ny-Ålesund. Fuglen vart teken prøver av før ho blei sloppe laus. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt 

 

———-

Geir Wing Gabrielsen (1955) tok sin dr. philos.-grad ved Universitetet i Tromsø i 1994. Han leia økotoksikologi-seksjonen hos Norsk Polarinstitutt i perioden 1994-2022. Han er no seniorforskar i økotoksikologi ved polarinstituttet og har sidan 2008 vore professor II ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Gabrielsen er feltbiolog og har forska på åtferd, økologi, fysiologi og toksikologi på sjøfuglar i Arktis. Han har særleg vore interessert i korleis arktiske sjøfuglar er tilpassa til å leve i kalde omgjevnader, samt deira energiomsetning/matkonsum. Sidan 1990-talet har Gabrielsen arbeidd med korleis miljøgiftar påverkar sjøfuglar. I dei seinare åra har han engasjert seg sterkt i arbeidet med korleis plastforureininga påverkar sjøfuglane.

Sidan 1981 har Gabrielsen gjennomført feltarbeid i Kongsfjorden. Han har også utført feltstudium av sjøfuglar på Hornøya, Hopen, Bjørnøya, Hornsund og i Alaska. Han har delteke på fleire tokt i Svalbard-området. Gjennom sitt forskingsarbeid på Svalbard har han hatt eit utstrakt samarbeid med forskarar frå inn- og utland. Han har også delteke som norsk representant i internasjonale møte i UNEP (FNs Miljøprogram) og PAME (under Arktis råd) knytt til overvaking og forsking av plastforureining i Arktis. Gabrielsen undervisar og rettleiar masterstudentar og dr.-studentar på områda marin økologi, zoofysiologi og toksikologi. Han blei tildelt Nansenprisen for polarforsking i 2009 og Norsk Polarinstitutts og Framsenteret vitenskapspris i 2011 og 2013. Saman med forfattar Kirsti Blom ga Gabrielsen ut sakprosabøkene «Sjøfuglene i Arktis» (2011), «Søppelplasten i havet» (2016) og «Miljøgifter i Arktis» (2022).