Komiteen for polare stadnamn har godkjent fleire nye namn i området rundt Kongsfjorden på Svalbard.

BRIKKENE Bilete av fjella som har fått nye namn i området Brikkene i Kongsfjorden, er teke hausten 2023. Dette er tre fjell som ligg bak Ossian Sars og Kongsbreen. Fjellet lengst mot sør er Havhesten, fjellet som ligg i midten er Snipa, og fjellet lengst mot nord er Plytten. Foto: Geir Wing Gabrielsen / Norsk Polarinstitutt. Foto: Geir Wing Gabrielsen / Norsk Polarinstitutt
Blant dei nye namna er tre fjelltoppar i området Brikkene, som har fått fugleinspirerte namn: Havhesten, Snipa og Plytten. Alle tre artane hekkar i nærleiken, og namnevala følgjer ein etablert tradisjon på Svalbard.
– Fuglenamn er mykje brukt, særleg i område der artane har ei tydeleg tilknyting, seier leiar for stadnamnkomiteen, kartograf Oddveig Øien Ørvoll ved Norsk Polarinstitutt.
Forslagsstillar for namna er den erfarne fugleforskaren Geir Wing Gabrielsen, som har drive feltarbeid i Kongsfjorden kvar sommar i over førti år. Gjennom eit langt forskarliv har han opparbeidd seg inngåande lokalkunnskap, både til lands og til havs. I dag er han pensjonist, men engasjementet for fuglelivet og naturen i nord er framleis sterkt.
Wing Gabrielsen er glad for å ha fått godkjenning frå namnekomiteen for nye namn i Kongsfjorden.
– Etter mange år med arbeid i denne fjorden har eg sett at fleire fjell og vatn ikkje hadde stadnamn. Etter gjennomgang av ulik litteratur frå området har eg kome fram til dei forslaga som no er godkjende av Stadnamnkomiteen.

POLARE STADNAMN Namnekomiteen består av Ivar Stokkeland (f.v.), Anne Urset, Per Kyrre Reymert, Oddveig Øien Ørvoll (leiar) og Winfried Dallmann. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt
Nye landområde smeltar fram
Norsk Polarinstitutt har ansvaret for stadnamnforvaltninga på Svalbard og i det norske kravområdet i Antarktis, Dronning Maud Land. Arbeidet byggjer på lange tradisjonar der historisk bruk, naturgrunnlag og systematikk står sentralt. Stadnamnkomiteen møtest fleire gonger i året for å vurdere mellom anna forslag til nye namn.
– Målet er ei konsekvent og kunnskapsbasert namngjeving som speglar landskapet og gjer karta meir presise og nyttige for forskarar, forvaltning og ferdsel i dei norske polarområda, seier Ørvoll.
Over tid har mange stader fått namn gjennom dette arbeidet, men framleis finst det område som står utan namn. Klimaendringane bidreg òg til dette, ved at smelting av is avdekkjer nye landområde som må kartfestast.

GARWOODSKÅLA Mellom isbreen Kongsvegen og Fatumbreen i Kongsfjorden ligg Garwoodtoppen og Garwoodhaugane. Sør for Garwoodtoppen og aust for Garwoodhaugane ligg eit sirkelforma vatn som no har fått namnet Garwoodskåla. Foto: Geir Wing Gabrielsen / Norsk Polarinstitutt
Namnetradisjonen på Svalbard
I tillegg til fuglenamna i Brikkene foreslo Gabrielsen fleire namn som også er godkjende. Eit rundt vatn mellom Kongsvegen og Fatumbreen har fått namnet Garwoodskåla. Namnet viser til forma på vatnet, og følgjer den vanlege namnetradisjonen på Svalbard med skildrande etterledd som «-skåla», «-dalen» og «-breen».
Komiteen har også godkjent namnet Kløyvden på eit markert fjellplatå i same område. Formasjonen ligg innanfor Olssønfjellet, men er både tydeleg og godt synleg frå fjorden.
– Kløyvden er eit treffande namn for ei delt form, og slike karakteristiske trekk er ofte utgangspunkt for namngjeving, seier Ørvoll.
I tillegg er Nordvågvatnet no stadfesta som offisielt namn. Flyfoto viser at vatnet har eksistert i over 90 år, og dokumentert bruk over tid veg tungt i vurderingane.
Vedtaket inneber at følgjande namn no er godkjende i Kongsfjordområdet: Havhesten, Snipa, Plytten, Garwoodskåla, Kløyvden og Nordvågvatnet.

KLØYVDEN OG NORDVÅGVATNET På nordsida av Blomstrandhalvøya, mellom Olssønfjellet og Nordvågfjellet, og mellom den sørlege delen av Blomstrandfonna og nord for Nordvågdalen, ligg eit fjell/område som no har fått namnet Kløyvden, og vatnet nedanfor Kløyvden har no fått namnet Nordvågvatnet. Foto: Norsk Polarinstitutt
Polare stadnamn
- Norsk Polarinstitutt vedtek stadnamn i norske polarområde (Svalbard, Jan Mayen og norske område i Antarktis).
- Alle norske stadnamn er samla i ein open, søkbar database med informasjon om historie og opphav.
- Stadnamn i polarområda skal ha nynorsk språkdrakt, uansett målform i teksten.
- På Svalbard skal namna vere norske.
- I Antarktis blir ikkje norske og britiske stadnamn omsette, etter ein avtale frå 1974.
- Meir om polare stadnamn.
