Sjølv om arbeidet aldri stoppar heilt på Troll, skal påska markerast.

MØRKETID Når dagane blir lysare i nord går samstundes Antarktis inn i mørketida. På biletet ser vi hovudstasjonen på Troll der overvintrarane bur. Foto: Norsk Polarinstitutt 

Mens hausten senkjer seg over Dronning Maud Land og mørket kryp nærare, gjer dei seks overvintrarane ved forskingsstasjonen Troll i Antarktis seg klare for litt påskefri. 

– Påsken blir den første og lengste friperioden vi har hatt gjennom heile opphaldet, seier mekanikar Henrik. 

Han fortel at kvar dag skal éin person ha beredskapsvakt, men elles blir det tid til frisk luft og tur i nærleiken av stasjonen, viss vêret held. 

– Vi tenkjer å ta ein fjelltur eller skitur, og kanskje blir det litt afterski med grilling.

PÅSKESTEMNING Påskepynt og godt i fellesstova på Troll. Foto: Norsk Polarinstitutt

Overvintringa har starta 

Overvintrarane har vore på Troll i snart fem månader. Dei kom til stasjonen i haust medan det framleis var vår i Antarktis, og brukte dei første vekene på å lære rutinar og oppgåver, godt rettleidde av førre overvintringsteam i ein overlappande periode.

Sidan den gong har dagane gått i eitt: drift av stasjonen, vedlikehald, førebuingar til vinteren og ei stadig større grad av sjølvstende.

I månadsskiftet februar/mars vinkte overvintrarane farvel til sommarpersonellet då sesongens siste fly tok av frå Troll flystripe. 

– Det var då overvintringa starta for alvor. 

No er det berre seks som er att på stasjonen: røyrleggjar/driftsteknikar, forskingsteknikar, elektrikar, lege, mekanikar og kokk. Dei skal halde Troll i drift heilt til november, når fly igjen kan lande på flystripa og bringe med seg sommerpersonell og forskarar til ein ny sommar i sør.

MEKANIKAREN Henrik er mekanikar og teamleiar under årets overvintring på Troll. Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Vêrhardt 

Den siste tida har temperaturen på Troll lege rundt –20 grader, med klårvêr som plutseleg kan slå om til snøbyer. Vêret skiftar raskt i Antarktis, og overvintrarane må vere budde på både kulde og uvêr.

For å halde stasjonen trygg gjennom vinteren, samarbeider dei tett om ei rekkje fellesoppgåver som å produsere vatn, fylle diesel, lage mat og sikre køyretøy og bygg før uvêret set inn.

OVERVINTRARANE ANNO 2025–26 Frå venstre: elektrikar Magnus, røyrleggjar Svend, kokk Anna, ekspedisjonslege Michael, mekanikar Henrik og forskingsteknikar Arnfinn. Bildet blei tatt i haust før overvintrarane reiste sørover til Troll. Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Kvardagslivet i isøyda

Mekanikaren Henrik, som opphavleg kjem frå Lærdal, har tidlegare arbeidd to sommarsesongar på Troll. Han trivdest så godt at han tok steget vidare og søkte overvintring.

– Eg likar meg veldig godt her nede, eg synest eg lærer noko nytt kvar dag. 

Når arbeid og vaktplanar tillet det, fyller dei gjerne dagane med trening, TV-spel, kortspel, brettspel, badestamp og badstove. Maten er også eit høgdepunkt, kokken sørgjer for gode måltid og små stunder av luksus midt i isøyda.

Gjengen prøver òg å vere mest mogleg utandørs før vinteren slår til for fullt. Samstundes har dei fleire hobbyprosjekt på gang innandørs, mellom anna bygging av Lego, knivar og eit trebyggjesett av polarskuta Gjøa, Roald Amundsens fartøy på den velkjende Nordvestpassasjen-ekspedisjonen.

PINGVINBESØK I januar i år kom det ein særs sjeldan gjest til Troll: ein adeliepingvin. Les meir om besøket i denne artikkelen Foto: Lars Sletten / Norsk Polarinstitutt 

Når naturen skiftar ham

Sjølv om vinteren berre så vidt har byrja, er endringane i naturen tydelege. Dagane blir stadig mørkare og kaldare, og fjella som stig opp av isen ligg stille og lydlause. Snøpetrellane som hekkar der om sommaren, har forlate området og floge ut i Sørishavet for å overvintre.

Trass i det spesielle miljøet og vissheita om at dei ikkje kan forlate Antarktis før nærmare jul, er stemninga god på stasjonen, fortel Henrik. 

– Naturen her er heilt fantastisk, med stjernehimmel og sørlys som verkeleg får deg til å stoppe opp. Og så er det ein fin gjeng å overvintra saman med. 

Og snart ventar polarnatta, og eit nytt kapittel i året på Troll.

Scroll to top