I år fyller Forskingsdagane 30 år, og markerar jubileet med eit tema som engasjerar, nemleg helse. 

ISBJØRNHELSE Under Forskingsdagane i Tromsø kan du høyre foredrag om helsa til isbjørnen. På biletet ein isbjørn som er bedøvd i forskingas øyemed. Foto: Jon Aars / Norsk Polarinstitutt 

Årets tema: Helse

Helse angår oss menneske fysisk og psykisk, men også dyrehelse og helse i hav og natur er aktuelle forskingsfelt å formidla frå under Forskingsdagane.

Sunn mat og sunt kosthald for menneske og berekraftig fôr for dyr og fisk er også viktige sider ved helsetemaet. Fleire av FNs berekraftsmål handlar nettopp om helse, tilgang til mat og reint vatn, i tillegg til omsyn til livet på land og i havet.

Opnar polarbiblioteket 

Laurdag 28. september kl 10-15 blir det arrangert Fritt Fram! på Framsenteret og på Polaria, i samband med forskingsdagane. Polarinstituttet tar årets hovudtema på alvor og riggar til eit lite «fuglesamfunn» i polarbiblioteket i Framsenteret for å fortelja om arktiske sjøfuglars liv og helse.

Biologar frå polarinstituttet stiller på stand og delar kunnskap om smått og stort om fuglelivet i nord. Eit aktuelt tema som vi får høyre om er fugleinfluensaen som har ramma arktiske sjøfuglar med fatale utfall.

FUGLEHELSE Fugleinfluensa og flått har vorte eit aukande problem for nokre fugleartar i Arktis. Under Fritt Fram får vi høyre meir om desse tema og mykje meir. På bilete ein lundefugl fotografert under feltarbeid på Bjørnøya. Foto: Hallvard Strøm / Norsk Polarinstitutt 

Fuglehelse 

Vi stiller også ut fleire artar utstoppa sjøfuglar, viser fersk film frå fuglefjella på Bjørnøya og så kan nysgjerrige ta den berykta fugleflåtten i nærare augnesyn.

Det blir barnekrok, polarbibliotekarane stiller ut fuglelitteratur og elles blir det god stemning om du tek turen innom. Kaffibar har me òg, og ei ekstra etande overrasking til alle barn som kjem innom.

FRITT FRAM!  Under fjorårets Fritt Fram! vekta polarinstituttet vegetasjonsforsking og 150-års jubilet av botanikar Hanna Resvoll Holsmen. På bilete ser vi vegetasjonsforskar Virve Ravolainen og ein av dei nyfikne besøkande i polarbiblioteket. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Foredrag om miljøgiftar i isbjørn  

Det blir og eit foredrag om helsa til isbjørn. Kl 12.00 i kinosalen i Polaria skal isbjørnforskar Jon Aars frå polarinstituttet fortelja om dei høge nivåa av miljøgiftar som er funne hos isbjørn på Svalbard og andre stadar i Arktis, og vi får høyra korleis giften påverkar helsa til den arktiske kjempa.

Feire institusjonar i Framsenteret held stand i Lysgården og på Polaria, kantina er open og serverer fersk bakst. Gratis inngang!