Medan folk i Noreg har lyse sommardagar, har dei seks overvintrarane på den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis nyleg feira sin eigen julaftan midt i vintermørket.

OVERVINTRARANE SESONG 2025–26 Frå venstre: ekspedisjonslege Michael Johansson, kokk Anna Matton, forskingsteknikar Arnfinn Bjelland, elektrikar Magnus Brommeland, røyrleggjar og driftsteknikar Svend Tore Aasvik og mekanikar Henrik Natvik. Foto: Selvutløysar
Midtvintermarkeringa er ein lang tradisjon på Troll. På stasjonen markerer overvintrarane at dei har kome seg gjennom den mørkaste delen av året, og at sola så smått er på veg tilbake over horisonten.
Årets «julaftan» vart feira den 24. jul(i) med god mat og sosialt samvær.
Til lunsj stod det tradisjonell julegraut med mandel på menyen, medan middagen baud på både pinnekjøt og ribbe med tilbehøyr. Julematen var, som all annan mat på Troll, frakta til stasjonen rundt nyttår med båt og deretter med beltevogn frå iskanten og fram til stasjonen, som ligg inne på Antarktisplatået.

LYSARE DAGAR Når dagane blir lysare i sør, går vi her nord på kloden gradvis inn i mørketida. På biletet ser vi hovudstasjonen på Troll, der overvintrarane bur. Foto: Norsk Polarinstitutt.
Vêrhard vinter
Seinare denne julikvelden samla Troll-laget seg til pakkeleik og kortspel, fortel ein av dei seks overvintrarane, mekanikar og teamleiar Henrik Natvik.
Sjølv om stemninga inne på stasjonen var prega av julekos, var vêret mindre fredeleg.
– På sjølve «julaftan» herja ein kraftig snøstorm rundt stasjonen. Gjennom juli har det vore mykje vind og fleire kraftige stormar med vindkast på opptil 40 til 50 meter i sekundet. Vinteren har elles vore mørk og kald, så vi har tilbrakt mindre tid utandørs enn vanleg, seier Natvik.

TRADISJONSMAT Det vart servert tradisjonell norsk julemat på julaftan. Foto: Anna Matton / Norsk Polarinstitutt
Ny sommar for tur
No merkar dei likevel ein liten forskjell. Sola har byrja å vise seg over horisonten att, og overvintrarane håpar på fleire klare dagar slik at dei kan få nyte litt meir dagslys etter månader med mørketid.
Trass i det krevjande klimaet går kvardagen på Troll sin vante gang. Arbeidsdagen varer frå klokka 08.00 til 15.30, medan ettermiddagane blir brukte til trening, avslapping og felles aktivitetar.
Med julaftan vel overstått og sola på veg tilbake, går det sakte, men sikkert mot lysare tider på den norske forskingsstasjonen i Antarktis.
Dei seks overvintrarane er no godt over halvvegs i opphaldet sitt på Troll. Ved månadsskiftet oktober–november landar det første flyet i sommarsesongen på flystripa ved Troll-stasjonen. Om bord er mellom anna dei seks nye overvintrarane, som etter kvart skal ta over for dagens mannskap. Deretter kjem fleire fly med personell til Troll, og sommarsesongen er i gang for fullt med forsking, logistikkarbeid og anna aktivitet ved stasjonen.

SOMMARBILETE Troll forskingsstasjon og omlandet sett frå nunataken (fjellet) Trollhaugen. Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt
