Full mobilisering frå fugleriket då reven ville fakke ein gåsunge.
Kongsfjorden på Spitsbergens vestkyst er eit av dei frodigaste områda på Svalbard.
Allereie ved innseilinga til Ny-Ålesund, ligg fuglefjella som perler på ei snor. Her levar krykkje, havhest, polarlomvi og lunde i tusental, side om side.
Også tjuvjo, rødnebbterne og fjæreplytt er vanlege syn i fjorden.
På dei flate holmane midtfjords hekkar ærfugl og gjess, og tett på dei er polarmåka og fjellreven – på jakt etter egg og fugleungar frå dei bakkehekkande fuglane.
Innimellom kjem ein isbjørn eller fleire inn i fjorden, også dei for å forsyna seg av fuglereira på holmane.
I sjøen finst det ringsel og storkobbe, og på tundraen beitar reinsdyra.
Til dette dyreriket kjem forskarar frå mange land kvar sommar for å studera naturen i og rundt fjorden.
Drama mellom husveggane
Men du treng ikkje dra langt for å ta del i dyrelivet. Det held å beskue det frå stovevindauget, som var tilfelle for stadleg leiar Helge Tore Markussen ved Ny-Ålesund forskingsstasjon, då han nyleg observerte den lokale reven på raid mellom husa etter mat blant kvitkinngjessane.
Reven er ein driven jeger, og har tidlegare tatt fem kvitkinnungar i eit angrep, og ved fleire høve sikra seg vaksen gås som måltid. Den skal òg ha ein nokså stor ungeflokk å fø, lenger inne i fjorden.
Fugleungane er ekstra lett byte i tida før dei blir flygedyktige, men denne gongen møtte reven motstand, frå fuglriket.
– Kvitkinngjessane gjekk i «krigsvern» rundt gåsungane, samtidig som éin stod fram med kraftige vengeslag for å verna dei.
Og om ikkje bakkemotstand var nok, så vart reven òg utsett for luftangrep.
– Ternene har reir i området, og dei gjekk til angrep på reven frå lufta, fortel Markussen.
Resultatet vart at reven pilte av gårde, med halen mellom beina.
Ny-Ålesund
- Ligger midtveges i Kongsfjorden
- Eit av dei nordlegaste samfunna i verda med heilårsbusetning
- Tidlegare gruveby
- No internasjonalt senter for arktisk forsking og overvaking
- Varmere globalt klima har ført til ei betydeleg oppvarming av vatnet i Kongsfjorden
- Milepæl og eit skifte frå kaldt til varmt vann i fjorden i åra 2006-2008
- Mesteparten av fjorden har sidan den gong vore isfri gjennom heile vinteren
- Ca 40 fastbuande, og mellom 150-180 om somrane
- Var tidlegare utgangspunkt for forsøk på å nå Nordpolen, knytt til namn som Amundsen, Ellsworth og Nobile
- Har flyplass og kaianlegg.
Kjelder: www.npolar.no