Kva skjular seg i Polhavet ? Er det nokre miljøgiftar vi må passa oss ekstra for?
Dette og meir til får du svar på om du kjem innom polarbiblioteket på laurdag.
Laurdag 1. oktober opnar vi biblioteksdørane i Framsenteret, under Forskingsdaganes Fritt Fram!
I Framsenteret arbeidar forskarar og andre som driv med klima- og miljøforsking. Laurdag får besøkande sjå inn i deira kvardag når fleire av institusjonane på senteret held ope hus.
I polarbiblioteket riggar forskarare frå Norsk Polarinstitutt seg til med forskingsutstyr som dei brukar i felt og på laboratorium. Dei skal fortelje kva utstyret blir brukt til, korleis og kvifor – til alle som vil høyra på.
Du får òg vita kva dei fann i det nordlege Polhavet då dei granska djupet i sommar, og du får høyra korleis du kan bidra til at færre miljøgiftar hamnar i havet.
Vi byr på polarquiz – med premiar – velkommen inn!
Tid og stad: Laurdag 1. oktober kl. 1100 – 1500, i biblioteket, Framsenteret.
Gratis inngang inklusiv på Polaria (rett ved).
Les meir om Fritt Fram! og kva anna du kan oppleva denne dagen.
Mersmak held open kafé frå 11.00 til 15.00 i 2. etasje på Framsenteret.
Forskningsdagene
- Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd.
- Framsenterets sekretariat produserar og koordinerar ein del av aktivitetane i Tromsø og nord i landet.
- Hav er hovudtema for Forskingsdagane 2022