Fleire av sjøfuglartane på Svalbard viser ein kraftig tilbakegang. No fryktar forskarar at fugleinfluensa kan gje eit nytt tilbakeslag for allereie hardt pressa bestandar i Arktis.

TETT I TETT Fugleinfluensa blir overført via dropar og nærkontakt og når fuglane samlar seg tett, ligg tilhøva godt til rette for smittespreiing. Her har havsuler (dei kvite og gule fuglane) slått seg ned på ei fjellhylle på Bjørnøya saman med lomviar og polarlomviar. Havsule er ei av artane som er hardast råka av fugleinfluensa. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Svalbard huser nokre av dei største sjøfuglbestandane i Europa. Kvar sommar samlar millionar av fuglar seg tett saman langs bratte fjellsider på øygruppa og i Barentshavet. Nett denne tette samlinga gjer fuglane ekstra sårbare når sjukdom først slår til. Dei siste åra har den høgpatogene varianten av fugleinfluensa (HPAI) gjort djupe innhogg i sjøfuglsamfunna på Svalbard, særleg blant vaksne hekkefuglar.

Når fugleinfluensa rammar ein koloni, kan konsekvensane bli dramatiske, seier fugleforskar Hallvard Strøm ved Norsk Polarinstitutt.

HEILE KOLONIAR RAMMA Tidlegare utbrot av fugleinfluensa viser at heile koloniar kan bli ramma, og tusenvis av fuglar kan døy på kort tid utan at det nødvendigvis blir registrert, fortel sjøfuglforskar Hallvard Strøm. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Påvist første gong i 2020 i Noreg 

Fugleinfluensa vart for første gong oppdaga på Svalbard i 2022, etter funn av fem døde storjo som flaut i sjøen ved Hermansenøya. Seinare same år vart viruset stadfesta hos polarmåke i Longyearbyen. Dette var dei første kjende påvisingane av fugleinfluensa i Arktis.

På fastlands-Noreg vart fugleinfluensa for første gong oppdaga hos villfugl i 2020. Sidan har viruset spreidd seg til store delar av landet og ført til høg dødelegheit hos fleire artar, både på fastlandet og på Svalbard.

FØRST UT Fem døde storjoar som flaut i sjøen ved Hermansenøya på Svalbard i 2022, viste seg å vere smitta av fugleinfluensa. Dette var første gong viruset blei påvist på Svalbard. Foto: Tore Nordstad / Norsk Polarinstitutt 

Desse artane er hardast ramma

Det er særleg krykkje, storjo, havsule, havhest, fjøreplytt og polarmåse som er råka av fugleinfluensa på Svalbard. Observasjonane av sjuke og døde fuglar er i hovudsak gjorde på Spitsbergen og Bjørnøya, men også andre delar av Svalbard er ramma, fortel Strøm.

– I sommar fekk vi òg meldingar om døde måsar og terner på Jan Mayen. Det viser at viruset sirkulerer i store delar av det nordlege Atlanterhavet og Barentsregionen.

Observasjonane skildrar døde og sjuke fuglar både på hekkeplassane, på tundraen og drivande i havet.

SOMMAREN 2025 Fleire måsar og terner som blei funne døde på Jan Mayen i sommar, viste seg å vere smitta av fugleinfluensa. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Smitte også til pattedyr

Forskarar er særleg uroa for at fugleinfluensa no har kryssa artsbarrieren frå fuglar til pattedyr. Tidlegare i år vart viruset påvist hos fjellrevvalpar nær Barentsburg – det første kjende tilfellet hos fjellrev i Noreg. Allereie i 2024 vart influensaen påvist hos kvalross på Svalbard.

– Det understrekar at åtseleitarar kan bli smitta når dei et infiserte fuglar eller åtsel, seier Strøm.

KVALROSS SMITTA I 2024 Ein kvalross (ikkje denne som er avbilda) som blei funnen død på Hopen på Svalbard sommaren 2024 viste seg å vere smitta av fugleinfluensavirus. Foto: Geir Gotaas / Norsk Polarinstitutt

Slik kan ein kjenne att sjuke fuglar

Sjuke fuglar kan oppføre seg annleis enn friske. Dei kan ha problem med å fly eller røre seg, verke apatiske eller vise unormalt lite frykt for menneske.

– Eg har sett mange fuglar dei siste åra som døyr langsamt av utmatting. Samstundes er det viktig å understreke at ikkje alle smitta fuglar viser tydelege teikn. Mange blir funne døde utan ytre skadar, fortel Strøm.

FJELLREV Fugleinfluensavirus blei påvist hos fjellrevvalpar nær Barentsburg på Svalbard i 2025. Dette er første gong viruset er funne hos fjellrev. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt 

Mørketala er store

Kor mange fuglar som alt har døydd av fugleinfluensa – globalt eller på Svalbard – veit ingen, og det er mogleg at talet aldri blir kjent.

Mange fuglar døyr langt til havs, søkk, blir tekne av rovdyr eller ligg i utilgjengelege område. Overvakinga er i stor grad avhengig av tilfeldige funn og frivillige rapportar, i tillegg til at kapasiteten for prøvetaking og analysar er avgrensa.

– Erfaringar frå tidlegare utbrot viser at heile koloniar kan bli ramma. Tusenvis av fuglar kan døy på kort tid utan at det nødvendigvis blir dokumentert, seier Strøm.

UTSATT ART Polarmåse var ein av dei første artene på Svalbard der det blei påvist fugleinfluensavirus. Foto: Odd Harald Selboskar / Norsk Polarinstitutt

Fleire truslar samstundes

Fugleinfluensa kjem på eit tidspunkt der det arktiske dyrelivet allereie er under sterkt press. Endringar i tilgangen på mat som følgje av klimaendringar, forureining og andre faktorar svekkjer motstandskrafta hos fuglane.

– Når stressfaktorar som matmangel og rask oppvarming verkar samstundes, kan kvart sjukdomsutbrot få store konsekvensar for bestandane på lang sikt, seier Strøm.

OVERVÅKAST Lomvi, polarlomvi, krykkje, havhest og polarmåse er framleis dei mest talrike sjøfuglane på Bjørnøya, sjølv om fleire av dei har minka i tal dei siste åra. Det var også desse artane som var målet for overvakinga, mellom anna gjennom ringmerking, då ho starta på åttitalet. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt

Han har nyleg analysert datamaterialet som i sommar vart samla inn på Bjørnøya, samstundes som oversikta over situasjonen i andre delar av øyriket har kome på plass. Biletet som teiknar seg, gjev grunn til uro. På berre tjue år er enkelte bestandar reduserte til halvparten. Artar som i generasjonar har vendt tilbake til dei same fjella for å hekke, forsvinn i eit alarmerande tempo.

– Særleg utsette er sjøfuglartane polarmåse, polarlomvi og alkekonge. Desse fuglane er tilpassa kalde farvatn og slit med å takle eit raskt varmare klima, seier Strøm.

Oppvarminga på Svalbard skjer fem til sju gonger raskare enn det globale gjennomsnittet. Når hav og atmosfære blir varmare, endrar òg næringsnetta og mattilbodet til fuglane seg.

– Dei sjøfuglane som klarer å tilpasse seg det nye klimaet og endringane i matfatet, aukar i tal. Dei andre slit, seier Strøm.

STUDERER ENDRINGAR Forskarane undersøker årsakene til endringane i fuglesamfunnet på Svalbard – og kva vi kan vente framover. Biletet er frå sommarens fuglefeltarbeid på Bjørnøya. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt 

Kjelder:

– npolar.no 
– Veterinærinstituttet
– Forskning.no
Nature (Scientific Reports)

Tips til vidare lesning: 

 

 

Scroll to top