Torsdag 21. august markerer UiT Noregs arktiske universitet og Norsk Polarinstitutt at det er hundre år sidan Svalbard vart ein del av Noreg.

LONGYEARBYEN Heising av det norske flagget i Longyearbyen i 1925 i samband med at Svalbard vart norsk land. Foto: Adolf Hoel / Norsk Polarinstitutt  

Jubileet blir feira med eit ope heildagsseminar i Tromsø som belyser Svalbards rolle gjennom tidene – frå storpolitikk til samfunnsliv.

Ulike fagpersonar og samfunnsaktørar med kjennskap til Svalbard skal denne dagen innta podiet.

– Det er flott at vi her i Tromsø får markert dette jubileet med eit så innhaldsrikt fagseminar. Det er mange her i ishavsbyen som har eit nært forhold til Svalbard – og Tromsø har alltid vore ein viktig by for svalbardsamfunnet, seier polarhistorikar Harald Dag Jølle ved polarinstituttet.

Svalbardlova

Sjølve innlemminga av Svalbard skjedde gjennom ikraftsetjinga av Svalbardlova. Sidan den gong har Svalbard, som i areal utgjer like store område som Noreg sør for Dovre, vore ein del av det som etter grunnlova § 1 er eit «fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike».

Frå å ha vore eit samfunn prega av fangst og kolldrift, er Svalbard i dag eit mangfald av verksemder, med Longyearbyen – med sine om lag 2500 innbyggjarar – som sentrum for den menneskelege aktiviteten.

FORLØPAREN  Etter Noreg overtok suvereniteten av Svalbard i 1925, vart pengekrana til forsking brått skrudd att av Stortinget. Men den norske geologen Adolf Hoel hadde vidare ambisjonar og kom i 1925 med planar om eit permanent forskingsinstitutt som skulle ha ansvar for dei norske interessene i både Arktis og Antarktis. Og i 1928 kom altså Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser (NSIU), forløparen til Norsk Polarinstitutt, og Hoel blei leiaren av instituttet. Foto: Adolf Hoel / Norsk Polarinstitutt 

Norsk territorium, geopolitisk brikke og levande lokalsamfunn

Seminaret vert opna av UiT-rektor Dag Rune Olsen og direktør Camilla Brekke frå polarinstituttet, før ordstyrar Jørgen Berge leier første bolk, Inn i riket. Her tek professor Roald Berg for seg prosessen som førte til at Svalbard vart norsk, etterfølgd av førsteamanuensis og jurist Irene Vanja Dahl, som stiller spørsmålet: «Svalbard – eit folkerettsleg problem?».

Etter lunsj handlar det om Makt og avmakt, leia av ordstyrar og assisterande direktør Ellen Øseth. Foredraga tek for seg Svalbards strategiske posisjon i storpolitikken, Russlands rolle på øyriket i nord og korleis vitskap har vore brukt i politiske prosessar.

Dagens siste bolk, Svalbard – òg eit lokalsamfunn, vert leia av Einar-Arne Drivenes, tidlegare professor i historie ved UiT. Her vert det sett søkjelys på Longyearbyens utvikling frå 1976 til i dag, utfordringar knytte til grøn energi og energitryggleik, og framtidsperspektiv for busetjinga i Arktis.

Jubileumsdagen gjev både fagfolk og allmenta ein moglegheit til å få eit breitt og oppdatert bilete av Svalbards tyding – som norsk territorium, geopolitisk brikke og levande lokalsamfunn.

Sjå programmet her