Då om lag 40 konferansedeltakarar vart forseinka på grunn av flyproblem, sat arrangørane att med mat berekna på langt fleire gjester. I staden for at maten gjekk til spille, sørgde Norsk Polarinstitutt og The Edge for at overskotet kom lokal veldedsemd til gode.

BEREKRAFT PÅ MENYEN Om lag 40 konferansedeltakarar vart forseinka, men maten gjekk ikkje til spille. – Den beste maten å redde er den som allereie er laga, seier bankettsjef ved The Edge, Sigbjørn Workinn, her med to tallerkenar som får nytt liv hos andre mottakarar. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Over 200 deltakarar er påmelde den tre dagar lange konferansen, som samlar ekspertar og leiarar innan operasjon og logistikk frå land med forskingsaktivitet i Antarktis.

Målet er å styrkje samarbeid, logistikk og tryggleik i verdas sørlegaste forskingsområde.

Norsk Polarinstitutt, som arrangerer konferansen saman med COMNAP, valde The Edge som arena mellom anna på grunn av hotellet sin sterke berekraftsprofil. Valet er i tråd med miljøprinsippa i Antarktistraktaten, som forpliktar aktørane til å minimere miljøavtrykket gjennom mellom anna meir berekraftig transport, redusert avfall og mindre bruk av emballasje.

OPNINGA Logistikk, tryggleik, søk- og redningsarbeid, transport og drift av forskingsstasjonar er sentrale tema under COMNAP-møtet i Tromsø. Arbeidet i Antarktis krev nært samarbeid på tvers av landegrenser i eit område prega av store avstandar, ekstremvêr og utfordrande operative forhold. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Lokal mat 

Hotellet legg stor vekt på ein grøn profil, med fokus på lokale råvarer, kortreist mat og målretta arbeid for å redusere matsvinn.

– Når vi samlar menneske frå heile verda for å diskutere forsking, logistikk og framtida for polarområda, er det naturleg at vi òg tenkjer på korleis sjølve konferansen blir gjennomført. Ved å bruke lokale leverandørar støttar vi næringslivet i regionen, reduserer transportbehovet og gjev deltakarane ein smak av Nord-Noreg. Berekraft handlar om summen av mange små og store val, seier Erland Loso, avdelingsdirektør ved Norsk Polarinstitutt.

Men sjølv den beste planlegginga kan bli utfordra av forhold utanfor arrangørane si kontroll.

GRØN PROFIL Val av lokale råvarer, redusert matsvinn og smarte ressursval er nokre av tiltaka som gir COMNAP-konferansen i Tromsø ein tydeleg berekraftsprofil. Bankettsjef Sigbjørn Workinn frå The Edge saman med arrangørane frå polarinstituttet: spesialrådgjevar Nalân Koç, avdelingsdirektør Erland Loso og operasjonsleiar Lisbeth Hansen. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt.

Til matsentralen 

Om lag 40 deltakarar vart kraftig forseinka som følgje av flyproblem på Gardermoen, og rakk derfor ikkje fram til den første konferansedagen. Dermed stod arrangørane og hotellet brått att med lunsjmat og servering berekna på langt fleire enn dei som faktisk møtte opp.

I staden for at maten skulle gå til spille, fann Norsk Polarinstitutt og The Edge raskt ei løysing: Overskotsmaten vart donert til lokal veldedsemd.

Vi brukar mykje tid på å planleggje innkjøp og produksjon for å unngå unødvendig svinn. Når uføresette hendingar gjer at talet på gjester endrar seg, er det fantastisk å kunne samarbeide med kundane våre, som Polarinstituttet i dette tilfellet, slik at god mat kjem til nytte. Den beste maten å redde er den som allereie er laga, seier bankettsjef ved The Edge, Sigbjørn Workinn.

Han meiner at hotell, konferansearrangørar og deltakarar alle har eit ansvar for å tenkje gjennom ressursbruken.

– Smarte innkjøp, lokale råvarer, gjenbruk, redusert energiforbruk og gode løysingar for handtering av overskotsmat kan til saman gje betydelege gevinstar.

TRYGGLEIK I FELT Etablering av leir i Dronning Maud Land under forsking på isbremoverflata langs brekanten i Antarktis. I polarområda handlar tryggleik om langt meir enn naudutstyr og beredskap. God planlegging, grundige risikovurderingar, god kommunikasjon, effektiv logistikk, miljøomsyn og tett samarbeid er avgjerande for å gjennomføre forsking på ein sikker og ansvarleg måte. Dette er òg sentrale tema under COMNAP-møtet i Tromsø denne veka. Foto: Elvar Ørn Kjartansson / Norsk Polarinstitut

Frå ord til handling 

For ein konferanse som samlar fagfolk som arbeider med nokre av verdas mest sårbare naturområde, er det kanskje ekstra viktig at berekraft òg blir praktisert ved buffetbordet.

– Når vi samlar menneske for å diskutere klima, miljø og framtidas løysingar, må vi òg ta ansvar for korleis vi møtest. Eit grønt møte er med på å vise at vi let handling følgje ord, seier Erland Loso. 

Norsk Polarinstitutt og COMNAP-sekretariatet håpar no at deltakarane som framleis sit flyfaste i Oslo, rekk fram til konferansen sin andre dag. Dersom ikkje, kan det hende at Matsentralen får fleire hyggelege leveransar frå The Edge før veka er omme.

Scroll to top