Interessa for Svalbard er stor, men aktiviteten påverkar òg natur- og kulturmiljø, minna direktør Camilla Brekke om då ho opna jubileumsseminaret i Tromsø.

HAUSTA POLARKUNNSKAP Statsvitskapstudentane Torbjørn Valvåg (t.v.) og Casper Nordmo bytta ut lesesalen til fordel for føredrag om Svalbard. Valvåg er førsteårsstudent, medan Nordmo er masterstudent. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt
Nordområda og Arktis er jo aktuelt, så vi er her for å høyre meir om det, seier statsvitskapstudentane Torbjørn Valvåg og Casper Nordmo.
Dei tok ein pause frå campus og la i staden turen til Framsenteret for å følgje jubileumsseminaret om Svalbard, som markerte at det i år er hundre år sidan øyriket i nord vart norsk land.
Seminaret, som frå ulike vinklar belyste Svalbards rolle gjennom tidene – frå storpolitikk til samfunnsliv – vart arrangert av UiT Noregs arktiske universitet og Norsk Polarinstitutt.
– Eg fekk tips frå ein professor på universitetet om å dra på dette seminaret, fortel Valvåg.

SUVERNITET Heising av det norske flagget i Longyearbyen i 1925 i samband med at Svalbard blei norsk land. Foto: Adolf Hoel / Norsk Polarinstitutt
Porten til Ishavet
Det var ikkje tilfeldig at hundreårsjubileet vart markert i Tromsø.
– Mange i Tromsø har eit nært forhold til Svalbard – og Tromsø har alltid vore ein viktig by for svalbardsamfunnet, seier polarhistorikar Harald Dag Jølle ved Polarinstituttet.
Svalbard vart formelt og suverent norsk den 14. august 1925, og på dagen 100 år etter blei dette storslått feira med ein folkefest i Longyearbyen, mellom anna med kronprins Haakon, statsminister Jonas Gahr Støre og justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen.

OPNA SEMINARET Direktør Camilla Brekke opna jubileumsseminaret i Tromsø. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt
Lang ferd for suvernitet
Men vegen til å bli norsk land var lang. Fram til slutten av 1800-talet viste Noreg lita interesse for Svalbard. Men aukande næringsaktivitet, polarforsking og geopolitikk bidrog til at Noreg sikra seg herredømet.

OM STORMAKTANE Professor i historie ved UiT, Stian Bones, føreleste om Svalbard i stormaktane sitt favntak. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt
Traktaten gav Noreg full suverenitet, men med vilkår om internasjonal likebehandling i næringsverksemd, forbod mot militære basar og at skatteinntekter berre skulle nyttast lokalt. Det skreiv historikarane Stian Bones, Einar-Arne Drivenes og Harald Dag Jølle i ein artikkel dei publiserte i samband med hundreårsjubileet.
Svalbard har sidan vore eit geopolitisk brennpunkt – frå stormaktsinteresser under begge verdskrigane til dagens uenighet om traktaten si rekkevidd til havområda rundt.

FORLØPAREN Den norske geologen Adolf Hoel hadde store ambisjonar for Noreg på Svalbard og i 1925 la han fram planar om eit permanent forskingsinstitutt som skulle ha ansvar for dei norske interessene i både Arktis og Antarktis. I 1928 vart Noregs Svalbard- og Ishavs-undersøkingar (NSIU) stifta – forløparen til Norsk Polarinstitutt. Adolf Hoel (til venstre) på sin fyrste ekspedisjon til Svalbard, i 1907. Foto: Norsk Polarinstitutt
Miljøovervaking og Svalbard-politikk
I Tromsø vart jubileet opna av direktør Camilla Brekke ved Norsk Polarinstitutt.
– Vi står i Framsenteret, eit nordområdesenter for klima- og miljøforsking. Gitt dei valde omgjevnadene og jubileet som sådant, så synest eg det høver å trekkje fram den sterke samanhengen nettopp mellom miljøovervaking og Svalbard-politikk.
– Regjeringa legg jamleg fram Svalbard-meldingar, for å sikre stabil og føreseieleg forvaltning av øygruppa. Ei lang line i Svalbard-politikken er bevaring av den særmerkte villmarksnaturen på øygruppa, sa Brekke.

FUGLEELDORADO Oppblomstringar av plante- og dyreplankton i havet, med påfølgjande store forekomstar av små stimfisk, særleg lodde, gjer Svalbards sørlegaste øy Bjørnøya til ein magnet for sjøfugl i hekkesesongen. I tillegg er øya det einaste landfaste området mellom Spitsbergen og fastlands-Noreg.
Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

FORNØGDE Valvåg og Nordmo syntest dagen var lærerik. Dei hadde ikkje peika seg ut nokre spesielle føredrag på førehand. – Det meste var eigentleg interessant, sa dei samrøystes. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt
Jubileumsseminar for norsk suverenitetsovertaking av Svalbard
Arrangør: UiT Noregs arktiske universitet og Norsk Polarinstitutt
Tid og stad: Torsdag 21. august, Framsenteret
Program
10:30 – Opning
Rektor ved UiT og direktøren for Norsk Polarinstitutt
10.45–12.00 – Inn i riket
Ordstyrar: Jørgen Berge
10.45 – Innleiingsføredrag: Svalbard blir norsk – v/ Roald Berg
11.30 – Svalbard – eit folkerettsleg problem? – v/ Irene Vanja Dahl
12.00 – Lunsj
13.00–14.30 – Makt og avmakt
Ordstyrar: Ellen Øseth
13.00 – Svalbard i stormaktene sitt favntak – v/ Stian Bones
13.30 – Russland og Svalbard – v/ Kari Aga Myklebost
14.00 – Vitskap i politikken si teneste – v/ Harald Dag Jølle
14.30 – Kaffipause
15.00–16.30 – Svalbard – òg eit lokalsamfunn
Ordstyrar: Einar-Arne Drivenes
15.00 – Longyearbyen 1976–2025: Normalisering, modernisering og privatisering – v/ Thor Bjørn Arlov
15.30 – Grøn energi, lokal energitryggleik og tryggleikspolitikk – v/ Berit Kristoffersen
16.00 – Kva no, Longyearbyen? – v/ Terje Aunevik