No skal vinnarkartet konkurrera om å bli det beste kartet i verda.

KARTMAKAR Anders Skoglund er topografen bak både Arktis-kartet og 3D-kartet frå Kongsfjorden, som begge skal konkurrera om å bli det beste kartet i verda under den internasjonale kartografikonferansen i Canada til sommaren. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Det ferske Arktis-kartet “The Arctic and beyond” fekk «folkejuryprisen» under dei årlege Geomatikkdagane, som er Noregs største uavhengige konferanse om teknologi, data og løysingar som bruker geografisk informasjon. I år blei konferansen halde i Bergen.

Vinnarkartet, som vart lansert tidlegare i år, er eit topografisk oversiktskart i målestokk 1:10 000 000 som viser land og hav nord for femtiande breiddegrad. I papirversjon er karta på nesten ein meter breitt og høgt.

VINNARKART 1 “The Arctic and beyond” vann folkejuryprisen i 2025 under Geomatikkdagane, og er dermed direkte kvalifisert til den internasjonale kartografikonferansen som blir halden annakvart år med fleire hundre kart i konkurransen. I år er konferansen i Canada. Kart: Anders Skoglund / Norsk Polarinstitutt

Innhaldsrikt

Arktis-kartet føyer seg inn i rekkja av topografiske, regionale og store oversiktskart som polarinstituttet har laga i nord og i Antarktis.

Eg kjenner berre til to kart av denne typen frå før, frå Canada og Storbritannia, så me tenkte at det er plass til eitt til. Kartet gjer ein veldig mykje riktigare geografisk framstilling av Arktis enn det ein til vanleg ser i mediebiletet, sa topografen bak kartet, Anders Skoglund, då kartet vart publisert.

Arktis-kartet innerhaldar også temakart i tre av fire hjørne, med oversikt over mellom anna vanlege definisjonar av Arktis, havis og havstraumar.

VINNARKART 2 Kartet «Kongsfjorden i 3D» vann folkejuryprisen under Geomatikkdagane i 2024 og blir også med til Canada i sommar for å konkurrera om å bli det beste kartet i verda. Kart: Anders Skoglund / Norsk Polarinstitutt

Frå noregsmeister til verdsmeister

Med førstepris på Geomatikkdagane vart kartet også direkte kvalifisert til å delta i den internasjonale kartografikonferansen som går føre seg annakvart år. I år blir det halde i august, i Vancouver i Canada, som ligg ved stillehavskysten berre åtte mil sør for yttergrensa av Arktis-kartet.

UT I VERDA Det blir spennande å sjå korleis både Arktis-kartet og 3D-kartet vil gjera det i den internasjonale kartografikonferansen til hausten, seier kartsjef Yngve Melvær frå polarinstituttet, her foran vinnarkartet av Kongsfjorden under Geomatikkdagane i 2024. Foto: Geomatikkdagane 

Med på reisa til Canada blir også 3D-kartet til polarinstituttet over Kongsfjorden på Svalbard, som fekk publikumsprisen under Geometikkdagane i 2024.

– Det er hyggjeleg at me igjen har vorte «Noregsmeistrar» i kartografi. Det blir spennande å sjå korleis både Arktis-kartet og 3D-kartet over Kongsfjorden vil gjera det i den internasjonale kartografikonferansen til hausten, seier ein fornøgd kartsjef Yngve Melvær.

Polarinstituttet har to gonger tidlegare fått prisen for det beste kartet i verda i denne internasjonale konferansen. Antarktis-kartet «Fimbulheimen – Satellite 1:250 000″ og «3D-kart Longyearbyen og omland» gjekk begge heilt til topps i høvesvis 2019 og 2015, begge karta med Anders Skoglunds signatur.