Noreg og 14 andre europeiske land er einige om å oppretta det hittil største verneområdet for sjøfugl nordaust i Atlanterhavet.
– Dette er godt nyttår for sjøfuglane, seier fugleforskar Hallvard Strøm ved Norsk Polarinstitutt.
Verneområdet vart vedtatt 1. oktober i år i Portugal under ministermøtet for partane i OSPAR-konvensjonen, og blir det største verneområdet for sjøfugl nordaust i Atlanterhavet.
Nøkkelområde
OSPAR er ein internasjonal avtale med føremål om å verne det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet.
Verneområdet er på 595 196 km2 og har fått namnet North Atlantic Current and Evlanov Sea basin Marine Protected Area. Det ligg vest av Irland og sør-vest av Grønland og Island.
Området er peika ut fordi havstraumane og næringsforholda gjer at det egnar seg spesielt godt som oppholdstad for ulike sjøfuglartar.
Konkurrerar om maten
Sjøfuglar hentar næringa si frå havet. Nokon av dei hentar all maten i havet, medan andre finn delar av næringa si der.
Desse fuglane reiser over lange avstandar og møtar utfordringar både i leveområde til havs og på land.
Det er klimaendringane med stigande havtemperaturar som er hovudårsaka til at dei femten landa gjekk saman om å etablere verneområdet.
Førekomstar av viktige næringsdyr endrar seg når havet blir varmare, som i neste runde påverkar livsbetingelsane for fleire sjøfuglartar. Det blir færre av fuglane som har levd i Arktis i lang tid, samstundes som fleire sørlege artar slår seg ned og konkurrerar om maten med dei stadeigne artane.
Sporing av norske sjøfuglar
Sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK har bidratt med data og kunnskap som underlag for det nye verneområdet.
Gjennom systematisk sporing av norske sjøfuglbestandar med lysloggar har ein kartlagt kor fuglane oppheld seg om vinteren.
– Arbeidet har vist at området som no er verna i regi av OSPAR er viktig for norske sjøfuglar – og såleis har forskingsresultata bidratt til å styrke bevaringa av denne truga artsgruppa, seier Strøm.
Landa blei samstundes einige om ein felles strategi for Nordaust-Atlanteren fram mot 2030 for å redusere forureining, bevare og styrke det biologiske mangfaldet og begrense klimaendringanes påverknader på havmiljøet.
Strategien inneheld også mål for å bekjempe forsøpling og forureining. Førekomst av eingongsplast og plast i sjøen og på strender skal reduserast med minimum 50 prosent innan 2025, og med 75 prosent innan 2030.
I tillegg til Noreg og Portugal omfattar OSPAR-konvensjonen Sverige, Danmark, Finland, Island, Belgia, Frankrike, Luxembourg, Tyskland, Irland, Nederland, Spania, Sveits og Storbritannia. Også EU deltar i arbeidet med å ta vare på det nordaustlege Atlanterhavet.