India's ambassadør Dr. B. Bala Bhaskar og ambassadesekretær Deepak Pasricha gjesta Polarinstituttet i Longyearbyen.
Ambassadør Bhaskar vart tatt imot av direktør Ole Arve Misund og internasjonal direktør Kim Holmèn.
– Ambassadøren fekk orientering om Polarinstituttets aktivitetar og samarbeid med indiske polarforskarar, opplyser Misund.
Norsk Polarinstitutt samarbeider med NCPOR (National Centre for Polar Research), som har hovudkontor i Goa i India. NCPOR er aktive i Ny-Ålesund forskingsstasjon der dei leiger ein bygning som dei kallar Himadri-stasjonen, i tillegg til at dei deltar i Ny-Ålesund flaggskips-program.
I Dronning Maud Land i Antarktis har India ein eigen forskingsstasjon som heiter Maitri, som Polarinstituttet òg har samarbeid med.
Ambassadøren fekk høyra om klimaendringane i Arktis og på Svalbard spesielt. Med på møtet med ambassadøren var indiske Neelu Singh som no er post.doc ved Polarinstituttet, og Dr. Shridhar Jawak som jobbar med fjernmåling i SIOS.
Ambassadøren besøkte òg Sysselmannen og Svalbard Museum