I år er det 65 år sidan Antarktistraktaten trådde i kraft, ei unik internasjonal avtale som framleis legg rammene for aktivitet på det isdekte kontinentet i sør.

NOREG I ANTARKTISTRAKTATEN I 1959 vedtok dei tolv landa som hadde vore sentrale i Antarktisforskinga under Det internasjonale geofysiske året (1957–58), Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Japan, New Zealand, Noreg, Sør-Afrika, Sovjetunionen, Storbritannia og USA, Antarktistraktaten som eit overordna internasjonalt rammeverk for forvaltinga av Antarktis. Traktaten trådde i kraft 23. juni 1961, og er open for alle medlemsland i FN. Dronning Maud Land utgjer om lag ein sjettedel av det antarktiske kontinentet og er nesten sju gonger så stort som Noreg. Området vart annektert av Noreg 14. januar 1939, og er oppkalla etter dronning Maud av Noreg (1869–1938). KART: Norsk Polarinstitutt
Antarktistraktaten, som vart gjeldande 23. juni 1961, regulerer området sør for 60 grader sør og sikrar at Antarktis berre skal nyttast til fredlege føremål. Ho legg til rette for internasjonalt samarbeid om forsking og set til side territoriale krav, slik at ingen stat eig kontinentet.
Samarbeidet under traktaten har bidrege til å halde Antarktis utanfor politiske konfliktar, samstundes som det har lagt grunnlaget for eit omfattande vitskapleg samarbeid og styrkt vern av eit sårbart miljø.

VIA TIL FRED Antarktistraktaten slår fast at kontinentet skal vere fritt for militær verksemd, kjernefysiske prøvesprengingar og lagring av radioaktivt avfall. Samstundes gir avtalen medlemslanda rett til å inspisere kvarandre sine aktivitetar og installasjonar, for å sikre at prinsippa i traktaten blir følgde. På biletet er programleiar Birgit Njåstad frå Norsk Polarinstitutt ved Norsk institutt for luftforsking (NILU) si installasjon nær den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt
– Antarktistraktaten står i dag som eit viktig døme på korleis land kan samarbeide om å forvalte eit område utan avklart eigarskap, til beste for fellesskapet, sier programleder for Antarktis, Birgit Njåstad ved Norsk Polarinstitutt.
Noreg er ein av dei opphavlege partane i traktaten og spelar ei aktiv rolle gjennom forsking og forvalting, mellom anna via Norsk Polarinstitutt.
I dag er 58 land partar i Antarktistraktaten, som opphavleg vart signert av 12 statar: Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Japan, New Zealand, Noreg, Sør-Afrika, Storbritannia, USA og Sovjetunionen (no Russland).
Sidan 1959 har ei rekkje andre land slutta seg til avtalen, slik at traktaten i dag samlar eit breitt internasjonalt fellesskap om forvaltinga av Antarktis.
For vidare lesnad: Forutsetninger for Antarktistraktaten
Hovudpunkta i Antarktistraktaten:
- Antarktis skal berre nyttast til fredlege føremål, og all militær aktivitet er forbode
- Det er eit grunnprinsipp at det er fritt fram å drive forsking i Antarktis
- Internasjonalt samarbeid om forsking skal fremjast gjennom utveksling av planar, forskarar og resultat
- Alle territoriale krav er sette til side, og nye krav eller utvidingar er ikkje tillate
- Kjernefysiske testeksplosjonar og lagring av radioaktivt avfall er forbode
- Alle stasjonar og alt utstyr kan inspiserast av observatørar frå traktatpartane

