Framfor dei ventar eit år prega av mørketid, sterke naturopplevingar, tett samarbeid og utfordringar som få andre får oppleve.

KLARE FOR EITT ÅR I ANTARKTIS Dei seks overvintrarane, Jakob Weiseth (t.v.), Victoria Linett Enersen, Runar Grøneng, Geir Fisketjøn, Hilde Fiskvik og Marius Sæther, var tidlegare i haust samla i Tromsø og på Svalbard for opplæring og førebuingar. No er dei snart klare til å setje kursen sørover, der dei skal bu og arbeide ved Troll forskingsstasjon gjennom eit heilt år. Foto: Ivan Ortegon / Norsk Polarinstitutt
Dei seks overvintrarane er snart klare til å setje seg på flyet som skal ta dei sørover til verdas mest isolerte og vêrharde kontinent. Det neste året skal dei halde drifta ved den norske forskingsstasjonen i gang.
Dei første månadene skal overvintringsteamet arbeide saman med sommarpersonellet, men frå slutten av februar blir dei seks åleine att på stasjonen. Då startar overvintringa for alvor.

TROLL Troll forskingsstasjon ligg på fast fjellgrunn i innlandet av Dronning Maud Land, tett ved nunatakkane, fjelltoppar som stikk opp gjennom iskappa. Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt
Vi har teke ein prat med dei nye overvintrarane og stilt dei eit enkelt spørsmål: Kva gler du deg mest til på Troll?
I løpet av det komande året vil vi få fleire glimt frå arbeidskvardagen og livet til dei seks overvintrarane, medan dei bur og arbeider i eitt av dei mest utilgjengelege områda på jorda.

RØYRLEGGJAR Jakob Weiseth. Foto: Ivan Ortegon / Norsk Polarinstitutt
Jakob Weiseth (34)
Frå: Tingvoll
Yrke: Røyrleggjar
Jakob har tidlegare erfaring frå Svalbard og polarområda.
– Eg har alltid likt livet i nord og ser fram til eit nytt polareventyr, men no på den andre sida av kloden. Dette blir både spennande og lærerikt.

KOKK Victoria Linett Enersen. Foto: Ivan Ortegon / Norsk Polarinstitutt
Victoria Linett Enersen (39)
Frå: Oslo
Yrke: Kokk
Victoria ser fram til utfordringa med å lage gode måltid av råvarene som er tilgjengelege på stasjonen.
– Eg gler meg til å vere kreativ med råvarene vi har. Kanskje blir det også mogleg å dyrke litt karse og finne nye løysingar undervegs.

ELEKTRIKAR Runar Grøneng. Foto: Ivan Ortegon / Norsk Polarinstitutt
Runar Grøneng (32)
Frå: Florø
Yrke: Elektrikar
For Runar er det kombinasjonen av isolasjon, samarbeid og teknologi som lokkar mest med året i Antarktis.
– Det blir spennande å leve så tett på eit lite team over lang tid. Samstundes er eg motivert av utviklinga på Troll, med grøn energi, solceller og batterisystem. Det blir spennande å vere med på å ta stasjonen inn i ein ny æra.

FORSKINGSTEKNIKAR Geir Fisketjøn. Foto: Ivan Ortegon / Norsk Polarinstitutt
Geir Fisketjøn (42)
Frå: Suldal
Yrke: Forskingsingeniør/teknikar
Etter mange år i kraftbransjen ønskjer Geir nye utfordringar.
– Eg gler meg til å gjere noko heilt annleis og kome utanfor komfortsona. Dette er ei unik moglegheit til å prøve seg på noko nytt.

LEGE Hilde Fiskvik. Foto: Ivan Ortegon / Norsk Polarinstitutt
Hilde Fiskvik (57)
Frå: Oslo/Rendalen
Yrke: Lege
Hilde ser fram til både faglege og personlege utfordringar.
– Eg gler meg til å samarbeide med menneske frå heilt andre fagfelt og lære nye ferdigheiter. Dette er ei oppleving svært få får moglegheit til å vere med på. Som lege vil eg sjølvsagt arbeide for at vi unngår alvorlege skadar og infeksjonar gjennom året.

MEKANIKAR Marius Sæther. Foto: Ivan Ortegon / Norsk Polarinstitutt
Marius Sæther (28)
Frå: Arendal
Yrke: Mekanikar
Marius ser fram til å oppleve eit heilt nytt miljø.
– Det blir spennande å bu så isolert og tett på den antarktiske naturen. Eg gler meg til nye opplevingar og til å halde meg aktiv med trening gjennom året.
Troll – Noregs forskingsstasjon i Antarktis
- Lokalisert om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen i Dronning Maud Land
- I drift heile året
- Base og utgangspunkt for biologisk, glasiologisk og geologisk feltarbeid i sommarsesongen
- Heilårsbase for kontinuerlege, langtidsovervakingsserier innanfor meteorologi, stråling, atmosfære, øvre atmosfære, miljøgiftar og seismologi.
- Les meir om Troll

