Noregs konsulat i Shanghai inviterte nyleg til eit webinar om klimaendringar og effektar i naturmiljøet i Arktis. Fleire norske og kinesiske institusjonar deltok.
Generalkonsul Lise Synnøve Nordgaard i Shanghai, opphavleg frå Tromsø, innleidde, før direktør Ole Arve Misund fortalde om polarinstituttets prioriterte forskingsfelt i Arktis.
Polarinstituttets forskarar Francoise Collard og Jack Kohler deltok òg med innlegg. Collard fortalde om mikroplast i havet og Kohler om isbreovervakinga til instituttet på Svalbard.
Med på webinaret deltok òg professor Marit Reigstad frå UiT Noregs arktiske universitet, og forskar Stein Sandven ved Nansensenteret i Bergen.
Kinesisk forskarar frå det polarinstituttet PRIC i Shanghai, Tongji universitetet, Wuhan universitetet og Shanghai Jiaotong universitetet deltok òg med innlegg om klimaforsking i Arktis.