Islabben til polarinstituttet vart redninga.
I vekesvis har elevane Noah Valio-Engebø, Sindre Sørbye og Snorre Bergland venta på snø. Ikkje i første omgang for å boltra seg i skibakkane, men for å løysa ei viktig skuleoppgåve om eksos i snø.
Berga skuleprosjektet
Då snøen lét vente på seg i ein så langt uvanleg snøfattig Tromsø-vinter, så det mørkt ut for heile skuleprosjektet. Om få veker skulla resultata leggast fram under skuledelen til konferansen Arctic Frontiers Men i ein by med fleire forskarar som til dagleg jobbar med både snø og is, var det ikkje vanskeleg å finna nødløysingar.
– Polarinstituttet inviterte oss til å bli med i islaboratoriet, fortel skuleelevane som alle tre går i andre klasse på Forskerlinja ved Kongsbakken vidaregåande skule i Tromsø.
Og inne i det ganske nyåpnede Torgny Vinjes is- og klimalaboratorium i Framsenteret fekk elevane vera med havisforskar Benjamin Lange å arbeida med iskjernar frå havisen i Arktis, og som blir brukt i klimastudiar.
– I islaboratoriet blir is og snøprøvar frå både Arktis og Antarktis opparbeidd og analysert til ulike formål, forklarer Lange.
Iskjernar frå Polhavet
Temperaturen i laboratoriet blir tilpassa ulike analysar, men typisk arbeidstemperatur er cirka 15 – 20 kuldegrader. Elevane vart kledde med varme klede når dei sette i gang å arbeida i kulda.
Iskjernane stammar frå havisen i Kongsfjorden ved Ny-Ålesund på Svalbard og Framstredet, havområdet mellom Svalbard og Grønland.
Då elevane endra oppgåva frå å handla om studiar av lokal snø til å dreia seg om langvegsfarande havis, syntes dei det var greitt, og relevant. Snø syg til seg partiklar, som eksos. Men is har liknande eigenskapar, is kan òg samla opp luftforureining.
– Det er lærarrikt å vera her å sjå korleis forskarane jobbar og høyra dei fortelja kvifor dei gjer dei ulike tinga, fortel elevane.
Dykkar i isens historie
Benjamin Lange instruerte elevane korleis dei skulle kutta iskjernane, for deretter å registrera og sortera dei i posar. Seinare skal iskjernane undersøkast nærare i våtlabben, der forskarar arbeider med smelta prøvar frå is og snø, førebu eksperiment og dokumentera analysar knytt til ulike klima- og miljøstudiar.
– Vi skal ta nokon saltholdighetsmålinger av isen, fortel Lange.
Kva kan saltholdighet fortelja om is?
– Saltholdigheten fortel om historikken til isen. Eittårsis, som er is som ikkje har gjennomgått ein sommarperiode, har ein høgare saltholdighet. Isen frå Kongsfjorden som elevane jobbar med er eittårsis. I Framstredet finst det derimot både eittårsis og eldre fleirårsis. Fleirårsis har drevet rundt i Polhavet og «overlevd» minst ein sommar av smelting. Når isen delvis smeltar så blir salta i isen fjerna med smeltevatn, og isen får ein mykje lågare saltholdighet. Når det igjen blir danna is på botnen av fleirårsisen har desse laga høgare saltholdighet, og dermed kan ulike lag i isen fortelja noko om oppveksten av isen.
Gjer innsyn i klimaprosessar
Frå ein typisk iskjerne frå havis kan ein finna informasjon som temperatur, saltholdighet, kjemiske eigenskapar og gassammensetningar, isalgar og mikroplastikk.
Norsk Polarinstitutt gjer jevnlige målingar av havisen i ulike område i Arktis. I Framstredet har polarinstituttet målt havistykkelse året rundt sidan 1997. Samtidig har ein hatt årlege tokt hit der ein har studert isprøvar frå området. Kombinasjonen av historiske data frå 1990-talet fram til no, altså nesten 30 år med havisdata, utgjer ein unik tidsserie, og kan fortelja om korleis havisen utviklar seg i Polhavet.
Kunnskap om havisen frå Svalbard-traktene er viktige for å få innsyn i dei klimatiske prosessane som føregår i området.
I lys av den globale oppvarminga aukar temperaturen dobbelt så fort i Arktis som i resten av verda. Havisen blir mindre i areal og tynnare, som neste runde har konsekvensar for ei rekke isavhenging artar, alt frå ørsmå isalgar i havet til isbjørn og sjøfuglar.
Smelta for klimaforskinga ?
Dei tre skuleelevane synest at dei så langt har lært mykje av å arbeida med ein klimaforskar. Fristar det å sjølv bli klimaforskar ein gong i framtida ?
– Det veit vi ikkje heilt enno, svarer gutane.
Dei er glad for at dei fekk berga skuleoppgåva til presentasjonen under konferansen som er rett rundt hjørnet.
– Tusen takk til polarinstituttet som tok i mot oss, og viser oss korleis og kvifor dei jobbar med iskjernar, seier Snorre Bergland.
…
Til info: Norsk Polarinstitutt er seniorpartnar i Arctic Frontiers.
Torgny Vinjes is- og klimalaboratorium
- Oppkalla etter polarforskar Torgny Vinje (1929-2015)
- Vinje var fødd i Mandal og cand.real. frå Universitetet i Oslo i 1956 med meteorologi som hovedfag.
- Var ein markant forskar ved Norsk Polarinstitutt i ei årrekke.
- Deltok på polarinstituttets treårige overvintringsekspedisjon Norway Station, og kom tilbake med verdifulle observasjonar og til ein lang forskarkarriere innanfor is og klima.
- Frå 1964 var Vinje på årlege forskingstokt.
- Vinje initierte mellom 1960- og 1990-talet systematiske målingar av havistykkelse i Barentshavet og Framstredet. Desse er to av Norsk Polarinstitutts lange tidsseriar, med stor verdi for forskinga, og dei blir framleis oppdaterte årleg.
- I laboratoriet blir det opparbeidd og analysert is og snøprøvar frå Arktis og Antarktis.
- Sjølve laboratoriet er delt inn i tre rom. Eit rom for iskjernar og snø frå isbrear og innlandsis og eit rom for iskjernar og snø frå havis, i tillegg finst eit større fryselager for is- og snøprøvar.
- Temperaturen kan tilpassast ulike analysar, men typisk arbeidstemperatur er cirka 15-20 kuldegrader.
- I tilknyting til laboratoriet er det eit våtrom der forskarar kan arbeida med smelta prøvar frå is og snø, førebu eksperiment og dokumentera analysar knytt til ulike klima- og miljøstudiar.