Karttenesta TopoSvalbard er oppdatert med nye flyfoto frå Sveagruva, og gjer det enklare å følgje utviklinga i landskapet over tid.

Kartseksjonen ved Norsk Polarinstitutt har nyleg oppdatert karttenesta TopoSvalbard med nye flyfoto frå Sveagruva. Bileta er henta frå den første runden i den pågåande omløpsfotograferinga av Svalbard, som har som mål å dokumentere endringar i landskap og busetnad i øygruppa.
 
Frå tidlegare er også Longyearbyen, Barentsburg og Vindodden oppdaterte med nyare flyfoto i karttenesta.

Sveagruva flyfoto frå perioden 2008–2012. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Synlege endringar i Sveagruva

Sveagruva har gjennomgått store endringar dei siste åra, etter nedbygging av gruveverksemda og restaurering av området. Sveagruva var ei av dei største kolgruvene på Svalbard. Den var eigd og driven av selskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Kolutvinning starta der tidleg på 1900-talet, og gruva hadde eigen flyplass og hamn for transport av kol. I 2016 vedtok norske styresmakter å leggje ned drifta. Etter nedlegginga har området vorte rydda og tilbakeført til naturen. Målet er at naturen på Svea skal bli mest mogleg lik slik ho var før gruvedrifta. Desse endringane kjem no tydeleg fram i TopoSvalbard gjennom dei nye bileta.
 
For å gi brukarane eit betre samanlikningsgrunnlag har kartseksjonen også lagt inn eit nytt kartlag med historiske flyfoto frå den førre omløpsfotograferinga (2008–2012). I tillegg finst eldre flyfoto frå 1936/1938, som viser eit Svalbard med langt mindre menneskeleg påverknad.

Sveagruva, flyfoto frå perioden 1936-1938. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Tre tidsauge i eitt kart

Med oppdateringa kan brukarar no samanlikne tre ulike tidsperiodar i TopoSvalbard: 1936/1938: tidleg dokumentasjon av landskapet, 2008–2012: nyare historiske flyfoto og 2026:  oppdaterte og pågåande opptak. Dette gir eit unikt innblikk i korleis både natur og menneskeleg aktivitet har påverka Svalbard gjennom nesten 90 år.

Sveagruva i 1950, den gongen gruva var i full drift, og den vesle «bygda» yra av liv med arbeidarar og travle kvardagar midt i det arktiske landskapet. Foto: Leif Pedersen / Norsk Polarinstitutt 

Enklare tilgang for brukarar

Norsk Polarinstitutt oppmodar brukarar til å utforske karttenesta sjølve. Ved å gå inn på karttenesta kan ein enkelt veksle mellom kartlaga ved å trykkje 5, 9 og 0 på tastaturet.  Oppdateringa er ein del av eit større arbeid med å halde TopoSvalbard oppdatert og relevant som eit verktøy for overvaking og dokumentasjon av miljøet på Svalbard.

To personar flyttar et transportband i Sveagruva, 1949. Foto: Leif Pedersen / Norsk Polarinstitutt 

Eit av fleire bilete frå Sveagruva i biletearkivet til Polarinstituttet. Til dette biletet står følgjande skildring: Vaktmannen ved Sveagruva, saman med Ludvig Sørensen, fru Sørensen og Gunnar Aasgaard, 1940. Foto: Norsk Polarinstitutt  

Scroll to top