I dag, 6. desember, arrangerar Heimevernet «uniform på jobben»-dagen for andre året på rad.
Alle som er med i Heimevernet deltek årleg på kortare eller lengre øvingar, i tillegg til kurs, for å trene på nasjonal bereiskap. Arbeidsgivarar som har heimevernssoldatar som tilsette bidrar i det høve inn i forsvaret av Noreg.
Erlend Lorentzen ved Forskingsavdelinga ved Norsk Polarinstitutt har vore med i Heimevernet i 12 år. I dag kledde han på seg den grøne uniforma på jobben, for andre gong.
– Vi kler oss i uniform i dag for å synleggjere for kollegaer og samfunnet at vi er med i Heimevernet. Dei fleste i Heimevernet er utelukkande «vanlege» folk med sivile jobbar. Denne dagen er og ein gest til arbeidsgivarane våre for at dei lèt oss vere borte frå jobben nokre dagar i året for å øve, seier Lorentzen.
«Uniform på jobben»-dagen blir gjennomførd på årdagen for Heimevernet, og i år fyllar Heimevernet 75 år.
Det er frivillig å delta i «uniform på jobben»-dagen, men felles er at alle må ha fått løyve frå den sivile arbeidsplassen sin eller frå skulen, til å bere heimevernsuniforma si denne dagen.
Kvifor er du med i Heimevernet?
– Til liks med dei fleste andre som har tenestegjort i Forsvaret tidlegare vart eg overført til Heimevernet nokre år etter førstegongstenesta, så dette er ein del av plikta eg har til å forsvare landet. Heimevernsavdelingane blir trena i å operere i heimtraktene sine, som gir ein ekstra motivasjon. I tillegg trivst eg godt i heimevernsmiljøet – samhaldet er unikt, og nytteverdien potensielt ubetalelig. Kva gir vel meir meining enn å verne heimstaden sin og folk ein har rundt seg til dagleg?
Erlend Lorentzen tilhøyrer innsatsstyrken i HV-16, som er heimevernsdistriktet som dekkar heile tidlegare Troms fylke og dessutan nordre del av Nordland. Hovudkontoret ligg i Bjerkvik.
Heimevernet (HV) er ein nasjonal bereiskap- og innsatsstyrke. Hovudoppgåva er å forsvare Noreg og verne om menneske og viktige samfunnsfunksjonar. Heimevernet er Forsvarets største avdeling og består av 40 000 soldatar spreidd over heile landet, i alle samfunnslag og yrkesgruppar. Felles for dei aller fleste er at dei har gjennomførd førstegongsteneste.
Les meir om «Uniform på jobben-dagen»