Antarktistraktaten (ATCM)
Antarktistraktaten blei vedteken i 1959 som eit overordna internasjonalt rammeverk for forvaltinga av Antarktis og legg dei juridiske rammene for aktivitet i området sør for 60 °S. Hovudlinja i traktaten er at Antarktis kun skal nyttast til fredelege formål;
- fridom for vitskapeleg forsking
- internasjonalt vitskapeleg samarbeid skal fremmast
- territoriale krav skal leggast til side så lenge traktaten er i kraft
Eit samarbeidssystem med årlege møte, Antarctic Treaty Consultative Meeting (ATCM) er etablert. Planlegginga og tilskipinga av møta går på omgang mellom dei konsultative partane. I tillegg er det oppretta ein eigen miljøkomité – The Committee for Environmental Protection (CEP) – som gjer råd og anbefalingar til ATCM på miljøområdet.
Traktaten trådde i kraft 23. juni 1961, og alle land som er medlem av FN kan tiltre. I 2016 har traktaten 29 konsultative partar og 24 ikkje-konsultative partar.
Miljøprotokollen (CEP)
Protokoll om miljøvern til Antarktistraktaten utpeikar Antarktis til eit verneområde som skal vere vigt til fred og vitskap. Miljøprotokollen forpliktar traktatlanda til å samarbeide om planlegging og gjennomføring av aktivitetar i Antarktis. Partane pliktar å arbeide for å bevare miljøet og framset fleire viktige miljøprinsipp:
- avgrensing av aktivitetars ugunstige miljøpåverking
- prioritering av vitskapeleg forsking
- utføring av grundige konsekvensanalysar av all planlagt aktivitet
- overvaking av pågåande aktivitetar
Det er etablert ein eigen miljøvernkomité CEP (Committee for Environmental Protection) som gjer råd og anbefalingar til Antarctic Treaty Consultative Meeting (ATCM) på miljøområdet.
Miljøprotokollen vart underteikna den 4. oktober 1991 og tok til å gjelde den 14. januar 1998.
Forsking (SCAR)
Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) er ein komité under ICSU (det internasjonale forskingsrådet) og har som oppgåve å fremma, setta i verk og samordna vitskapeleg forsking i Antarktis.
SCAR har i 2016 medlemmar frå 31 land. Medlemmane er relevante organ i dei nasjonale vitskapsakademia eller forskingsråda som er medlemmar av ICSU, og som har eller planlegg antarktisforsking saman med relevante ICSU-organ.
Den vitskapelege verksemda blir i SCAR utført av arbeidsgrupper (Standing Scientific Groups). Desse representerer dei ulike disiplinane i antarktisforskinga og rapporterer til SCAR.
I tillegg til forskinga har SCAR også ei viktig rolle i å gje objektive vitskapelege råd til dei konsultative møta i Antarktistraktaten. SCAR gjev også råd om forvalting av Antarktis og Sørishavet til organisasjonar som UNFCCC og IPCC.
SCAR møtest annakvart år. Møta blir kombinerte med den vitskapelege konferansen «Open Science Conference» (SCAR OSC).
Norge i SCAR
Det norske medlemskapet i SCAR vert forvalta av Norsk Polarinstitutt. Instituttet koordinerer det nasjonale strategiske arbeidet blant anna gjennom regelmessige representantmøte, formidling av kommunikasjon og årleg rapportering til SCAR.
Kommisjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis (CCAMLR)
Konvensjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CAMLR) regulerer forvaltinga av marine levande ressursar (utanom kval og sel) i Antarktistraktatområdet og i havområda sør for Antarktiskonvergensen (området der dei kalde vassmassane frå sør møter dei varmare vassmassane frå dei nordlegare hava). Konvensjonen vart vedteken 20. mai 1980 og tok til å gjelde i 1982.
Forvaltinga finn stad gjennom Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR). På grunnlag av vitskaplege data som vert gjennomgåtte av vitskapskomiteen til CCAMLR, vedtek kommisjonen mellom anna fangstkvoter, regelverk og marine verneområde.
I 2015 har kommisjonen 25 medlemmer.
Noreg i CCAMLR
Utanriksdepartementet leiar den norske delegasjonen til dei årlege kommisjonsmøta.
Under CCAMLR er det også oppretta eit eiga overvakingsprogram (CEMP) som Norge deltar i, bl.a. gjennom Polarinstituttets arbeid på Bouvetøya. Siden midt på 1990-tallet har Norsk Polarinstitutt forska og overvaka sel- og pingvinkoloniene her. Denne overvakinga bidrar til forståing av interaksjonen mellom landbaserte predatorar og kommersielt fiske og blir brukt i CCAMLRs forvaltningsarbeid. Havforskningsinstituttet starta i 2011 eit overvakingsprogram av krill ved Sør-Orknøyene. Overvakingsprogramma er òg ein viktig del av miljøforvaltninga i Antarktis.
Overvaking av miljøet (CEMP)
I 1985 vart overvakingsprogrammet CEMP (CCAMLR Ecosystem Monitoring Program) oppretta. Noreg deltar i overvakingsprogrammet, og Norsk Polarinstitutt rapporterer data til prosjektet.
Logistikk (COMNAP)
For å kunne samordne logistikk for forsking i Antarktis betre blei COMNAP (Council of Operators and Managers of Antarctic Programs) etablert i 1988. Hovudoppgåva til COMNAP er å utveksle praktisk og operasjonell informasjon for å legge til rette for best muleg gjennomføring av forskingsrelaterte oppgåver i Antarktis.
COMNAP har medlemmer frå 30 nasjonale Antarktis-organisasjonar (2016) og Norsk Polarinstitutt representerer Noreg.
Selkonvensjonen (CCAS)
Selkonvensjonen CCAS (Convention for the Conservation of Antarctic Seals) vart vedteken i 1972 og regulerer fangst og forvaltning av dei antarktiske selbestandene. Grunna manglande økonomisk grunnlag samt press frå internasjonal opinion, blir det ikkje fanga sel i Antarktis i dag, og konvensjonen er derfor ikkje verksam.
Relevante sider