Det første forskingstoktet til Polhavet 2050 kom fram til Nordpolen fredag, fire dagar før planen. Toktleiar Paul Dodd seier det er mindre is enn dei trudde og at turen opp gjekk overraskande lett.
– Vi kunne for det meste køyre i ope farvatn rundt isflaka. Vi brøyt nesten ikkje is i det heile, held han fram.

Vêrhardt: Forskarar i arbeid på isen under toktet. Foto: Vegard Stürzinger / Norsk Polarinstitutt / Polhavet 2050
FF Kronprins Haakon var i området rundt Nordpolen i eit døgn. Forskarane om bord tok prøver av isen og det som lever på og under isen. Gjennom samarbeidet i Polhavet 2050, har forskarane no med seg nytt spesialutstyr, mellom anna eit kamera som kan ta høgoppløyte bilete av dei minste dyra og plantene som lev i isen – zooplankton og fytoplankton.
– Då kan vi sjå korleis næringskjedane i isen endrar seg når istypen vert annleis og temperaturane stig, seier Dodd.
Etter å ha segla over toppen av verda, sette FF Kronprins Haakon kursen vestover i retning Canada. Dei vil då reise lenger vest enn noko anna norsk forskingstokt av denne typen har gjort.
Toktet starta 23. juli frå Longyearbyen, og skal vare i 50 dagar.
Les om prosjektet Polhavet 2050

DELTAKARANE: Glade forskarar, teknikarar og mannskap på FF Kronprins Haakon. Foto: Vegard Stürzinger / Norsk Polarinstitutt / Polhavet 2050
Polhavet og Polhavet 2050
- Polhavet er i rask endring som følgje av klimaendringane.
- Innan få tiår er det venta at sommarisen i stor grad vil vere borte.
- Samstundes skjer det omfattande endringar i økosystem, havstraumar, klima og naturressursar. Dette vil påverke både menneskeleg aktivitet, samfunnsutvikling og den geopolitiske situasjonen i Arktis.
- Polhavet 2050 er eit tiårig, tverrfagleg forskingsprogram som samlar 18 norske forskingsinstitusjonar.
- Prosjektet skal utvikle ny kunnskap om korleis Polhavet endrar seg, og om konsekvensane for natur, samfunn og næringsliv.
- Målet er å bidra til eit solid kunnskapsgrunnlag for framtidig forvaltning og berekraftig bruk av havområda i Arktis.
