Suverenitetsspørsmål og føresetnader
Ved slutten av 2. verdskrig var det sju statar som gjorde suverenitetskrav gjeldande i Antarktis: Argentina, Australia, Chile, Frankrike, New Zealand, Noreg og Storbritannia.
Idéen om ei internasjonal løysing på suverenitetsspørsmålet i Antarktis vart sett fram ved fleire høve etter krigen, men fekk lita støtte. Korkje forslaga om å etablere eit fellesstyrt område eller å setje området under FN-styre fekk gjennomslag. Det openbare potensialet for konfliktar som låg i dei ulike (til dels motstridande) suverenitetskrava gjorde det naudsynt å få avklart dette spørsmålet.
Vitskap og samarbeid
Etter andre verdskrig ble det større fokus på vitskapelig aktivitet og den internasjonale komiteen for forsking i Antarktis – Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) – blei etablert. Det vellukka internasjonale forskingssamarbeidet i Antarktis førte til fullføringa av Antarktistraktaten i 1959.
Då traktaten ble forhandla sto ikkje miljøvern på dagsordenen for de 12 signatarmaktene som utarbeidet traktaten. Etter kvart har miljø blitt et stadig viktigare tema i det internasjonale samarbeid.
Norge i Antarktistraktaten
Som norsk myndigheitsutøvar i Antarktis forvalter Norsk Polarinstitutt dei norske bilanda i Antarktis og dei omkringliggande havområda i semde med gjeldande regelverk og relevante internasjonale avtaler. Instituttet har og hovudansvar for topografisk kartlegging av dei norske bilanda her.
Hovudpunkta i traktaten
Traktaten trådde i kraft 23. juni 1961, og legg dei juridiske rammene for aktivitet i området sør for 60 °S. Hovudpunkta i traktaten er som følger (romertall viser til korresponderande artiklar i traktat-teksten):
- Antarktis kan berre verte utnytta til fredlege føremål. All militær aktivitet er forbode, sjølv om bruken av militært personell eller utstyr for vitskapelege undersøkingar eller anna fredeleg aktivitet er tillate (I)
- Fridomen til å drive forskingsaktivitet i Antarktis er eit grunnprinsipp i traktaten (II)
- Internasjonalt samarbeid om vitskapelege undersøkingar skal fremjast gjennom utveksling av planar om framtidige forskingsprogram, utveksling av vitskapeleg personell og utveksling av vitskapelege observasjonar og resultat (III)
- Så lenge traktaten gjeld vert alle territoriale krav sette til sides, og ingen nye krav eller krav om utviding av eksisterande krav kan verte fremde. Korkje traktaten sjølv eller aktivitet i den perioden traktaten gjeld skal gje grunnlag for nye territoriale krav, støtte eller svekke noverande krav eller gje grunnlag for krav om suverenitet (IV)
- Kjernefysiske detonasjonar eller lagring av radioaktivt avfall er forbode i Antarktis (V)
- Alle stasjonar og alt utstyr kan verte inspisert av observatørar utpeikte av ein eller fleire traktatunderskrivarar (VII)
Jamfør artikkel XII opnar Antarktistraktaten for at det vert gjennomført ein konferanse for å evaluere traktaten. Ein slik konferanse kan verte gjennomført etter ynskje frå ein eller fleire signaturstatar så snart traktaten har vore i funksjon i 30 år (dvs. etter 23. juni 1991). Alle statar som måtte ynskje det (med andre ord ikkje berre signaturstatar) kan delta på denne konferansen. Per i dag er det ingen nasjonar som har uttrykt ynskje om å få arrangert ein slik konferanse, og det er heller ingen som har indikert noke ynskje om å trekkje seg frå traktaten.
Traktatpartar
Einkvan nasjon som er medlem av dei Sameinte Nasjonane (FN) kan tiltre Antarktistraktaten. Traktaten skil mellom konsultative og ikkje-konsultative partar. Ikkje-konsultative partar kan få status som konsultative dersom dei etter å ha slutta seg til traktaten demonstrerer si interesse for Antarktis ved å utføre omfattande vitskapeleg aktivitet der.
Differensieringa vart innført for å sikre at avgjerder som kan ha vidtrekkande implikasjonar for framtida til kontinentet vert teke av nasjonar som har ein interesse for og direkte kunnskap om Antarktis. I praksis har skilnaden lite å seie ettersom alle avgjerder er samrøystes. Dette sikrar at eitkvart velfundert forslag vert nøye vurdert.
Traktaten har pr. 2016 29 konsultative partar og 24 ikkje-konsultative partar.